Posts Tagged ‘Knut Bohwim’

Litt om dei fire siste filmane i Olsenbandenserien

mandag, januar 5th, 2009

(Ness:) Roar hadde lyst til å fullføre Olsenbandenløpet han starta på Filmdagbok for eit år sidan. Sjølv hadde eg lyst å lese dette, og stod ikkje i vegen for å publisere innlegget.

Olsenbanden gir seg aldri (1981, Bohwim)

olsenbanden-11Me har bevega oss over til 80-talet, og Olsenbanden har enno ikkje gitt seg. Denne gongen tenkjer Egon stort. Ved å få tak i eit skjult rekneskap i Team Finans har banden sjansen til å skaffe seg stormagasinet Steen & Strøm.  Men alt går ikkje som planlagt. Hovudmotstandarar denne gongen er finansmeklar Bang-Johansen og hans fullmektig Hallandsen. Og kriminalbetjent Hermansen er sjølvsagt på sporet av saka.

Ikkje blandt dei mest minneverdige filmane i serien, sjølv om det er einskilde morosame scener innimellom.

Vurdering: 7 av 10

Olsenbandens aller siste kupp (1982, Bohwim)

olsenbanden-12Våpenhandel til 1 milliard kroner, og Olsenbanden blir sjølvsagt innblanda. Denne gongen er det forsikringsselskapet Høye Nord og kvitsnippane Bang-Johansen og Hallandsen som skal lurast. Høye Nord har over lengre tid føreteke seg ei rekkje lyssky transaksjonar, noko Egon veit alt om. Han har planane klare for det han trur blir banden sitt siste kupp. Noko som skal visa seg vanskelegare enn først venta. Forsikringsselskapet har nemleg danske Biffen som vaktmann, og han vil gjerne at Egon skal forsvinna for godt på mest mogleg brutalt vis. Eit lite syrebad kan vera tingen.

Sannsynlegvis den aller beste av filmane i serien. Her kunne dei avslutta filmserien på topp. Fleire gode skodespelarar i minneverdige biroller. Kan m.a. nemna Alf Nordvang som Bang-Johansen, Ivar Nørve som gjentek rolla si som Hallandsen frå den forrige filmen, Harald Heide-Steen Jr. som taxisjåfør og Rolv Wesenlund som klåfingra reingjeringsinspektør. Og Biffen sine metodar blir meir og meir oppfinnsame. Alt i alt er dette nære toppscore pga. av gode skodespelarar, fleire morosame scener i tillegg til stødig og god regi av Knut Bohwim.

Vurdering: 9 av 10

Men Olsenbanden var ikke død (1984, Bohwim)

men-olsenbanden-var-ikke-dc3b8dDen nest siste filmen i serien. Samstundes er det den siste med Carsten Byhring (Kjell) og Sverre Wilberg (Hermansen), som begge gjekk bort før den siste filmen i 1999. Sjølv om filmen vart laga i 1984, kan ein seia at nokre av episodane i filmen har vore aktuell for dei siste års nyhendebilete. Det dreier seg nemleg om illegalt sal av Edvard Munch-bilete. Valborg har vore på kunstmålarkurs på friundervisninga, og der har ho lært seg å måla som ein ekte Munch. Ho har i tillegg fått seg vaskejobb på Munchmuseet, og dermed har Egon planen klar. Han vil bytta ut Munch sine originale måleri på Munchmuseet med Valborg sine kopiar, og selja unna dei verdifulle kunstverka til nokre franskmenn med skumle planar. Den danske rivalen Biffen lurer også i bakgrunnen.

Dette er forøvrig den einaste filmen i serien som ikkje er basert på det danske orginalmanuset av Erik Balling og Henning Bahs. Manuset denne gongen er av Gustav Kramer og Knut Bohwim. Dette er ein heilt vanleg Olsenbandenfilm der medlemmane rutinerte (og kanskje litt slitne) trer inn i rollene sine på ein kjend måte. Ein veit kva ein får, så skuffa vert ein ikkje. Det einaste eg har å utsetja på er sjølve slutten av filmen, som kunne vore betre gjennomført som ein hyllest til skodespelarane som hadde vore med gjennom 16 år frå den første filmen i 1969. Likevel reknar eg denne fimen for å vera ein av dei beste i serien. Filmen inneheld den best gjennomførte biljakta i serien, ein artig dialog mellom vaktmann på Munchmuseet (Jon Skolmen) og kriminalbetjent Hermansen, og Per Tofte, som spelar Cap Cheval, både ser og høyrer ut som ein fransk kunstsamlar. Me får eit flott bilete av korleis Oslo såg ut på 80-talet, og denne gongen også flott location i Monte Carlo og Nice.

Vurdering: 8 av 10

Olsenbandens siste stikk (1999, Bohwim)

olsenbanden-1415 år etter forrige film er banden tilbake. Egon er plukka ut som gjest til TV-programmet «På godfot med lidelsen», og i kjend stil rasar han mot alt og alle. Han er svikta, oversett og gløymd. Som ved eit mirakel dukkar både skalken og den stripete dressen frå gamle dagar plutseleg opp, og Egon er klar for nye planar. Både Benny og Dynamitt-Harry får med seg Egon si tv-opptreden, og dermed er deler av banden samla igjen. Nok eit Franz Jæger-pengeskap skal opnast. Samstundes har dei avslørande Wandenberg-dokumenta dukka opp på bagasjebandet på gamle Fornebu, noko Egon har fått med seg.

Kritikarane var stort sett lunkne til denne siste filmen i serien, med unnatak av Dagbladet som gav filmen ein femmar på terningen. Tempoet er uvanleg lågt til sjølv ein Olsenbandenfilm å vera, det blir for lite fart og sprell. Likevel presterar skodespelarane opp mot sitt beste, spesielt Harald Heide-Steen Jr. og Sverre Holm finn fort attende til rollane sine og dei har ein del morosame replikkar. Elles kan det seiast at Carsten Byhring og Sverre Wilberg er sterkt sakna i denne filmen, ein Olsenbandenfilm utan desse to dyktige skodespelarane blir ikkje akkurat det same. I alt ein OK film i serien, som ikkje når opp til dei beste filmane i serien på 1970- og 80-talet. Filmen har riktignok nokre artige scener som trekk litt opp.

Vurdering: 6 av 10

gir-seg-aldriTil slutt ei rangering av alle Olsenbandenfilmane, beste først:
1) Olsenbandens aller siste kupp (1982, Bohwim)
2) Olsenbanden & Dynamitt-Harry på sporet (1977, Bohwim)
3) Olsenbanden og Data-Harry sprenger Verdensbanken (1978, Bohwim)
4) Men Olsenbanden var ikke død (1984, Bohwim)
5) Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder (1979, Bohwim)
6) Olsenbandens siste bedrifter (1975, Andersen)
7) Olsenbanden for full musikk (1976, Bohwim)
8) Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok (1973, Bohwim)
9) Olsenbanden gir seg aldri (1981, Bohwim)
10) Olsenbanden-Operasjon Egon (1969, Bohwim)
11) Olsenbandens siste stikk (1999, Bohwim)
12) Olsenbanden og Dynamitt-Harry (1970, Kant)
13) Olsenbanden tar gull (1972, Bohwim)
14) Olsenbanden møter kongen og knekten (1974, Bohwim)

Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder (1979)

mandag, juni 30th, 2008

(IMDb)

Den tiande filmen om banden og den siste frå 70-talet. Frå 1969-1979 vart det laga ein Olsenbanden-film kvart år (med unnatak av 1971). Dette er ein av dei betre filmane i serien, men den har dessverre ikkje fått så mykje omtale som nokre av dei føregåande filmane.

Ein tidlegare høgt betrudd tenar i Oljedirektoratet, no finansmeglar, Brock-Larsen (Arne Aas) vil ha tak i ein mikrofilm som inneheld opplysningar om nye oljeførekomstar i Nordsjøen. Desse vil han selja vidare til eit tysk storkonsern for 100 millionar tysk mark. Egon Olsen skal gjennom sin kontakt få 10 % av denne summen. Banden bryt seg inn hjå Oljedirektoratet og får tak i filmen. Alt ser perfekt ut for banden, heilt til Egon overleverar filmen til Brock-Larsen sjølv. Brock-Larsen meinar at Egon veit for mykje, og er lite lysten på at Egon og banden hans skal få sine delar av salsummen. Han får sin kompanjong, Roy (Lasse Kolstad), til å ta seg av Egon. Han prøver å gassa han i hel, men heldigvis kjem Benny og Kjell og reddar bandeleiaren sin.

Egon må no koma på nye påfunn for å få tak i mikrofilmen og pengane. Han har ikkje tenkt å gi seg utan kamp med ein slu finansmeglar. Som ikkje det var nok har også politiet fått kjennskap til saka. Dei hentar Hermansen frå stallen han har jobba sidan sist. Politileiinga meiner han er den einaste som kan hamla opp med banden. Dermed er Hermansen på sporet av favotittbytttet sitt, Olsenbanden, nok ein gong.

Etter 10 år med mykje av dei same skodespelarane og med Knut Bohwim som regissør i 8 av filmane, skulle ein tru det var ein viss slitasje i Olsenbandenhandlinga. Men med rutinerte og profesjonelle skodespelarar i 50-60 åra leverer gjengen nok ein gong varene. Det er ein rekkje artige scener i denne filmen, m.a. med ein sint mann med helsetrøye (Willie Hoel si siste rolle i Olsenbanden-filmane, sjå her) og scener med ein Harald Heide-Steen Jr. i storform. Artig å sjå kor stadig mindre motivert kriminalbetjent Hermansen (Sverre Wilberg) er til utføra politiarbeidet sitt. Han likar betre å fortelja om interessa si for fisking til sin kollega Holm (Øivind Blunck) enn å oppklara saka. Kan likevel seia at han denne gongen på ein eller annan måte lukkast for første (og einaste ?) gong, utan å røpa for mykje.

Filmen har sine svake sider også, m.a. er scenene på toppen av SAS-hotellet vel langdryge, i tillegg til at det er vel usannsynleg at fleire politimenn ikkje greier å ta igjen ein løpande Egon i slutten av 50-åra. Manuset, skrive av Sverre Holm og Øyvind Thorsen, er derimot friskt og byr på fleire godbitar. Musikken av danske Bent Fabricius-Bjerre passar glimrande til denne typen film, og gjer sitt til at filmen held seg godt sjøv om den er nesten 30 år gamal. Filmkritikarane var forøvrig meir positive enn vanleg til Olsenbandenfilmane, og begrunna det med m.a. eit godt og opplagt manus. Mi vurdering er at dette er blant dei 5 beste Olsenbanden-filmane, så skal du sjå ein Olsenbanden-film er denne filmen eit godt val.

Vurdering: 8 av 10

Olsenbanden og Data-Harry sprenger Verdensbanken (1978)

mandag, mai 12th, 2008

(IMDb)

Den 9. filmen om Olsenbanden vart laga i 1978 og er ein av dei store publikumsfavorittane i serien. Dette er også den filmen, saman med «Olsenbanden for full musikk», som tek flest scener frå den danske filmen og limer rett inn i den norske. To av dei danske skodespelarane som er med er til og med dubba, det gjeld Bjørn Watt-Boolsen (Smith-Nilsen) og Karl Stegger (Vaktsjef i Verdensbanken). Ove Verner Hansen (Biffen) er med i denne filmen også, han er heldigvis ikkje dubba.

Denne gongen handlar det om ein korrupt diplomat, som på ulovleg vis har erverva seg 10 millionar dollar på sal av subsidiert fjellsmør til utlandet. Desse pengane skal vaskast reine i den norske avdelinga av Verdensbanken. Egon håpar å få tak pengane før dei kjem dit, men har ikkje rekna med Dynamitt-Harry. Han har vore i USA, og med underverda si hjelp har han gått omskuleringskurs og vorten forvandla til Data-Harry. Han veit no alt om datamaskiner og ny teknologi, og meiner at stetoskop og gummihanskar ikkje trengs for å gjennomføre eit kupp. Data-Harry har greidd å overtala Benny og Kjell til å verta med på laget hans, og dei er begge svært så engasjerte. Men då Egon set ein spikar oppi pluginntaket på datamaskina går heile datasystemet i stå, og Data-Harry vert rasande på bandemedlemmane og jagar dei på dør.

Dermed har Egon fått Benny og Kjell tilbake på laget sitt, og saman gjennomfører dei ein genial plan som gjer eit dei får tak i pengane. Så enkelt skal det derimot ikkje vera. Mester Hansen (Henki Kolstad) og Biffen vert sett på sporet av Egon og pengekofferten, og greier å ta pengekofferten ifrå han. Egon må då koma med ein ny plan for å få tak i pengane igjen. Pengane er no hamna i Verdensbanken, der dei skal vaskast reine. Ifølgje Egon er det ei overkommeleg sak, for det er ingen som veit kor lett det eigentleg er å bryta seg ut av Verdensbanken, når ein først har fått låst seg inn i banken om kvelden. Han får overtalt Data-Harry til å verta med. Datakunnskapane hans kjem godt med når dei skal bryta låsen og koma seg ut av Verdensbanken. I bakgrunnen lurer Mester Hansen og Biffen, dei har ikkje tenkt å gi seg utan kamp.

Sjølv om ein merker litt slitasje på skodespelarane og Olsenbanden-handlinga, er dette framleis Olsenbandenfilm av god klasse. Den første halvtimen er ikkje særleg mykje å skryta av, det vert mykje prat og krangling, heller lite handling. Så tek det seg opp, og me får Olsenbanden etter kjent mønster. Harald Heide-Steen Jr. gjer som vanleg ein god jobb, sjølv om det er som Dynamitt-Harry ein best kjenner han i desse filmane. Samspelet mellom Henki Kolstad og Ove Verner Hansen er også svært bra. Mester Hansen er på ein måte ein Egon ovafor Biffen, der det er han som kjem med planane og ideane, og Biffen er den feite dansken som berre har å gjera som sjefen seier. Skulle gjerne sett dei to i samspel i seinare filmar også.

Eg må også ta med dei heftige bilforfølgingsscenene mot slutten av filmen, som er gjort på ein professjonell og artig måte. Olsenbanden og bilscener heng verkeleg saman, i denne filmen tok ein det fullt ut. Så får det berre vera at ein har «stelt» frå den danske filmen her også. Å vurdera denne filmen opp mot dei andre i serien er ikkje enkelt. Det er i grunn lite som skil denne filmen mot film nr. 6-8 i serien når det gjeld humor og filmkvaliet, dei følgjer alle eit mønster utan at filmane vert altfor forutsigbare. Og så er det jo artig å sjå att gode skodespelarar som gir alt i både hovud- og biroller. Det er sopass mange artige scener og dialogar i denne filmen, noko som gjer at den vert svært høgt verdsett av meg.  

Vurdering: 8 av 10   

Olsenbanden & Dynamitt-Harry på sporet (1977)

fredag, april 4th, 2008

(IMDb)

Den 8. filmen om banden startar i Spania, der banden har slege seg ned som multimillionærar. Benny og Kjell klagar på varmen, medan Egon regjerar diktatorisk over millionutbyttet. Her skal det ikkje det ikkje sløsast med pengane. Når banden tek seg ein middagslur dukkar den danske rivalen «Biffen» opp, utsendt frå det multinasjonale selskapet Multiscan. Han greier å rana til seg pengane og overlet Egon til det spanske politiet.

Etter eit nytt opphald på Botsen er Egon igjen klar med ein plan. Medan han har vore i fengsel, har millionane hans vorte omsett til gullbarrar som skal fraktast med tog til Sveits. Den småfeite dansken «Biffen» er sjølvsagt mannen bak. Men Egon har nytta tida bak murane godt. Han har pugga NSB sin rutetabell, slik at han kan manøvrera gullvogna dit han vil når den tid kjem. Som vanleg har han med seg Benny og Kjell på laget, og alt går etter planen heilt til dei skal lasta om gullbarrane frå panservogna til ein heller skrøpeleg lastebil Benny har kjøpt. Når alle gullbarrane er frakta over i lastebilen, skal stakkars Kjell hoppa over i lastebilen. Dessverre knekk heile lastebilen saman, så banden kjem ingen veg. Som vanleg kjeftar og smeller Egon på sine udugelege kompanjongar. Sjølv seier Benny at ein ikkje kan forventa all verdas lastebil for «en påsa med femtiøringer». Bak lurer rivalen Biffen, som har tenkt å ta seg av Egon på sin måte.

Etter litt om og men er banden klar igjen til å få tak i gullbarrane. Egon har planen klar. Denne gongen får dei med seg ein litt meir skikkeleg Dynamitt-Harry, og dette blir deira siste sjanse til å få fatt i gullvogna. Nye artige situasjonar oppstår, og med «Biffen» i nærleiken er det ingenting som er avgjort.

Dette er ein av dei mest morosame filmane i serien, mykje grunna eit godt manus og fleire artige situasjonar med banden i sentrum. Sjølv er eg ein stor fan av den danske rivalen «Biffen», spelt av Ove Verner Hansen. Filmserien trengde verkeleg ein slik karakterer, som kan kan verka både truande og morosam på ein gong. Kan ikkje sjå nokon norske skodespelarar som kunne ha spelt denne rolla på ein like god måte som Ove Verner Hansen. Flott at regissør Bohwim fekk med seg denne dansken i dei norske filmane og. Han har forøvrig spelt i flest Olsenbandenfilmar til saman, 16 i alt.

Dette er også den første filmen der Øivind Blunck medverkar som Holm, assistenten til Hermansen. Samspelet desse to imellom er glimrande. Medan Holm lever av jobben sin og alltid vil få ting gjort, er Hermansen meir og meir lei jobben sin og likar heller å utnytta arbeidstida si med sine eigne interesser. Sverre Wilberg er som alltid glimrande som Hermansen, og kjem med mange fulltreffarar etter ei lang fartstid som kriminalbetjent, m.a. : «Viss du absolutt skal oppklare forbrytelser Holm, så må du gjøre det på fritiden». Mange andre fulltreffarar er det også banden imellom, mellom anna får Kjell høyra det etter sitt uheldige hopp i lastebilen; «Av alle deigklumper er du den største (Egon)», «Du må ikke ta ta det så tungt (Benny)».

Kort oppsummert ein av dei aller beste filmane i serien, med introduksjonen av Ove Verner Hansen og Øivind Blunck som to viktige årsaker, i tillegg til eit opplagt og godt manus skrive av danskane Balling og Bahs. Det kan også nemnast at denne og resten av filmane i serien gir oss eit godt og interessant bilete av korleis Oslo såg ut på 1970-og 80-talet.

Vurdering: 8 av 10.

Olsenbanden for full musikk (1976)

tirsdag, mars 18th, 2008

(IMDb)

For full musikkFilm nr. 7 i serien inneheld sannsynlegvis dei mest kjende scenene i heile serien, nemleg kuppet i Nationaltheateret når banden må sprenga seg gjennom fleire veggar i kjellaren medan det danske gjestespelet Elverhøj pågår. Mange av scenene her er klippt rett frå dei danske filmane og limt inn i dei norske, truleg for å spara både tid og pengar. Den danske og norske filmen blei forøvrig spelt inn same året, i utgangspunktet var denne filmen meint å vera nr. 8 i serien.

Denne gongen dreiar det heile seg om ein uerstatteleg Mingvase som banden skal stela mot ein god sum pengar. Oppdraget er gitt av vasen sin eigar, ein baron i akutt pengeknipe som skal prøva seg på litt forsikringssvindel. Dette passar glimrande, sidan utbyttet kan finansiera Kjell og Valborg sin son Basse sitt bryllaup. Men som vanleg er det ikkje alt som går på skinner. Det viser seg at Egon & Co blir forsøkt lurt av baronen. Det dei nemleg ikkje veit er at baronen samstundes har ein annan kjøpar på innerlomma, ein dansk forretningsmann. Dermed blir det nye farefylte situasjonar for banden, alt frå nifse opplevingar i middelalderkjellarar på baronen sitt spøkelsesaktige gods til tidenes kupp på Nationaltheateret under det danske gjestespelet Elverhøj.

FFM1Som vanleg er det ikkje noko å utsetja på skodespelarprestasjonane, alle leverar bra i sine etterkvart vande roller. Den kjende skodespelaren Helge Reiss gjer ei god rolle som baronen. Dette er siste gongen me får sjå Pål Johannessen som Basse, som har forandra seg ein del sidan han var med i den første filmen, og som endeleg er blitt vaksen. Mange held denne som den beste filmen i serien, mykje grunna dei geniale scenene på Nationaltheateret. Filmkritikarane kom med heller lunken kritikk, som nesten alltid elles. Dei meinte m.a. at filmen var for mykje dansk-prega. Utanom dei kopierte danske scenene frå gjestespelet, er deler av scenene på baronen sitt gods spelt inn i Danmark. Under har eg med linkar til dei kjende scenene på Nationaltheateret, og ein ser tydeleg likskapar i både dialog og klipp mellom den norske og danske versjonen. Legg også merke til dei mange hyggelege (he he) kommentarane frå danskane om den norske versjonen:

Norsk versjon: link
Dansk versjon: Fjerna frå YouTube.

FFM2Filmen er altså ein av dei betre i serien, men om det er den beste er eg litt usikker på. Det er litt lite framdrift dei første 30 minuttar, før det etterkvart tek seg opp med scenene på godset og sjølvsagt kuppet på Nationaltheateret. Det er berre å ta av seg hatten for dei danske filmskaparane Bahs og Balling for at dei kom på denne geniale planen med at banden kunne sprenga seg gjennom veggane medan konserten føregjekk. Historien fortel at dei fekk skriva om deler av Elverhøj slik at det passa betre til sprengningane til banden.

Vurdering: 8 av 10

Til slutt vil eg anbefala alle å sjå på TV 2 langfredag kl. 20.00, då den timelange dokumentaren «Fengslet av Olsenbanden» skal gå. Då får ein følgja innspelinga av den siste Olsenbandenfilmen frå 1999, sjå mange av dei geniale kuppa som Egon var arkitekten bak og dei farlege stunta som Arve Opsahl, Carsten Byhring og Sverre Holm sjølv måtte utføra. Det vert også eit gjensyn med nokre av Carsten Byhring sine beste replikkar, og regissør Knut Bohwim blir intervjua om skodespelarane og filmane. Absolutt verdt å få med seg.

Olsenbanden møter Kongen og Knekten (1974)

tirsdag, februar 12th, 2008

(IMDb)

Olsenbanden moter kongen og knektenI film nr. 5 i serien dukkar Olsenbanden sine to største rivalar opp, Kongen og Knekten. Merkeleg nok har dei ikkje vore nemnde tidlegare… Det som er verre er at mykje går på tomgang i denne filmen, den verkar både rotete og lite samanhengande. Kongen og Knekten er forsåvidt to interressante figurar, men det er jo Olsenbanden og deira planar ein først og fremst vil sjå når ein ser ein «Olsenbanden»film.

Denne gongen kjem Egon med ein plan om å stela 4 millionar kroner i momspengar, som dei skal få tak i ved å rana ein pengetransport. Planen vert gjennomført nøyaktig som planlagt, dermed er banden 4 millionar rikare, enn så lenge. Kongen og Knekten har nemleg kasta sine auge på utbyttet, for dei veit godt kven som har stole pengane. Med ei avleiingsmanøver greier dei å finna skjulestaden der pengane er gøymt og tek dei med seg i same slengen. Men Olsenbanden har ikkje tenkt seg å gi seg så lett.

Dette er nok den svakaste filmen i serien, mykje grunna eit heller svakt manuskript og treig framdrift. Det einaste som er verdt å få med seg er korleis banden ranar pengetransporten i starten av filmen, akkurat den biten er det god «Olsenbanden»klasse over. Men etter det er det full stopp, med ein god del usannsynlegheiter og scener som ikkje er morosame i det heile. Filmen prøver også å leika seg med musikalsjangeren i ein liten sekvens, det passar ikkje inn i denne type film. Wilfred Breistrand gjer ei totalt unødvendig og umorosam rolle som kriminalsjefen, han ser stort sett berre sur ut og kjeftar på stakkars Hermansen når han er med. Samspelet dei imellom fungerar heller dårleg, bra at Hermansen får friare tøylar og vert meir leiande i politiarbeidet, som i fjerde film, seinare i serien. Medan den forrige filmen hadde ei god spenningsoppbygging mot dei siste 40-45 minuttane med nye planar og påfunn, er det ikkje mykje av nemneverdig karakter som skjer mot slutten av filmen her. Skuffande at regissør Bohwim ikkje har fått meir ut av sopass dyktige skodespelarar. Han har ein god del av ansvaret for at filmen både er rotete og verkar halvferdig.

Vurdering: 2 av 10. 

Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok (1973)

søndag, februar 3rd, 2008

(IMDb)

Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amokEtter tre litt ujamne filmar i serien, var det endeleg klart for den første skikkeleg gode «Olsenbanden»-filmen. «Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok» er ei litt meir seriøs utgåve av banden, sjølvsagt med ein del komiske scener, men med betydeleg færre teite og amatørmessige scener som spesielt prega den første og tredje filmen. Samspelet mellom bandemedlemmane byrjar no også å fungera betre, og med ein Harald Heide-Steen Jr. i storform som Dynamitt-Harry vert det ein god del artige scener.

Etter eitt mislukka kupp i Oslokinoen Colosseum, kjem Egon som vanleg ut frå Botsen med ein pakke under armen. Men denne gongen er det berre Dynamitt-Harry som ventar på han. Benny og Kjell har nemleg skaffa seg jobb på kolonialforetninga til Benny sin komande svigerfar. Sjølv om Egon prøver å overtala dei med ein genial plan, er dei vortne så avhengige av lønsslippen sin at dei ikkje vil gje slepp på jobben sin.

Ein dag vert Benny og Kjell feilaktig skulda for å rane butikken sitt pengeskap, og hamnar sidan i kasjotten. Egon greier ved hjelp av Kjell sin son Basse å redda dei to ut frå politiet sine klør, og dermed vert dei meir venlegestilt mot Egon og planen hans. Planen til Egon denne gongen går ut på å stjela på 6 millionar kr. i svarte pengar, som tilhøyrer kongen av det ulovlege pengeutlånarmiljøet i Oslo, nemleg direktør Hallansen. Pengane er gøymt i eit sikkert pengeskap som få veit om — Egon veit sjølvsagt om det. Han delte celle med den tidlegare advokaten til Hallansen, og fekk opplyst koden til safen av han. Det er likevel ikkje så enkelt å koma seg inn i bygninga der pengeskapet er gøymt. Bygningen er bevakta av profesjonelle gorillaer døgnet rundt, i tillegg til at rommet der pengane befinn seg er konstruert med eit elektronisk varslingssystem.

Politiet med kriminalbetjent Hermansen i spissen er også byrja å sirkla inn pengeutlånarane, så her gjeld det å skunda seg for banden før politiet slår til.

Går amokDet er ein del artige detaljar og scener i denne filmen. Ein av dei er at Hermansen denne gongen nyttar seg av vanlege Egon-uttrykk som «alt er taima og tilrettelagt» og «aksjon starter i morra tidlig» i sin eigen politiaksjon. Ein annan ting er måten Egon greier å koma seg inn på rommet der pengeskapet befinn seg, rett og slett genialt utført av bandesjefen sjølv. For ikkje å gløyma når han vert stengt inne på fryselageret i same bygning. For å få han ut derifrå må Dynamitt-Harry gå i gong med spregningskunstane sine. Nedtellinga til sprenginga føregår samtidig med politiet si eiga nedteljing til deira aksjon. Kort og greitt kan ein seia at både humordelen og spenningsdelen er vorten mykje betre samanlikna med dei tre første filmane. Etter det eg kan hugsa var det også denne filmen i serien som fekk best besøkstal på kinoen i si tid. Kan til slutt nemna at dette var den første heile «Olsenbanden»-filmen eg såg, og den fekk meg til å verta skikkeleg interessert i denne filmserien.

Vurdering: 8 av 10

Olsenbanden tar gull (1972)

mandag, januar 28th, 2008

(IMDb)

(Ness:) Roar fortset Olsenbandenkøyret og eg vil berre informere om ein triviell sak som at enkelte dagar den siste tida har Olsenbanden vore stikkordet som har sendt flest folk frå ymse søkemotorar innpå Filmdagbok.

Olsenbanden tar gullMed Knut Bohwim tilbake i regissørstolen var det klart for den tredje filmen om banden. I motsetnad til dei fleste andre filmane føregår det meste av handlinga utanfor Oslo denne gongen, nærare bestemt Stavern. Scenene inne i sjølve bunkeren vart spelt inn i det same studioet som den danske filmen, Valby Studio i København. Dette er forøvrig den eine av to filmar i serien der Sverre Wilberg (Hermansen) ikkje er med. Ein «Olsenbanden»-film utan Hermansen vert på ein måte ikkje heilt det same.

Denne gongen kjem Egon med ein plan om å finna ein gullskatt, gøymt i ein tyskarbunker på Sørlandet. Med Valborg og Basse med på lasset reiser banden til Sørlandet i håp om å finna skatten. Når dei så endeleg finn den rette bunkeren, finn dei ut at skatten befinn seg bak ein par metertjukk sementmur. Dei treng då hjelp av den lokale skraphandlaren utan at han skal få vita kva banden har føre seg, men skraphandlaren er lurare enn det banden først trur. Dei er heller ikkje aleine om å ville finna skatten, bak lurer ein profesjonell revolverbanditt som gjerne vil ha tak i skatten. At militæret byrjar å få mistanke om at det føregår noko på sperra område gjer det ikkje lettare for banden.

Denne filmen er nok ein liten nedtur frå dei to forrige i serien. Nokre tåpelege scener øydelegg heilskapsinntrykket, og det er dessverre for mange av dei i denne filmen. T.d. vert scenene med granaten i bunkeren meir teite enn spennande. Skodespelaren gjer allikevel ein bra jobb, forøvrig artig å sjå Harald Heide-Steen Jr. i ei birolle som Lillegutt. Sjølve filmen plasserer eg midt på skalaen.

Vurdering: 5 av 10.

Olsen-banden (1969)

tirsdag, januar 8th, 2008

(IMDb).

(Ness:) Roar er dedikert til Olsenbanden forutan å vere siste tilskot til dei få eg har overtala til å levere gjestemeldingar på Filmdagbok. Så sant han har lyst skal denne ferske filmbloggaren stå for fleire kunnskapsfyllte filmmeldingar av Olsenbanden i tida framover.

Den første filmen om den kjende banden. Det vart til slutt laga 14 filmar om banden, den første i 1969 og den siste i 1999. Olsenbanden vart funne opp av dei to danskar, Erik Balling og Henning Bahs. Den første danske filmen vart laga i 1968. Den norske regissøren Knut Bohwim fekk sjå den danske filmen, og kom på ideen om å laga ein norsk versjon av den. Han fekk med seg filmteamet Team Film A/S, og dermed var det den norske filmserien i gang.

Egon Olsen har, som nesten alltid elles, med seg ein plan når han kjem ut frå Botsfengselet. Denne gongen vil han ha med seg Benny og Kjell på å stjela ein gullfigur som tidlegare har tilhøyrt den tyske keisaren. Denne figuren skal no stillast ut i Oslo, og er streng bevakta av politi, TV-kamerar og alle slags alarmar. Men etter grundig planlegging er ikkje dette eit umogleg kupp for Olsenbanden å gjennomføra.

Denne første filmen i serien er grei nok, men det skulle koma betre filmar seinare om banden. Filmen skil seg litt frå dei andre filmane i serien ved at den er meir vaksen både i stilen og innhaldet. Ein del artige scener er det rett nok, spesielt dei som involverar kriminalbetjent Hermansen. Han vert jo nærast latterleggjort av både banden og sine eigne, for det er ikkje alt han gjer som er vellukka i sin kamp for å få tak i banden.

6/10

Olsenbanden møter kongen & knekten (1974)

lørdag, august 4th, 2007

IMDb: 6.7/10 (197 votes)

Kongen og knektenEnda opp med denne gamle, norske filmen på ein laurdagskveld. Å vurdere Olsenbanden på kvaliteten vil vere ganske så meiningslaust. Som underholdning fungerar det i og for seg godt nok med humor i det banale.

I denne filmen er det 4 millionar “moms-pengar” som skal stelast. Alt går tilsynelatande bra, det er etterspelet som luktar trøbbel. Hadde dette vore noko anna enn Olsenbanden ville eg ikkje hatt mykje med det å gjere, men å gå tilbake til ein filmserie som har rulla over skjermen i fleire periodar, bl.a. i barndommen min, er i og for seg kurant på ein laurdagskveld.

5/10