Del to i spin-off serien om ewokane tek opp tråden der «The Ewok Adventure» la den i frå seg. Den serverar meir action i form av kampar mellom bamsane med tomme plastikkauger og andre humanoide skapningar på jakt etter ei sterk kraftkjelde.
Ting eg kan like med filmen: Deler av kulissene, filmmusikken kan funke, nokon av skapningane er animert med ei viss sjarm.
Ting eg ikkje likar: Ewokane, skodespelarane, oppbygginga, lite profesjonell slossing.
Ein anna ting eg lurar på er om dette har gått på tv i Noreg nokon gong, for eg fekk kjensla av å ha sett dette før opptil fleire gonger. Spesielt når dei er i huset til Noah og i borga til humanoidane.
