IMDb: 7.2/10 (6,833 votes)
Luke nr. 24. Tolv år etter den kjekke julemusikalen «Holiday Inn» med stjernene Bing Crosby og Fred Astaire, er Crosby tilbake i omgivnadane frå «Holidayy Inn». Songen «White Christmas» blei ein braksuksess i 1942, og er blitt tittelsporet til denne nyare julemusikalen der partneren til Crosby er den solide songaren Danny Kaye.
Historia er i all hovudsak knytt gjennom showet til Wallace og Davis, karakterane til Crosby og Kaye. Songarinnene og søstrene Haynes, spela av Rosemary Clooney og Vera Ellen, dukkar opp som kjærleiksinteresser, mens hovudtråden dreiar seg omkring etterkrigstida for soldatar av 151. divisjon.
Med «Holiday Inn» i minne frå desember i fjor hadde det vore lett for meg å ta den fram som den beste, sidan eg akkurat har gløymt nok til at det beste sit igjen. For å vere rettferdig seier eg som så at «White Christmas» er ein flott musikal med gode songar, stemning og romanse, og at ei samanlikning får vere opp til den enkelte.
I tillegg til «White Christmas» byr filmen på fleire songar som sit som støypt, mykje takka vere fråveret av redselen for gjentaking av fengande refreng til allereie framførte songar utover i filmen, men det er ein god ting å sitje og nynne til. «Sisters» som framført av Clooney og Ellen er verdt å trekkje fram, ved sidan av hyllinga av general. Det meste er til å like, sjølv om ikkje alt kan vere perfekt.
«White Christmas» har ikkje fått heidersplassen i julekalenderen av nokon spesiell grunn, og blei faktisk ikkje bestemt før vesle julaftan. Valet er likevel eit eg er nøgd med, ved sidan av å vere ein fin film, ein fin julefilm, og gi meg eit par nye klassiske gladsongar å søke opp, gav den meg lyst til å sjå igjen både «Holiday Inn» og leite fram andre perler i same sjanger.
8/10
IMDb: 7.7/10 (2,155 votes)
Luke nr. 23. Dette er den tredje og siste varianten av «Christmas Carol» av Charles Dickens i denne julekalenderen, og den kortaste av dei.
I «Mickey’s Christmas Carol» er det naturlegvis Skrue McDuck som er Ebenezer Scrooge. Han er ein gniten misantrop som ikkje likar julefeiring, og til dei grader let det gÃ¥ ut over andre. SÃ¥ fÃ¥r han besøk av ein død kompanjong, og sidan tre spøkelse, før filmen rundar av. Punktum.
Det er fleire grunnar til å like denne versjonen. Disneyfigurane er livlege og humoristiske, noko som står godt til den kalde, 1800-tals vintervinden. På under halvtimen blir det ikkje plass til lange scener, men det er ingenting som manglar for å gjere dette til ei fullført historie. Tempoet er raskt, slik eg kjenner igjen Mikke og Donald frå film, og godt er det. Ei historie som er fortalt så mange gonger før, skadar det ikkje å ha ein kort versjon av.
7/10
IMDb: 8.0/10 (70,747 votes)
Luke nr. 22. «Brazil» er ein av desse filmane som ikkje er ein skikkeleg julefilm, om ikkje det at handlinga går føre seg rundt juletider er det einaste kravet. Men for å få litt variasjon i kalenderen så strekker eg dry sopass langt.
Terry Gilliam har laga ein film som ikkje berre utnyttar samtidige dystopiske filmar for god humor, men som også har noko den vil sei sjølv. Dette er ein kritikk mot det firkanta byråkratiet, om enn ein morosam, så kritikk alle nok vil legge merke til.
Jonathan Pryce er mannen i hovudrolla som har funne seg til rette i ein av tusenvis av anonyme papirjobbar som samfunnet her består av. Heile handlinga og framtida til karakteren til Pryce har utspring i ei feilstaving på eit skjema i byrjinga av filmen, som ei fluge har vore årsaka til. Denne sekvensen er i grunn heile poenget til filmen sett på spissen, med eit så strengt byråkrati blir den personlege berøringa undertrykke.
«Brazil» er morosam, vellaga og er både god underhalding samtidig som den har nokre poeng. Det er ikkje fullt ei så mørk dystopisk forteljing, men det spelar ingen rolle at kritikken er beinhard, til det har me mellom anna «Nineteen eightyfour». Det som gjer at «Brazil» ikkje fortener ei pallplassering er at den blir for lang, trass i mykje historie å gripe tak i. Det er spesielt nokre av draumesekvensane til hovudpersonen som dreg ut, slosskampen mot monsteret som i grunn ikkje er så altfor spennande eller givande, uansett den symbolske verdien.
Filmen er god, men ikkje topp. Som julefilm er det i grunn lite å sei om den, dei kjem innpå at handlinga går føre seg rundt juletider eit par stader, det er alt. Men eg hadde lyst på eit gjensyn, så her er den.
7/10
IMDb: 6.7/10 (19,818 votes)
Luke nr. 21. «A Christmas Carol» av Charles Dickens er gjort i mange variantar, og etter å ha sett «Scrooged» slår det meg at komediane gjerne er dei som leverer best. Mellom anna «The Muppet Christmas Carol», og no denne.
Bill Murray er Scrooge, som går under namnet Frank Cross i denne filmen. Han styrer TV-nettverket IBC og er ein mektig kar som ikkje går i vegen for å behandle folk under seg som drit. Rundt juletider og under ein førebuingane av eit direktesendt «A Christmas Carol»-skodespel får han sjølv besøk av dei tre spøkelsa frå denne historia.
«Scrooged» er med Bill Murray i hovudrolla, naturleg nok ein komedie, ein morosam ein. Den er ikkje fullt så tåpeleg og enkel som ein del anna komedie Murray gjorde på 1980-talet, «Ghostbusters» ekskludert. Den tek seg nok fridomar frå historia den er basert på til at det blir kjekt å sjå på, og ikkje berre ein anna repetisjon av det klassisk verket til Dickens.
Alt i alt er dette ein av versjonane av «A Christmas Carol» eg kan like, utan at den er nokon klassikar i seg sjølv. Men den blandar humor på ein fin måte i lag med sentimentaliteten og verdiane Dickens framhevar.
7/10
IMDb: 7.8/10 (463 votes)
Luke nr. 20. Den ihelklippa versjonen av «Med Grimm og Gru», dubba til engelsk, er eit gullkanta eksemplar av alt som er korrekt ved filmskaping. Einskilde vil nok påstå dette er ein god film fordi dei rett og slett ikkje veit betre etter å ha sett den tusen, eller iallfall 19 gonger på NRK rundt juletider. Men tradisjon er årsaka til at denne festlege rockemusikalen blir meir enn berre festleg.
No skal det seiast at «Med Grimm og Gru» var laga for å bli dubba, og at det er feil å kalle den ihelklippa versjonen mindre original enn den rumenske med russisk tale. Forskjellen mellom desse to, og då gløymer eg fullstendig ut å dra fram den franske versjonen, skal vere at den engelskspråklege har mindre tale og meir synging, mens den russisktalende har meir taleprega synging og eit par ekstra scener som har blitt borte i omklyppefasen, og ført med seg nokre små, logiske brester. Det får no så vere.
Frå fakta til filmen, som med sine brå overgangar byr på nok av både ufrivillig og skikkeleg humor. Dagen etter visning har den klassiske «Mom is home» gått på repeat i skallen heile dagen, så songane er det ingenting feil med. «Med Grimm og Gru» på i tillegg på isdans av ypparste sort. Men tilbake til klyppearbeide, som ved sidan av fantastisk skodespel gir filmen ein sjarm, så varm, så varm. Det er vanskeleg å tenkje seg til at ein meir forseggjort redigeringsarbeide ville ha fått til det same resultatet. At versjonen som blei vist på kinoen er snitta ut til 4:3 frå 2.35:1 byr ikkje på mindre enn eit konstant tap på informasjon.
Midt oppi eit lurveleven av teknisk galskap, der det må bli engelskmannen som kan skuldast å ha ei flaske vodka i handa under finpussen, eller la og sei pussen, skin likevel «Med Grimm og Gru» så tydeleg fram som ein hurrafestleg rockemusikal, eventyrkomedie eller filmkarneval. Det er ingenting å utsetje på filmen for ein som ser den første gong heller.
7/10
IMDb: 7.9/10 (1,316 votes)
Luke nr. 19. Frå 1974 kjem ein dukkeanimert TV-spesial med julenissen og fru julenisse. Førstnemnte har blitt forkjølt og lid ekstra under inntrykket av at ingen trur på han lengre. Fru julenisse sender ut eit par av hjelparane hans for å fyre opp igjen julestemninga.
Animasjonen er det mest sjarmerande med «The Year Without a Santa Claus», som ikkje leverer meir enn ei relativt standard forteljing om å redde jula. Filmen er uskuldig og manglar brodd, men lykkast i å vere ei fin barneforteljing med fleire interessante karakterar og eit univers med større potensiale, som hevar interessa mi for det heile.
Ikkje alle historietrådane som blir byrja på blir fortalt ferdig, noko eg ikkje har noko i mot. Den tilsynelatande veldig avsluttande og lykkelege slutten blir meir enn som så når ein tek med desse trådane i vurderinga. Sidan eg rett nok ikkje er i målgruppa, då eg ikkje har nokon tradisjon med å sjå denne barnefilmen, er det fint å kunne ha moglegheita til å sjå på det einskilde vil kalle logiske brestar som udefinerte moment.
6/10
IMDb: 7.5/10 (4,639 votes)
Luke nr. 18. Denne spanske saken som har blitt oversett til «The Day of the Beast» snik seg sovidt inn i julekalenderen, ettersom handlinga går føre seg på julaftan.
Ein teolog som gir seg ut for å vere prest har funne ut at djevelen vil stige fram 1. juledag, og må utføre vonde handlingar for å kome i kontakt med han og stoppe han. I jakta på fødestaden til den komande djevelen får han hjelp av ein feit satandyrkar og programleiar for eit populært TV om overnaturlege fenomen.
Herleg brutal utan å ty til mengder blod eller nakne, torturerte kroppar, «The Day of the Beast» er ei lita spansk skrekkomisk perle. Tidvis ganske tåpeleg, men alltid med brodd og utan å bry seg med skjebnen til karakterar som dukkar opp i filmen. Midt oppi avfyring av hagler og frammaning av djevelskap har eit mysterie eller ei gåte fått plass, som med denne friske innpakninga glatt overgår ein film som f.eks. «Da Vinci-koden».
Julestemning? Nei, men kven bryr seg.
6/10
IMDb: 8.1/10 (590 votes)
Luke nr. 17. Pusur eller Garfield er i likskap med «A Charlie Brown Christmas» ein kort animert TV-spesial som blei sendt på for ei stund tilbake sidan og som i ettertid har blitt tradisjon, om ikkje i Noreg (?) så iallfall over dammen. Eg har heller aldri sett Garfield animert før eg såg denne spesialen, men alltid vore nysgjerrig, berre ikkje nok til å gjere noko med det.
Forholdet mitt til «Garfield»-striper i aviser og blad er svakt, eg les det eg kjem over, synst cirka halvparten er artig, men har aldri kjøpt eit Garfield-blad eller gått inn for å oppsøke folk som har hatt sånt liggande. Iallfall ikkje bevisst.
Om spesialen kan vel følgjande bli sagt; at det heller ikkje her er den beste historia dei byggjer på, men heller ei forventing at folk har kjennskap til fiksjonsuniverset frå før, og kan le av og med karakterane – sett til ei koseleg julefeiringa. For litt koseleg er det, og litt humor når igjennom til ein gretten, skeptisk gubbe som meg òg, men altså, dette var nok ikkje meint å nå ut til meg.
IMDb: 6.3/10 (2,398 votes)
Luke nr. 16. Ikkje alle har det like kjekt til jul, mange er åleine og fleire har samlivsproblem som bles ekstra opp når det er meininga ein skal ha det ekstra bra. «Noel» tek for seg eit lite utval slike skjebnar, og gir dei håp i desse mørke tidene.
I dei mest sentrale rollane finn me Susan Saradon, Paul Walker, Penélope Cruz og Alan Arkin. Ingen leverer rollar verdt å bli Oscarnominert for, men alle solide nok for det filmen gir av forventingar. Av desse er det rolla til Saradon som blir den eg knyter sterkast til då ho, utan å oversjå dei andre sine problem, er den som fortener mest. Moglegheita til å lett knyte seg og spele på sterke sympatiske trekk i karakterane gjer at det er lett å bli rørt av filmen, men det er ikkje å nekte for at filmen ligg på kanten til å bli for sentimental, ikkje alt er lett å like, og noko moderne juleklassikar er det ikkje snakk om.
«Noel» er fin å setje på viss du vil ha eit godt og seriøst drama, men ikkje er ute etter tragiske juleforteljingar som dreg deg under. Den rundar av på fint vis, og det er det.
7/10
IMDb: 8.4/10 (9,080 votes)
Luke nr. 15. Mitt første møte med gjengen i «Knøttene» og eg føler godt at eg får med meg mange av tinga som utgjer denne serien. Det fell likevel ikkje meir enn sånn akkurat passe i smak. Både denne og andre eldre animasjonsfilmar har nok så sterke røter i juletradisjonar at det vanskeleg kan vere noko å hente ut av IMDb-rating for ferske for Charlie Brown som meg.
Charlie er deprimert og ser ikkje poenget med jula, det har litt med kommersialiseringa av jula å gjere, men meir med at Charlie er den personen som klagar. Sally prøver å hjelpe han ved og gjere han til ansvarleg for juleførestillinga, noko som endar i kaos då både han ikkje har det som skal til, og resten av ungane har konsentrasjonsnivå lik… barn.
Det skjer for lite her til at det blir artig nok, eg klarar ikkje sjå den store gleda i å vitne håplause ungar som ikkje gjer anna enn å repetere seg sjølv over ein halvtime. Blotta for humor er det derimot ikkje, eg synst blant anna at Snoopy er ein morosam hund og det er ikkje å nekte for at nokre av dei andre ungane òg glimtar til. Ein ny julefavoritt vil eg likevel sjå lengre etter.
5/10