Katakombene 2010

For tredje år på rad kom eg meg ikkje til Skien, på det eg ser på som eit av høgdepunkta på filmbloggarfronten og ein av godene ved å starte filmblogg for 6 år sidan. Det er snakk om Katakombene, den femte i rekkja, ein knøttliten filmfestival som i år byrja laurdag 18. september kl. 12.00 og blei avslutta natt til søndag kl. 02.00.

Sidan ingen unnskyldningar er gode, som mangel på bil, stor avstand og ny jobb, så håpar eg på ny festival til neste år og forhåpentleg deltaking frå mi side. Som tidlegare har vist, så har eg komme meg til Skien over store avstandar utan bil i travle studiedagar utan problem.

For å kompensere litt kjem eg med ei lenkjeliste til dei som var tilstades på Katakombene 2010 og har delt opplevingane sine i ettertid. Og satsar på å leggje til eit par til etter kvart.

Katakombene 2009

Fred Ut leia nok ein vellykka festivaldag ser det ut til. Tor Andre, Iversen, Fylleangst, Sonja og Hjorthen var også der. For oss som ikkje var der, dette innlegget blir løpande oppdatert med lenker til deltakande. Tankar om festivalen og om filmane som blei sett.

Katakombene 2007

Katakombene, eit mørkt kjellarlokale der vanndammane på golvet aldri tørkar opp. Eit avstengt område for resten av verda. Samlingslokale for ei lita gruppe filminteresserte norske bloggarar og andre ein gong i året, under kommandoen til Fred Ut. Ein laurdag i Skien utan anna enn film på programmet. Sjølv tok eg den grusomt lange turen frå Trondheim for andre år på rad for å sjå følgande filmar.

Eit par lenkjer: Fred Ut om Katakombene i ettertid, Espen Iversen likeeins. Skrytet deira speglar mine tankar veldig godt og sparar meg for skriving!

The Sword Bearer«The Sword Bearer» frå 2006. Ein mørk og dyster russisk film om ein mann med spesielle emner. Emner som lett kunne ha skapt ein superhelt i ei anna samanheng. Her møter me ein forstyrra mann på flukt frå politiet. Som med noko eldre russisk film er handlinga tydeleggjort med bilda. Men djubde manglar, både karakterar og historie føles litt platt. Trass i dette var «The Sword Bearer» ein fin start på dagen. Vurdering: 6/10.

Neste på programmet: Den japanske kortfilmen «Armchair Theory». Ei fantasifull vegleiing til korleis mannen skal få kontakt med ei kvinne, lagt opp med ein steg-for-steg del etterfulgt av punkta i praksis. Humoristisk vinkling og overdriving utan like, «Armchair Theory» er meint å vere og blir useriøs undervisingsfilm med eit snev av sanning. Vurdering: 8/10.

Kabul Express (2006)Kanskje min favorittfilm for dagen. Indiske «Kabul Express» handlar om to journalistar i Afghanistan, spela av to Bollywoodstjerner. Ingen typisk Bollywoodfilm. Fråver av dei tradisjonelle songnummer og ei lengde på halvannan time. Filmen klarar på ein fin måte å ta opp seriøs problematikk utan at det går på bekostning av ei god stemning, eller at det blir noko einsretta syn mot USA, Taliban eller andre. Vurdering: 8/10.

Som avbrekk før neste film stod «Doctor Who» med episoden «The Girl in the Fireplace» på programmet. Eg har sett eit par episodar tidlegare utan å bitt meg meir merke i serien. Eg blei derimot positivt overraska når denne episoden rulla over lerretet i Katakombene, dette var god tv! Fint drama, spennande, god struktur, «The Girl in the Fireplace» har vunne prisar og kan nok stå som eit sterkt eksempel på bra episodisk tv. Nesten som ein film med begrensa teknisk budsjett på 45 minuttar.

9th Configuration«The Ninth Configuration» var tredje langfilm, klokka var allereie blitt 17.45. Men så gjekk tida seinare. Filmen har kvalitetar; eit godt behandla tydeleg tema og mange gode enkeltprestasjonar. Det startar lett med humoristiske innslag i den militære psykriatiske institusjonen handlinga er lagt til, for så å flytte seg gradvis meir mot å vere alvorleg på eit semifilosofisk nivå. Gode vriar og hyggelege referansar bidreg til å heve kvaliteten. Problemet er at filmen tek seg altfor god tid til det meste og blir ei tålmodigheitsprøve utan like i Katakombenesamanheng. Vurdering: 6/10.

Nils J. Nesse hadde teke med seg kortfilmen sin «Refusert» som viste seg å vere veldig god. Kort sagt handlar det om manusforfattaren som gjer seg nytta av tilbodet frå Norsk Film Utvikling om prøverom (få manuset framført av etablerte skodespelarar).Fortfilmen var morosam og virka å vere godt likt av Katakombenepublikum. Eg skriv under på at dei tretti minuttane gjekk unna. Vurdering: 7/10.

Teenagers from Outer Space (1959)«Teenagers from Outer Space» er ein av dei «verkeleg klassiske B-kalkunane» (sitert Fred Ut frå programmet). Simpelt handlingsforløp, dårlege skodespelarar, elendige effektar. Ingenting er på plass her, noko som sjølvsagt gjer det til strålandes underholding. Årets «Diabolik» blei det sagt. «Teenagers from Outer Space» ligg trygt nærare morosam dårleg enn kjedeleg dårleg. Greia med at romvesen utsjåandemessig lik menneske kjem til jorda for å oppdra dyr identisk utsjåande med hummer er god. Det er likevel skodespelarane si håndtering av dei som skapar mest latter. Til å vere ein film frå ein 50-pack som i tillegg innheld ein veldig grusom film om aliens og julenisse som Fred Ut viste meg deler av i fjor er eg fornøgd! Vurdering: 6/10.

Running on karmaKort pause før «Running On Karma», som alle pausane denne dagen. Johnnie To gir oss ei sjangerblanding av ein film utan like. Kampsport, politifilm, overnaturlege krefter, horror, romantikk, religion, komedie. Utan klare skilje. Den gode skodespelaren Andy Lau gjer hovudrolla i ei utruleg teit muskeldrakt. Så seint på dagen vart «Running On Karma» i overkant av blanding, mot slutten heller slitsomt. Men den har kule slossecener og er på ingen måtar einsformig. Berre litt rotete. Greia er at eg veit Johnnie To kan lage betre, langt betre, film. «Exiled» hadde eg stor glede av tidlegare i år. Vurdering: 6/10.

Faster«Faster, Pussycat! Kill! Kill!» kl. 00.40 var avslutningsfilmen og hadde overraskande god oppslutning, tross tidspunkt og mange firkanta auge. Sjølv har eg sett filmen før, utan å blitt overbevist om noko. Denne gongen fungerte den litt betre. Gjort merksam på det tekniske blei eg sittande å fokusere mykje på det, som fint kameraarbeid og stødig klypping. Bilkøyringa er kul, damene er tøffe, mennene er i blant undertrykkte, men aldri utelatt. Unekteleg trøytt kan vere litt av grunnen, men filmen nådde ikkje toppen på skalaen denne gongen heller. Vurdering: 7/10.

Juyuso seubgyuksageun (1999)

IMDb: 7.0/10 (940 votes)

Attack the gas stationKatakombefilm nr. 6 var siste på programmet, og litt verre å følge med på sånn sett. Fleire sovna, og eg var ikkje langt i frå heller, men det seier seg sjølv at etter 12-13 timar film så vil kroppen gjerne finne på litt anna, som å sove!

For å gjere det klart, så er det «Attack of the gas station» det er snakk om her. Filmen er ikkje dum den, men blir i lengste laget uansett trur eg. Ideen er artig, men blir fort brukt opp, og resten av filmen blir difor berre dratt ut. Valden, karakterane og plottet generelt er til tider ganske sjukt, men vart ikkje så sjukt at det blei spesielt.

6/10

Diabolik (1968)

IMDb: 5.7/10 (998 votes)

Danger DiabolikKatakombefilm nummer 5 var nok den største overraskinga på laurdagen. Den veldig banale historien og dei slagkraftige replikkane klarte å heve latternivået til eit kjempenivå. Eit av favorittsitata frå filmen er, men utan musikken får den naturleg nok ikkje same schwung her:

Diabolik: If you didn’t see him… he’s there.

Den mange, inkludert meg, har reagert pÃ¥ og vil reagere pÃ¥ er likskapen til «Body Movin’» musikkvideoen til Beastie Boys, eller omvendt. Det var difor ekstra artig Ã¥ sjÃ¥ noko sÃ¥ overdrevent ‘heltete’ som ein heil film.

7/10

Omkara (2006)

IMDb: 8.1/10 (596 votes)

OmkaraKatakombefilm nr. 4 var indisk drama basert på Shakespeares Othello, eit verk eg aldri har vore borti, men berre høyrt namnet på. Med historia flytta til den indiske landsbygda er det duka for nok av løgner.

Kort oppsummert er dette ein film om å føre folk bak lyset, og bli ført bak lyset. For å ordne til dramaet i filmen blir det brukt meir bannord og vald enn det som er vanleg i indisk film, likevel om eg berre har sett ein tidlegare, så kan eg vel sikkert sei det er den mest valdelege indiske eg vil få sett på ei stund.

Litt lang, men eg likte den, og trur eg kan like meir indisk. Fascinerande kultur, som det typisk nok kjem fram trekk frå i filmen. Spesielt rundt bryllupsseremonien.

7/10

His Girl Friday (1940)

IMDb: 8.0/10 (9,430 votes)

His Girl FridayKatakombefilm nr. 3 var laurdagens andre listejag (les: IMDb top 250) og ein screwballkomedie med Cary Grant og Rosalind Russell, m.fl.

Tidleg komedie er ikkje filmtypen eg er ivrigast etter å få sett, men denne hadde eg veldig lyst å sjå, og vart veldig glad når den dukka opp på filmprogrammet.

Men, eg var heller ikkje skuffa etterpå, for dette var ein god komedie med nok av raske replikkar.

6/10

Yôkai daisensô (2005)

IMDb: 6.7/10 (360 votes)

Yokai WarKatakombefilm nr. 2 kom frå Japan, og var på mange måtar veldig japansk. Den engelske tittelen er «The Great Yokai War», og plottet går ut på at ein ung gut som er kåra til årets «Kirin Rider», må bekjempe onde krefter med litt hjelp frå sine yokai venner.

Yokai er den japanske formen for tussar eller troll, og utgjer uendelege rare variantar av overnaturlege skapningar i denne filmen, som er både morosam, underholdande, og litt ekstra slossing enn forventa i sjangeren. Det er rett nok mitt første møte med regissøren Takashi Miike, som står bak både «Ichi the Killer» (live action versjonen) og «Audition».

6/10

Du rififi chez les hommes (1955)

IMDb: 8.5/10 (2,680 votes)

Du rififi chez les hommesKatakombefilm nr. 1 var denne franske kupp-filmen, der 4 gentlemen skal rane ein gullsmedbutikk for nokre dyrebare smykker. Det som imponerte mest i filmen var den halvtimen sjølve kuppet vart utført, det var veldig spennande og utan dialog i heile tatt.

Resten av filmen var heilt grei, men gjorte ikkje nokon spesielle inntrykk pÃ¥ meg. Det er ikkje berre kupp-sekvensen som er god, men ogsÃ¥ andre innslag. Songnummeret der ‘Rififi’ blir framført var ogsÃ¥ underholdande. Nokre andre deler av filmen var i motsetning uinteressant tidsfyll.

5/10