25 episodar.
«Gossip Girl» har eit problem, dette problemet er at første sesong var god. For at tenåringssåpe/drama skal vere bra må det skje ting, ting er som regel forhold. Lykkelege forhold er kjedeleg, difor må folk slå opp. Interne romansar blir fort tynne, eksterne blir sjeldan så gode. Sånn tryna «The O.C.», der som i «Gossip Girl» viser andre sesong teikn til nedtur. Eg mista litt taket utover i sesongen, men sesongfinalen gav ein liten dytt i ryggen, og eg kan tru og håpe at dei med college neste år tek serien vidare. Spin-offen derimot virka relativt døv.
18 episodar.
Visse forventingar var knytta til «Gossip Girl», eg har nytta sjansen til å skrive om serien tidlegare her på Filmdagbok og dei som har lese dette har kanskje fått med seg at eg nemner den som ein av to nye seriar av Josh Schwartz, mannen bak «The O.C.», den andre er «Chuck». «Gossip Girl» er basert på ein bokserie om intrigar blant den øvre klassen i New York, det vere ungdommane i denne klassen. Serien er ei såkalla tenåringssåpe og tek på mange måtar drama likt det i «The O.C.» og bygger rundt dette i ein ny setting. Her er det mindre komedie og meir alvor, men det hindrar ikkje serien i frå å vere morosam, lett og ledig heller, eg vil ikkje overdrive forskjellen. Schwartz har forhåpentlegvis lært av feila han gjorde utover med «The O.C.», dette var ein av utgongspunkta eg hadde for å sette i gong med «Gossip Girl», eg forventa godt tenåringsdrama og det har serien levert i massevis av, karakterane er fantastisk enkle å definere i tillegg til at dei har nok av komplekse sider som gjer dei interessante utover innleiinga, samtidig spelar miljøet ei så stor rolle at eg forventa dette ikkje vil dø ut i starten av andre sesong, slikt «The O.C.» gjorde.
16 episodar.
Fjerde sesong av «The O.C.» blei kortare enn normalt. På grunn av synkande sjåartal så FOX seg nødt til å sette streken. Etter mi meining skjedde dette altfor seint. Sjølv om eg no har brukt tid på å sjå dei siste 16 episodane.
Åtvaring, avsløringar følger!
Etter at Marissa døydde mot slutten av forrige sesong har serien gått inn i ein fase der svært lite av handlinga er særleg spennande. Eg vil påstå at allereie ut i andre sesong såg me teikn på at «The O.C.» gjorde seg best som ny.
Gamle metodar blir brukt igjen og igjen, og dei parodiske vendingane på typiske såpeseriar er ikkje lenger overraskande, men forutsigbare. Plusset er at skaparane har sjølvironi omkring produktet dei lagar. Humoren og det sentimentale rundt det faste følget reddar serien. Seth Cohen (Adam Brody) vil bli hugsa som slapp ungdom med sarkastisk tunge, og denne skodespelaren vil forhåpentlegvis gjere det bra i filmen «In the Land of Women».
Siste episode er kanskje den mest avsluttande episoden eg har sett i nokon serie. Her blei det pøsa på med tidshopp og lykke i massevis. Så mykje at ein sjølverklært ikkje-lenger-stor-fan fekk klump i halsen.
25 episodar.
For dei som har sett «The O.C.», så er «sorry» eit av dei orda som går igjen og igjen. Men i denne forbindelsen beklaga eg meir til meg, for meg. For første halvdel av sesongen såg eg på eit vekeleg basis, noko som var ein stor tabbe. Det var noko av det kjedelegaste eg har sett, eg måtte rett å slett gi opp. Når sesongen var ferdig derimot, gjorde eg det på den måten eg blei kjent med serien på gjennom, eg såg alt i løpet av få dagar. Og det blei faktisk bra. Eg trudde serien hadde mista mykje av ånden, men det er framleis nok igjen til at det er underhaldande.
24 episodar.
Alt i alt så var sesong to ein skuffelse, full i fillers og fanservice. For mykje fanservice altså. Sesongavslutninga gav meg ikkje den same trykkande stemninga som den til sesong 1. Så eg er heller skuffa, eg såg fram til noko så mykje betre. Når eg høyrte at Jimmy skulle komme tilbake så forventa eg så mykje meir at eg ikkje visste kva eg forventa. Eg hugsa Jimmy som ein kul fyr, men som hadde seriøse problem. No når han er tilbake er han brått god venn av familien igjen, og alt er bra, det stemmer ikkje heilt! Gravferda til Caleb var ikkje særleg heller, han fortente betre, så viktig som han har vore for serien. Han brukte å vere den onde mannen på ein god måte, men blei for tam utover denne sesongen.
Og er Ryan blitt bølle igjen? Argh, eg føler eg ikkje kan skrive meir, eg føler det er bortkasta tid. «The O.C.» er dømt til å repetere seg sjølv, og eg skulle heller ha venta til sesongen var ferdig før eg fann på å sjå den. Det var slik eg gjorde det med første sesong. Det gjer ein serie så mykje betre!
27 episodar.
Ein av dei betre TV-seriane eg har sett, eg klarte ikkje å stoppe når eg var i gong med den. Eg måtte berre sjå neste, og neste, og neste, og så var eg plutseleg ferdig med dei 27 episodane. Ein skal sjå lenge etter ein like god serie i same sjanger. Veldig god humor og bra drama!