IMDb: 6.3/10 (27,681 votes)
Bruce Willis er mannen som må redde dagen i ein fartsfylt science-fiction spenningsfilm sett til år 2054.
Me blir introdusert for eit samfunn som har delt seg i to, dei som har omfamna det teknologiske framsteget som gjer det mogleg å leve livet gjennom fjernstyrte robotar, og dei som held seg i ein isolert bydel utan teknologien. Bruce Willis er del av den førre gruppa, og er politimann i ein idyllisk by, fri frå lovbrot.
Frå byrjinga av legg filmen tydeleg opp til at Willis etter kvart vil snuble over eit problem, som sender han på hovudet inn i eit ukontrollerbart helvete. Han vil naturlegvis stille spørsmål til om livet levd gjennom eit surrogat, som dei fjernstyrte robotane blir kalla, er eit fullverdig eit. Sånn går filmen, utan noko overraskingar, men med dei føreseielege vendingane.
«Surrogates» er trass i eit tynt plott, smått underhaldande som spenningsfilm. Problemet er i størst grad forsøket den gjer på å framstå som kritisk til teknologisk vinning. Med sitt uskuldige forsøk verkar den både datert og lite dømmande, mangelen på ei sterk kritisk stemme forsvinn i at «Surrogates» skal ha med litt om alt, og endå meir spesialeffektar.
Resultatet av det mislykka forsøket på å stake seg ut ei tydeleg retning, er då likevel ein gjennomsnittleg studiofilm. Den kan fungere om dagsformen er ukritisk, og heimekinoen maktar å ta overhand over sansane dine, med dei påkosta bilde- og lydeffektane som «Surrogates» har.
Eg merkar at i løpet av den månaden som har gått sidan eg såg filmen, så har inntrykket mitt av den gradvis forverra seg. Det er ein heilt kurant film, men du vil med liten innsats lett finne ein science-fiction som har både ei god kritisk stemma og god action. «Strange Days» frå 1995 er ein av mange som kan anbefalast.
6/10
IMDb: 6.7/10 (11,713 votes)
Jeff Taylor og kona er på flyttflott og har valgt «the scenic route» på veg mot California, dette inneber avsidesliggande småbygder og kriminelle hillbillies. Jeff som er spelt av Kurt Russell er den sjølvskrivne helten når sjangerbeskrivelsen er action og thriller. Kona blir kidnappa når lokale tilbyr hjelp ved eit uheldigt motorstopp Jeff og kona får med den splitter nye bilen sin, og han må ta saken i eigne hender.
.. såg eg filmen? Kurt Russell er kul, det er det ingen tvil om, filmen har fått greie tilbakemeldingar og handlinga virka spennande og enkel nok til å gjere «Breakdown» ein filmkveld verdig med dei rette forventingane knytt opp mot den. Thriller i ingenmannsland med hillbillies og høg biltemperatur er likandes i desse kretsar.
«Breakdown» byr ikkje pÃ¥ dei store overraskingane i oppbygginga, men blir aldri tÃ¥peleg eller irriterande pÃ¥ grunn av den dels forutsigbare retninga filmen tek. Det ligg i korta at Jeff hamnar i ein hÃ¥plaus situasjon og at me mÃ¥ følge denne ei lita stund før konfrontasjonen med skurken stÃ¥r for døra. Med sine 90 minuttar blir strengt tatt ingen av sekvensane for lange og det er eit godt driv heile vegen. Originalitet er vanskeleg Ã¥ knyte til «Breakdown», truverdigheit mot sjangeren derimot… Første del er tam i blant, det kunne ha vore bygd meir opp rundt stemningae, men det blei heller aldri kjedeleg.
.. skal du sjå filmen? Vel, du treng strengt tatt ikkje gjere det, men synst du derimot det over talar til fordel for filmen er jo saken grei. Kurt Russell spelar ikkje den mest spennande karakteren, sett i kontrast til Snake Plissken («Escape from New York», «Escape from L.A.»), men styrer friskt unna å ende opp som den verste stereotypen eg gjerne knyttar til denne type film, altså «mannen som i ein pressa situasjon plutseleg blir verdens mest hardbarka og erfarne actionhelt».
Mangel på originalitet, på sterkare stemningsbygging og på spennande karakterar er med å halde karakteren godt under tretoppen, dessutan blir eg aldri skremt eller forstyrra av skurken spelt av J.T. Walsh. Ingen spesifikke ting der å sette fingeren på som negativt, så det var sagt, men heller ingen 10-poengar på magekjensla. Når det kjem til dei verkeleg spennande delene av filmen er det høg nok adrenalinfaktor til at eg køyrer på med ein sterk 6 av 10.
6/10