Olsenbandens siste bedrifter (1975)
(IMDb)
Etter ein svak femte film i serien, var det duka for ein god «Olsenbanden»-film etter klassisk mønster. Alt tullet frå den forrige filmen er vekke. Då tenkjer eg først og fremst på uheldige sjangerblandingar, for lite fokus på sjølve banden og for lite framdrift. No er både spenningsdelen og den komiske delen gjennomført på ein betre måte. Denne gongen er det Knut Andersen som er regissør, og han gjer ein god jobb med å få filmserien tilbake på rett spor.
Medan Egon har sete inne i kasjotten, har han knytt bekjentskap til advokten til Rockefeller Holm-Hansen Jr., ein internasjonal svindlar i den store klassen. Svindlarane har eit pengeskap, som tilhøyrte direktør Hallansen, dei treng å få opna. Sidan Egon er ein ekspert på å opna pengeskap vil dei ha han til å gjera jobben. Egon seier seg villeg til å ta jobben, mot at han får 25% av innhaldet i skapet. Dermed tek han farvel med sine kompanjongane Benny og Kjell for å reisa utanlands og kunne jobba med dei store svindlarane. Men dei nye forretningforbindelsane til Egon viser seg å vera heller upålitelege. Han vert lurt trill rundt og forlatt utan noko pengar.
Tilbake i Oslo er Egon allereie i gang med å pønska ut banden sin neste plan. Han planlegg ei grusom hemn; han veit nemleg om storsvindlarane sin neste plan. Det dreiar seg om dei berømte Bedford-diamantane som skal skifta eigar på ein tildekka måte i Oslo. Hovudmannen bak er sjølvsagt Rockefeller Holm-Hansen Jr., og Egon har lyst å seia takk for sist på sin eigen og banden sin måte.

Banden er tilbake med mange artige scener og spennande planar. Det er jo som oftast planlegginga og sjølve utføringa av planen som er høgdepunktet i filmane, og i denne filmen er det genialt utført. Birollane er også godt besett. Rolf Søder gjer ei god rolle som sleipe Rockefeller Holm-Hansen Jr., medan Oddbjørn Hesjevoll (frå Jostedalen) er god som konstabel Holm, sidestykket til den etterkvart meir rutinerte og mindre arbeidsmotiverte Hermansen, som vanleg glimrande spelt av Sverre Wilberg. Skal heller ikkje gløyma bandemedlemmane, alle tre gjer ein god jobb. Spesielt Carsten Byhring, som her viser ei anna side av den redde og forsiktige Kjell ved å stengja Egon sin rival Biffen inne i eit makinkontrollhus og ved å setja banden sin sjef skikkeleg på plass mot slutten av filmen. Sjølve slutten av filmen er litt uvanleg til ein «Olsenbanden»film å vera, heldigvis vil vel dei fleste seia.
Dei danske filmskaparane Erik Balling og Henning Bahs hadde i utgangspunktet tenkt å avslutta den populære filmserien med denne filmen, som du sikkert veit er alle dei norske filmane (med unntak av ein) basert på dei danske orginalfilmane. Men publikum ville sjå fleire filmar med banden sine artige planar og påfunn, og filmskaparne såg at det kunne vera mogleg å vidareutvikla filmserien med nye idear og figurar, allikevel med ein fast «Olsenbanden»-formel der dei geniale planane og kuppa framleis skulle stå sentralt i filmane. Dei lot seg dermed overtale til å halda fram med filmserien, og godt var det.
Verdt å nemna er at dei norske filmkritikarane, som stort sett hadde slakta alle dei fem første filmane, denne gongen var meir positiv med kritikken sin og såg at filmkvaliteten hadde forbetra seg ein god del frå dei første filmane. VG slo forøvrig til med ein sjeldan firar på terningen, noko som må seiast å vera bra å få som karakter frå dei ofte sære og strenge filmkritikarane.
Vurdering: 8 av 10.

(0 hittil)