Filmdagbok
ness
15-jan-2007

Bin-jip (2004)

Bin-jipUser Rating: 7.8/10 (6,102 votes)

Ki-duk Kim, mannen som også laga «Time» som eg såg forrige veke, er eit funn. I denne filmen som er eit par år eldre enn «Time», og har fått den internasjonale tittelen «3-Iron», blir me kjent med ein ung mann som bur ei natt her og ei natt der i tomme/bortreiste hus («Bin-jip» betyr direkte oversatt tomme hus).

«Bin-jip» er oppbygd på ein så elegant måte at Ki-du Kim har unngått å gi dei to hovudpersonane dialog. I nokre tilfeller kunne dette ført til ei langdryg og tam opplevelse, men her kjem all tale og kjensler fram i blikk og veremåte. Som ein viss gløymt person sa: “Amerikanarar må alltid snakke om kjenslene sine!” Det må iallfall ikkje den søte Sun-hwa og den stille, sterke (!?) John Wayne-aktige Tae-suk (sitat Tony Soprano: «… strong, silent type»). Men du verden kor likandes karakterar dei er, og Ki-duk Kim er ein meister på å skape nydelege, litt problematisk, kjærleiksforhold. Iallfall i dei to filmane eg har sett.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
09-jan-2007

Shi gan (2006)

TimeUser Rating: 7.3/10 (497 votes)

Jepp, det er «Time» det er snakk om. Ein film som tvers over ha fått skryt og har hamna mange topplister.

Årsaka til at eg såg denne i kveld var først og fremst at den passa perfekt i lengde, og den kom også naturleg inn i ein meir asiatisk filmperiode eg nesten litt tilfeldig er inne i. Også sjølvsagt på grunn av nemnte listeplasseringar. Utan dei så hadde eg nok aldri sett denne filmen. Alle viktige faktorar som har ført til at eg no er i eit gladtrist humør. Glad fordi filmen er god og ektefølt, trist fordi filmen er ei litt tragisk historie.

Dei fleste veit nok at denne filmen handlar om skjønnheitsoperasjon, om eg tør gi det eit slikt namn, for målet er jo å sjå vakrare ut. Eg skal ikkje nekte for at dama i filmen her blei ganske så pen, men i mange tilfeller ser slike operasjonar ut til å gi kunstige dokkeaktig preg. Nok om det. Det er Seh-hee og Ji-woo det handlar om her, førstnemnte er dama som bestemmer for å forandre på seg, og den andre personen er kjærasten som Seh-hee si forsvinning og påfunn går ut over. Litt trist er nok dette, men det fører også til ein del komiske situasjonar, filmen manglar nok ikkje på lyspunkt.

Å røpe meir av plotet blir vrient utan å øydelegge filmopplevelsen, sjølv om det ikkje byr på dei store overraskelsane her så er det greitt å finne ut av ting på eiga hand. Men forvent ein veldig god film, for det er i bunn og grunn det dette innlegget dreiar seg om.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10