IMDb: 6.4/10 from 9,297 users
Red State er den nyaste filmen til Clerks-regissøren Kevin Smith, og første filmen hans som ikkje er ein komedie. Som det stÃ¥r pÃ¥ plakaten: «An unlikely film by that Kevin Smith».

Kevin Smith prøver på mykje med Red State, men for min del blir det ein kjedeleg film. Uansett kor grusom og sjokkerande den er, og kor mykje Smith slår ned på kristenfundamentalistane og terroristane som i filmen er ute etter å drepe homofile.
Dei som har litt kjennskap til Kevin Smith veit at han på sin måte er ein forkjempar for homofile skal få aksept. Komediane hans tek har mange uskuldige spøkar som baserer seg på tema, og det blir snakka ein del om det i An Evening with Kevin Smith-seansane, der det kjem fram at det har utspring i at bror hans er homofil. Red State er i så måte typisk nok Kevin Smith, men i ein heilt anna sjanger.
At filmen ikkje lukkast har å gjere med den stadige drepinga av potensielle hovudpersonar. Smith er modig nok til å gjere hendinga til hovudpersonen, og drep unna mange rollefigurar eg kunne tenke meg å følgje med. For meg fungerer ikkje dette, då eg foretrekk å ha engasjere meg i livet til interessante filmrollar. I staden blir Red State ei rekke lengre monologar og ein del skyting som eg bryr meg lite om. Det er aldri så dårleg at eg har vondt av det, men tanken om å slå av filmen streifa meg altfor mange gonger undervegs.
Det kan hende filmen er viktig nok på sin eigen måte. Men eigentleg synst eg den går for langt til å kunne bli teken seriøs, og den går ikkje langt nok eller tek ikkje godt nok vare på meg til at det blir bra nok som ein useriøs film. Eg har ingenting i mot ukonvensjonelle filmar, men Red State hamnar mellom fleire stolar.
5/10
IMDb: 5.8/10 (9,612 votes)
Å nå opp med ein politikomedie som Cop Out er, med den rollebesetninga Cop Out har, det skal litt til for å få til. Den lyse poltimannen, spela av Bruce Willis, har med seg den lystigare mørke, spela av Tracy Morgan. Willis har bevist at han er god purk tidlegare, mens Morgan er ein ekspert på å irritere. (Les vidare under bildet).

Kevin Smith står som regissør utan å vere manusforfattar denne gongen, og etter oppturen med Zack and Miri Make a Porno for to år sidan såg eg fram til Cop Out før kritikken byrja å hagle inn. På sitt beste leverer Willis og Morgan gode karikaturar av stereotypane dei fyller, men dei unngår å gro fast i desse rollane, samtidig har filmen ein del flotte vriar, samt ein porsjon latterframkallande augneblinkar.
I heilskap er derimot Cop Out lite nytt. Historia er ein lang klisje og det er for lenge mellom dei altfor få verkeleg gode augneblinkane til at Kevin Smith kan sei å ha tilført buddy cop-sjangeren noko nytt. Det er synd å sei, men både Jersey Girl og denne filmen, som er nesten nede på same nivå, som to av fire filmar frå Smith siste 6 åra, så må han verkeleg bevise seg i framtida. Dette er litt for midt på treet.
5/10
IMDb: 7.1/10 (30,077 votes)
Tidleg film frå Kevin Smith med støtte av fleire kjente ansikt i View Askew gjengen som Jason Lee, Ethan Suplee, Joey Lauren Adams og Ben Affleck.
Mykje teikneserieprat og dameskråling, og det funkar greitt nok. Ikkje den aller beste komedien frå denne kanten, men god i forhold til mykje anna amerikansk Hollywoodkomedie.
7/10
IMDb: 8.1/10 (14,890 votes)
Det har gÃ¥tt ca ti Ã¥r sidan første møtet med gjengen i «Clerks.», og vÃ¥re fire venner Dante, Randal, Jay og Silent Bob har ikkje komme seg lengre i livet enn til fast-food restauranten Mooby’s, framleis i New Jersey.
Forventingane mine til oppfølgaren av ein av dei betre tulleprat-filmane var høge, og klarte ikkje umiddelbart Ã¥ leve opp til dei. Men utover i filmen klarte filmen Ã¥ gjere meir enn berre Ã¥ skrape i ‘me-er-blitt-gamle’-overflata. Filosoferinga over kva ein vil ha ut av livet er ein av dei mest ærlege eg har sett pÃ¥ film pÃ¥ lenge, og gjer at eg kjøper den svært sÃ¥ positive vrien filmen tek.
På eigne bein kan eg ikkje sei filmen gir så mykje, ein bør ha sett den første for å få maksimalt ut av det at desse folka jobba der dei jobba. Karakterane i filmen har blitt eldre og klokare, faktisk Jay og Silent Bob og. Likevel om dei prøver å vere spontane som før skin det gjennom at dei ser for seg meir enn å tulle rundt. Heilt seriøs er filmen langt i frå å vere.
Pålegginga av fargar bryr meg ikkje så mykje. Men kleda og miljøet er typisk pastellfarga fast-food style, og det blir litt i overkant, litt for likt den typiske lyse Hollywood-komedien. Men det er helst i fargebruken altså.
Litt mykje kritikk hittil, men filmen er verkeleg god. Her er nerdeprat for dei fleste, og elles mykje fin humor og romantikk å gripe tak i.
6/10
IMDb: 7.9/10 (50,311 votes)
Eit gjensyn med Kevin Smiths debutfilm frå første halvdel av 1990-talet, denne gongen frå Disc 1 i «Clerk. 10th Anniversary Edition». Opprinneleg tenkte eg å sjå The First Cut, men det blei Theatrical Version på grunn av mangel av teksting på First Cut. Likevel om eg har sett filmen to gonger før, så har eg aldri fått sett den med tekst, noko som har ført til at eg har gått glipp av kanskj 10% av dialogen.
Det er ikkje så mykje nytt å sei om «Clerks.», det er ein film dei fleste har sett eller høyrt om, og handlar som tittelen seier om butikkekspeditørar. To stykker, Dante og Randal, som ikkje har komme seg framover i livet etter high school. Det er laurdag, og Dante som eigentleg har fri tek på seg ansvaret for å jobbe for ein som er sjuk, likevel om han i grunn ikkje vil. I løpet av laurdagen skjer det mykje rare småting, men det er ingen hovudhandling bak filmen som held den saman. Eg kallar det ein butikkfilm, der butikken er ein av hovudrollane, og limet i filmen.
Dante er ein tapar, noko som gjenspeglar seg i alt det uheldige som skjer med han. Det er ganske kjekt å sjå på at noko kjeda seg meir på ein butikk enn det eg gjorde i løpet av min 3 årige karriere som helgetilsett på ei lokal Brustadbu. Og det skal bli artig å få eit gjensyn med gjengen i «Clerks II». Har du ikkje sett denne, så bør du få gjort det. Om du ikkje har ein rar grunn for ikkje å gjere det.
8/10
IMDb: 7.6/10 (33,146 votes)
Endeleg fekk eg sett Kevin Smith sin godt kjente film om teikneserieinteresserte og Jay & Silent Bob, som eg er stor fan av. Filmen behandlar tema omkring homofili på ein artig måte. Holden (Ben Affleck) blir forelska i den bifile Alyssa (Joey Lauren Adams). I tillegg dukkar kjente folk frå Askewniverse opp. Fornøyeleg.
7/10
IMDb: 7.3/10 (39,519 votes)
Topp komedie med Jay og Silent Bob, samt ein rekke andre karakterar spelt av bl.a. Matt Damon, Ben Affleck, Jason Lee. Den samme gjengen som går igjen i fleire filmar. Og samarbeidet mellom desse får berre alt til å verke så ekte, men likevel urealistisk morosamt.
7/10
IMDb: 6.5/10 (4,683 votes)
Til meir eg tenker på det, til betre blir filmen. Mange kjende skodespelarar gjer filmen verdt å sjå, om ikkje historien virkar som den beste. Men blandingen komedie og drama er heilt klart betre enn romantikk og komedie. Det er heller ingen malplasserte over-overdrevne klisjear som øydelegg filmen. Likevel om coveret/plakaten kan overbevise med sin kvite bakgrunn, og rosa og blå bokstavar, at denne må du ikkje sjå. Eg vil konkludere med at denne er heilt grei, ikkje den beste Kevin Smith filmen. Clerks, Dogma og Chasing Amy overstige nok denne ein god del.
6/10