Knocked Up (2006)
User Rating: 8.0/10 (34,673 votes)
Judd Apatow har gjort seg bemerka med tv-seriar som «Freaks and Geeks» og «Undeclared» og komedien «The 40 Year Old Virgin» frå få år tilbakes. I år er han meir aktuell enn nokon gong, som produsent for «Superbad» og regissør for denne filmen.
«Knocked Up» er eit romantisk og komisk drama om to svært forskjellige folk som blir fulle og etter eit effektivt one-night-stand har skapt rota for eit nytt liv. Uønska. Forskjellen til tross, både innan karriere, livsstil og bevisstheiten for sitt eige utsjåande. Dei gir forholdet eit forsøk.
Den einaste kritikken eg har høyrt omkring filmen har komme frå folk som ikkje skjønnar korleis ei så pen jente kan finne på å ha seg med, og iallfall ikkje forsøke å danne eit forhold med, ein rufsete bamse som Seth Rogen representerar her. Tull og overfladisk tenking! «Knocked Up» er lagt opp på ein anna måte enn å bli vurdert slik. Noko som kjem klart fram i både val og behandling av temaet, graviditet. Vidare kan ein sjå at dei velkjente stereotypane frå komediesjangeren blir utfordra, men likevel bevart. Resultatet er ein film som virkar meir reell, men samtidig er ein god og ekte komedie utan å bli tragikomisk.
Som det kjem fram her er eg meir ute etter å forsvare enn å kritisere filmen. Gjennom dei siste månadane har eg blitt ganske så glad i anna arbeid som Judd Apatow har bidrege med, både som skapar, regissør og produsent. Difor kjenner eg óg igjen fleire av birollane her, som gjer at filmen skapar sin eigen dimensjon. På mange måtar er den eit samlepunkt desse folka, med fleire vitsar for dei innvia, utan å gå på bekostning av eit generelt publikm. Eg ser ingen grunn til at denne filmen ikkje skal vere god for andre. Forvent berre ei litt anna, kanskje litt meir seriøs behandling av komedien som underholdningsfilm.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Tre episodar ut i serien tenkte eg: “Vel, dette er bra, men det manglar noko her”. Det som mangla var å sjå resten av serien, for dette blei jo stadig betre.
Det har blitt mange gjensyn i helga, og denne filmen føyer seg i rekka, på datoen 11 månader etter forrige gong eg såg den.
(0 hittil)