Den etterlengta filmen om nyutdanna lege, skotske Nicholas Garrigan (James McAvoy) sitt eventyrsøken, som endar opp som personlege lege og rådgivar til ein av dei grusomaste diktatorane verda har sett siste halve århundre, skuffar litt.
Forest Whitaker har fått mykje skryt for rolla som Idi Amin, og eg kan ikkje anna enn å føye meg inn i rekka. Mannen har spelt i gode filmar før, men eg har aldri sett han gjere ei så sterk rolle. Han er og den som trekk «The Last King of Scotland» opp. For å følge Garrigan, som ikkje har det ekstra som gjer han til ein interessant karakter, endar opp med å bli ei gjennomsnittleg affære. Og når det er dette som er grunnlaget for filmen, så er det logisk at det speglar av på filmopplevelsen.
I fare for å få folk på nakken vil eg påstå at denne filmen ikkje er anna enn eit forsøk på å innhente ein Oscar, ved å bruke ei velkjent oppskrift som omhandlar ei grusom hending i Afrika. Det har fungert før, men eg saknar det vesle som får meg skikkeleg oppgitt og engasjert over det som skjer her.
No blei det mykje negativt her, og eg skulle nok lagt meir vekt på det positive, ettersom eg i utgangspunktet synst filmen var over middels. Men etter å ha skrive dette er eg ikkje sikker lengre på kva eg eigentleg synst om filmen, og endar opp med å plassere den i mellomklassen.
