Seksmisja (1984)

IMDb: 8.0/10 (3,008 votes)

poster-640.jpgPolen, 1984. Det er lov å stille seg litt skeptisk, nordmenn flest verka å ha ei innebygd tvil til landet, som berre blir forsterka dess lengre tilbake i tid ein dreg. «Seksmisja» er ein polsk science-fictionkomedie som i løpet av åra skal ha bygd seg opp ein dedisert kultfilmbase, noko som det kan vere vanskeleg å fatte før ein ser filmen. For utanforståande er det som regel den internasjonale tittelen «Sexmission» som møter ein, fylgt opp av det enkle handlingsreferatet: to menn i ei feministisk, fri for menn, framtid.

Den herlege kinoplakatane var det som fanga merksemda mi, i lag med ein tittel som ikkje kan gjere anna enn å vekke nysgjerrigheita kring kor vidt dette er ein seriøs film eller erotica som har snike seg til kinoen. Etter ein kort tur innom ymse nettsider går heller tankane mot ein dystopisk komedie.

To menn, Max og Albert, meld seg frivillig til å bli frosne ned i eit Professor Wiktor Kuppelweiser-eksperiment. Planen er å bli tint opp tre år seinare, men sånn går det altså ikkje. Max og Albert vaknar opp til ei verd utan menn, ein sivilisasjon under bakken med kvinner og atter kvinner som einaste menneske.

Andre ingrediensar i «Seksmisja» er billege spesialeffektar og sprø, elektronisk filmmusikk. Ideane er mange og fantasien er rik, og kulissene imponerande nok å sjå på. Gjennom alt dette lyser det ein humor som fungerer tilfredsstillande både frivillig og ufrivillig, samt ei historie du vil følgje utviklinga til. To essensielle sider for å gjere ei tilsynelatande simpelt setting berekraftig.

Det beste med filmen er at du heller ikkje treng å gå hardt inn for å like den, frå første minutt anar du at dette går den rette vegen. Du treng verken alkohol eller feststemning i taket for å le av den. No skal eg heller ikkje skryte for mykje av ein film som på mange måtar er litt enkel. Overbevisande skodespel og teknisk overlegeheit er ikkje-eksisterande. Men under komedien ligg det ei politisk stemme frå filmskaparen Juliusz Machulski, ein mann som blei svært så populær i Polen på 1980-talet med politisk satire og komedie.

«Seksmisja» har sin definitive sjarm og må seiast å vere ei positiv overrasking frå ein periode og geografi eg har lite kjennskap til. Det skadar ikkje å like science-fiction og ha låge forventingar til realisme for å sjå «Seksmisja», reint bortsett frå det er filmen verken spesielt einsretta mot nerden eller mot menn, trass i flommen av kvinner over skjermen.

8/10