The Christmas Wish (1998)

IMDb: 6.9/10 from 327 users

Tjuefjerde luke i julekalender 2011 er eit TV-drama med Neil Patrick Harris, Debbie Reynolds og Naomi Watts. Det er passande nok den mest sentimentale av alle bidraga til årets julekalender.

Neil Patrick Harris er komme tilbake til heimbyen. Han har fått permisjon frå jobben i New York grunna bestefaren sin død. Jula nærmar seg og han spør kva bestemora (Reynolds) ønskjer seg. Ho hentar fram ein gammal journal som bestefaren skreiv og viser til eit namn som står skrive, Lillian. Ho ønskjer å få vite kven det var.

The Christmas Wish handlar om å finne ut kven ein sjølv er, like mykje som å finne ut kven andre var og er. Det er ein film fylt med klisjear som fungerer. For eg som er kjent med Neil Patrick Harris frå dei siste åra er det uvant å sjå han i ei seriøs rolle. Men det gjorde meg skjerpa til å sjå om det seriøse fungerte.

Som eit studie i klisjefylt sjangerfilm er det eit lite Mekka. Men eg må òg innrømme at eg blei ganske rørt. Spesielt når filmen er på sitt mest sentimentale. At Harris får følgje av både Watts og Reynolds gir eit stjernepreg som eg set stor pris på. Filmen hadde ikkje vore den same utan.

Julaftan krevde ein spesiell film. The Christmas Wish blei eit tilfeldig bidrag til julekalenderen. Eg snubla over filmen medan eg gjorde forarbeid til innlegget om The Great Rupert, også kalla A Christmas Wish, og klarte ikkje motstå.

Per i dag er filmen del av ABC Family’s 25 Days of Christmas, ABCs nedteljing til jul pÃ¥ TV-nettverket. Han vart laga av Feature Films for Families i 1998 for Ã¥ sendast pÃ¥ CBS, og formatet er 1.33:1. Eit takk i rulleteksten etter filmen lyder slik: «Thank you for supporting films that lift the spirit and teach timeless values».

7/10

Twas the Night Before Mxymas (TV-episode)

Tjuetredje luke i julekalender 2011 er ein enkeltepisode frå TV-serien Lois & Clark: The New Adventures of Superman. 11. episode frå 4. sesong med tittelen Twas the Night Before Mxymas er ein lettversjon av Groundhog Day.

Ein skurk frå den femte dimensjonen kjem til Metropolis og vil ta over verda. Han får julaftan til å gjenta seg, og Supermann er den einaste som veit det. For kvar gong dagen startar på nytt mistar folk håp og glede meir og meir.

Som fan av Lois & Clark har eg sett episoden før, men det er nok nærare femtan år sidan. Likevel er dette den enkeltepisoden ut av alle seriar eg har sett som eg hugsar best. Til og med måten dei blei kvitt skurken på hugsa eg.

Twas the Night Before Mxymas passar godt inn i kalenderen sidan handlinga skjer på julaftan. Då det sentrale tema er håp blir det dobbel pott. Som brorparten av denne TV-serien fungerer episoden åleine. Men det er ein klar fordel om du kjenner karakterane frå før.

Eg kan vanskeleg rangere episoden på ein karakterskala. For meg er dette nostalgi, og det har sin eigen verdi. I julekalenderen i år har eg i størst grad oppsøkt usette filmar. Nostalgi og tradisjonar har difor fått liten plass. For mange er gjensyn med kjente filmar ein viktig del av tida rundt jul og nyttår. Sjølv om julekalenderen min ikkje speglar eit slikt bilde, er gjensyna noko eg sjølv set stor pris på. Men for meg har det størst verdi når det skjer på julaftan eller seinare, og helst på TV.

Refleksjonane fekk du i nest siste luke. I morgon er det julaftan, då kjem den siste julefilmen på Filmdagbok på ei stund.

Miracle on 34th Street (1947)

IMDb: 7.9/10 from 15,692 users

Tjueandre luke i julekalender 2011 handlar om å tru på julenissen, og om retten til å vere julenissen. Når ingen trur på at Kris Kringle (Edmund Gwenn) er julenissen så må ei rettsak til for å bevise det.

Miracle on 34th Street blei lansert i mai. Filmselskapet var overbevist om at filmen kunne tene meir som ein sommarfilm. Julenissen blei flytta bakerst på filmplakaten og kledd i normale klede. At filmen handla om jula blei ikkje nemnt i promoteringa.

Men Miracle on 34th Street er utvilsamt ein julefilm. Kris Kringle eller julenissen har teke seg ein tur til New York for Ã¥ fÃ¥ folk til og tru pÃ¥ han igjen. I byen skapar han glede for bÃ¥de smÃ¥ og store. Som julenisse pÃ¥ kjøpesenteret Macy’s blir han ein innbringande attraksjon. Men sjølvsagt trur ikkje folk at han er julenissen. At han stadig pÃ¥stÃ¥r det blir eit problem, og a blir til b blir til rettsak.

Gode erfaringar med eldre rettsakfilmar gjer at ofte lyser opp når ein film tek den vendinga. Også i Miracle on 34th Street blir det rom til gode monologar. Men vel så viktig for filmen er det å følje Kringle og folka rundt han. Kringle har ein effekt på folk, og kvardagen i førjulstida blir prega av små begiveneheiter.

Miracle on 34th Street føyer seg inn dei førnøyelege rekkjer og passar godt nære jul.

7/10

The Great Rupert (1950)

IMDb:6.4/10 from 316 users

Tjueførste luke i julekalender 2011 er ein film der pengar regnar frå over. I 2003 blei filmen fargelagt og fekk namnet A Christmas Wish. Det er den versjonen eg har sett.

The Great Rupert er så mangt, men først og fremst eit ekorn. Då den fattige eigaren Joe må flytte ut, slepp han Rupert laus i naturen. Rupert som trivdes i huset, flyttar tilbake på eiga hand. Same dag flyttar familien Amendola inn, like fattige folk som Joe. Men Amendola er heldige, ut av intet regnar det 1500 dollar.

Moralen til The Great Rupert er: Viss du lyg og håpar at pengar og rikdom skal dukke opp frå intet, så vil gode ting skje. Dette får meg til å like filmen. Filmar som ikkje skyr sannheiten om at løgn kan vere lønnsamt er ironisk nok ærlege. Det finst mange filmar som er inne på det same, men altfor mange som blandar karma inn. Karma er øydeleggande.

På overflata handlar The Great Rupert om eit julemirakel. Fattigfolk som opplever eit mirakel har større resonans rundt juletider. Eit tid då folk som har det bra får det betre, og kontrastane med dårlegare stilte blir større. Det blir difor lettare å svelge lykka i The Great Rupert.

Filmen er veva saman av songnummer, dansande ekorn i stop motion og ei kjærleikshistorie. Utført på ein trygg og enkel måte blir aldri The Great Rupert ei stor cinematisk oppleving. Det er òg lite av gleden og sorgen som smittar. Det emosjonelle stikk ikkje særleg djupt.

Eg nølar med å felle ein dom. Filmen var fin, men utbytte var lite. Det finst andre julefilmar eg heller vil anbefale. Men eit kanskje større poeng er at det finst langt fleire dårlege julefilmar enn denne

6/10

The Nightmare Before Christmas (1993)

IMDb: 8.0/10 from 100,630 users

Tjuande luke i julekalender 2011 er førjulsmarerittet til Tim Burton. Prosjektet var påtenkt allereie i 1982, men det tok ni år før filmen blei realisert.

Historia startar i Halloween-byen. Jack Skellington er graskarkongen og den mest skremmande skapningen i byen. Året rundt går med til planlegging av neste års halloween. Men åra har gjort Jack lei av høgtida. I flukt frå byen oppdagar han jula, og han vil introdusere den nye høgtida for medborgarane sine.

Stop-motion-regissøren Henry Selick og komponisten Danny Elfman var med å lage The Nightmare Before Christmas. For filmen betyr dette kvalitet. Selick har fått fram visjonen som utan tvil er Burtons. Elfman har treft med stemningsbyggande musikk, og bidreg òg som Jacks songstemme.

På korte 80 minuttar får du ein høgtidsfilm som passar både jul og halloween. Animasjon som uttrykksform har alltid passa rundt juletider for meg. Jon Blund i adventskalenderen Jul i skomakergata, Disney-filmar og Flåklypa Grand Prix på julaftan har sett spor.

Praksisen med stop-motion rundt juletider har etablert seg. TV-serien Community dediserte ein episode før jul i fjor, og eit innslag er med i årsaktuelle A Very Harold and Kumar Christmas. The Nightmare Before Christmas får meg i julestemning. Så enkelt er det. Dei fleste som har sett ein film eller to kjenner til filmen. For alle andre er det berre for meg å anbefale han.

7/10

It’s a Very Merry Muppet Christmas Movie (2002)

IMDb: 6.4/10 from 1,394 users

Nittande luke i julekalender 2011 er det tredje The Muppets-innspelet i kalenderen, og den mest skikkelege filmen av dei. Med heile kjerna av den skikkelege gjengen, eit par gjesteskodespelarar og ein historie med ei byrjing, ein midtdel og ein slutt

Muppet-gjengen driv eit teater der Kermit er sjefen. Økonomien er såvidt og går rundt med lån, men når nye krefter tek over i banken truar han med å stenge teateret. Kermit møter si livs utfordring, og eit enkelt oppsett av eit nytt stykke ser ikkje ut til å vere nok.

I lag med tøydukkene gjer Joan Cusack, David Arquette og Whoopi Goldberg rollar i filmen. Scrubs-gjengen og Bill Lawrence stiller òg opp i eit innslag. Ingen av dei nemnte har fått skrive spesielt gode eller smarte rollar til seg, men resten av filmen er slettes ikkje verst. Han er enkel, men god på det ein Muppet-film skal vere, morsom på bakgrunn av dei fargerike tøydukkene. Når humoren er på plass og handlinga har fått litt av Scrooge i seg så er det nok til å bli ein underholdande julefilm.

6/10

Metropolitan (1990)

IMDb: 7.2/10 from 3,785 users

Attende luke i julekalender 2011 er debutfilmen til Whit Stillman, om ei gruppe unge college-studentar som er tilbake i New York i juleferien og brukar tida på det selskapeleg nattelivet blant upper east-siders.

Metropolitan handlar lite om jula. Utanom å vere ramma for filmen, er det einaste teiknet på jul litt pynt her og der. Men for å få inn variasjonen i julekalenderen inkluderer eg filmen og går vidare til synsinga.

Umiddelbart under opningsteksten legg Stillman føringar for filmen. Ein skrifttype som liknar (eller er?) Windsor-typen som Woody Allen har brukt i over 40 år, og eit jazza lydspor, gir assosiasjonar til nettopp Woody Allen. Allereie før eg har sett eit einaste menneske eller høyrt ein replikk likar eg filmen.

Det som følgjer er på nokre måtar litt som ein Woody Allen-film, men samtidig skil han seg ut. Likskapane er i dei intellektuelle samtalane, i New York som filmens miljø. Men filmen handlar like mykje om å vere ungdom, usikker, utforskande og upåliteleg. Vi blir godt kjent med nokre av ungdommane, som gjennom filmen framstår som håpefulle eller håplause, men samtidig realistiske og aldri kunstig planta i bestemte rollar.

Urban haute bourgeoisie står sentralt i filmen, og er eit uttrykk som skildrar desse unge, kapitalsterke ungdommane og deira eigen kultur. Vi blir teke med inn i verda til rike college-studentar, og den fattigare Tom Townsend blir inngangsportalen vår, ein karakter som tilfeldig endar opp med å feire jul på sosietsball og liknande.

Metropolitan tek opp diskusjonen om rolla og staden urban haute bourgeoisie har i samfunnet, og du bør like mykje dialog og store ord for å få mest mogleg ut av filmen. Eit snev av romanse og ungdommeleg idealisme lettar på trykket og gjer filmen meir tilgjengeleg enn dei første minuttane hintar til.

7/10

Remember the Night (1940)

IMDb: 7.7/10 from 1,229 users

Syttande luke i julekalender 2011 er eit romantisk drama med Fred «Double Indemnity» Macmurray og Barbara «Double Indemnity» Stanwyck. Forøvrig det andre innslaget i julekalenderen med Stanwyck. Og for ordens skuld ein film som kom fire Ã¥r før Double Indemnity.

Barbara Stanwyck er ei uskikkeleg kvinne som har ein uvane med å stele. Fred Macmurray er advokaten som skal få ho sett i fengsel. Omstendigheitene får desse til å feire jul i lag hjå familien til advokaten.

Samspelet er fint. Stanwyck og Macmurray køyrer gjennom store deler av handlinga med ein sprek dialog som sit godt. Tinga som skjer rundt dei undervegs er mindre spennande, men stunder som vekker minner frå barndommen til karakterane er gode som gull og gir meg god grunn til å heie på at paret skal bli eit par.

Det toppar seg som det hør og bør ved julefeiringa. Når slutten altfor brått kjem så må eg innsjå at eg har fått filmen under huda og skulle ønskje han var lengre.

7/10

We’re No Angels (1955)

IMDb: 7.4/10 from 3,520 users

Sekstande luke i julekalender 2011 er ein av dei få komediane Humphrey Bogart spelte i. Det handlar om at han og eit par fengselskameratat rømmer på julaftan.

Kriminelle til tross, kjeltringane endar med Ã¥ gjere ei god gjerning. For Ã¥ rømme Devil’s Island der fengselet ligg, hadde dei tenkt Ã¥ rane ein familie. I staden for Ã¥ bli rana sÃ¥ blir familien offer for gode gjerningar. Heller enn at det blir Humphrey & Co mot familien, sÃ¥ blir det dei mot andre uskikkelege folk.

Filmen er gode med vittige replikkar, slapsick-humor og god karakterbygging. At karakterane i filmen får tid til å blomstre. Gjennom gode skodespelarar sine formidlingar av eit godt manus gjer at vi kan like dei på både handlingane og ein synleg og real motivasjon. Dette verkar inn på dramaet i filmen som då får ein god botn og blir meir enn til å fylle plass ved sidan av komedien. Og komedien på si side får eit drama å spele mot for å skape kontrastar som framhevar kvarandre.

Trass i at filmen er tropisk blir det òg litt jul i heimen. Juletre, julemiddag og gode gjerningar heng i hop.

7/10

While You Were Sleeping (1995)

IMDb: 6.5/10 from 30,989 users

Femtande luke i julekalender 2011 er ein typisk 1990-tals romantiske komedie: Sandra Bullock, storby og håplaus kjærleik. Ikkje overraskande er det òg ein lykkeleg slutt. Så det er ingen vits å late som det er spenning der.

Etter ei krass innleiing er det på sin plass å innrømme at eg har sansen for Sandra Bullock. I all hovudsak var det den avgjerande grunnen til at eg såg filmen. Ein annan grunn er at handlinga skjer rundt jul. Ein tredje er at julekalender til ei viss grad består av tilfeldige filmar trukke opp av ein hatt.

Vi har så Sandra Bullock som jobbar i billettluka på t-bana. Ho reddar Peter Gallagher frå å bli påkøyrt av eit tog. Men Peter hamnar likevel i koma. Mens han søv så lyg Sandra Bullock på seg ein forlovelse med han, familien hans blir lurt og det blir mykje styr.

Om ikkje det var nok så skal Bullock attpåtil vere ei fantastisk ung kvinne i side, daglegdagse og stakkarslege klede. Og kva er flottare enn tilsynelatande naturleg skjønnheit?

Men for å gå til filmen. Den er heilt grei, ikkje meir. Ingenting er nytt, ingenting er heller så godt gjennomført at While You Were Sleeping blir ståande som ein klassikar. Julestemninga eg jakta på i julekalenderen min var heller ikkje spesielt framtredande, men er ikkje utgjerande for karakteren eg gir på nokon måte.

6/10
1 / 3123