Desert Flower (2009)

IMDb: 7.1/10 (183 votes)

Turen innom Kosmorama, Trondheim internasjonale filmfestival, blei kort i år. To filmar blei sett, men det var to gode filmar!

Favoritten min blant «Air Doll» og «Desert Flower», blir sistnemnte. Ei filmatisk skildring av livet til supermodellen Waris Dirie, frå oppvekst til gjennombrot. Med Liya Kebede i hovudrolla, har regissør Sherry Horman bygd opp filmen der notida er situert rundt gjennombrotet i London, medan tilbakeblikk fortel den lange vegen dit.

«Desert Flower» er ikkje ein typisk lykkeleg film, og innslag frå den glamorøse verda til modellane er heller få og lettar stemninga, enn å prege historia i filmen. Temaet som blir behandla er det om kvinnemishandling, omskjering og Waris Dirie si rolle som den mishandla, og seinare ei av dei som blei den sterke stemma som gjorde verda merksam på situasjonen i Somalia.

Det kan høyrast ut som dette er ein tung film, med så tung tematikk å ta tak i. Men med stødig hand, har Sherry Horman lagt inn stadige komiske avbrekk, av den nedtona typen som aldri risikerer å trekkje ned seriøsiteten til resten av filmen. Resultatet har blitt ein film som går under huda på deg, får deg til å tenkje, men ikkje etterlate deg i ei sky av håpløyse.

Som pluss er «Desert Flower» pakka inn i ein god lydmiks og har flotte bilde, den forsvarar lengda på 2 timar og kjem, trass i tekniske problem under visinga, ut av det heile som ein sterk film. Takk, Kosmorama.

8/10

Ji jie hao (2007)

IMDb: 7.6/10 (2,003 votes)

AssemblyVit at det er snakk om regissøren bak «The Banquet» som også står bak denne. Han har gripe tak i ei stykke kinesisk borgarkrigshistorie frå 1948 og gir oss ei sterk, grafisk krigsforteljing i filmens første del, som går over i eit rolegare krigsveterandrama i andre del. Faren her var at heftige krigsbilder kunne komme i overtal i starten, med eit par små pausar mellom kampar som forklarar godt kva som står på går det derimot bra. Den andre faren var at andre del av filmen kunne bli for roleg etter massiv budsjettpengebrenning på det råaste eg har sett av krig på film, men også her klarar «Assembly» å styre handlinga med stø hand og ta oss med på ei tidsreise som aldri gir forhåpningar til at filmens slutt er nær, fordi det er så bra. Om eg hadde sett denne i heimen på DVD kan det godt hende eg hadde meint noko anna, men på kino er dette storvegs og det perfekte motstykket til «Once» for variasjon i festivalprogrammet, for som eg hinta til innleiingsvis med «The Banquet» er dette verkeleg velprodusert, denne gongen utan å miste taket på karakterane sine som midtpunkt.

8/10

Once (2006)

IMDb: 8.1/10 (28,160 votes)

OnceDenne er vel strengt tatt verken ny eller spesielt ukjent, Oscar har den fÃ¥tt òg — for beste song komponert for film. «Once» leverar ei fin historie om gatemusikanten som møter blomsterselgaren og utviklar eit tett vennskap pÃ¥ grunnlag av musikalske interesser og ei felles forstÃ¥elsesplattform av sÃ¥re følelsar. Songane, som ein av mange sterke sider ved filmen, formidlar denne sÃ¥rheita og gir meg tidvis (gode) frysningar oppover ryggen. LÃ¥gbudsjett som dette er ($160.000), har ikkje verdens beste kameraustyr blitt brukt, den aldr meir enn greie bildekvalitet blandar godt med amatørisk kameraføring som har blitt utnytta i redigeringsrommet, det passar sÃ¥ godt til handlinga at .. at .. at, ja. Unødvendig Ã¥ sei, eg likte «Once», som har eit skodespelarpar med kjemi og at den gÃ¥r under huda pÃ¥ ein god mÃ¥te. Morosam kan den vere i blant, men avstÃ¥r frÃ¥ brølarlatteren.

8/10

Zui yao yuan de ju li (2007)

IMDb: 6.9/10 (238 votes)

distant courseHadde nokon bedt meg samanlikne taiwanske Lin sin stil med ein anna regissør hadde eg sagt Ki-duk Kim. «The Most Distant Course» er ein poetisk film om lyd og kjærleik. Xiaotang sender lydopptak til adressa han trur ekskjærasten framleis bur ved, der har imidlertidig Acai flytta inn, og ho opnar etter kvart konvoluttane og forelskar seg i lydopptaka. Den tydelegaste forskjellen eg finn mellom Lin og Kim, ved å sjå på «The Most Distant Course» vs. dei to-tre av Kims eg har sett, er at denne filmen innheld humor som verkemiddel. Likevel er det ein vakker og trist film, vakker i både bilde, lyd og menneske, trist i kjærleiken. Som tittelen hintar til handlar dette om avskilte livsforløp, men likevel så tett knytta at det nærast gjer vondt å følge desse personane som lengtar etter noko meir og som me veit kunne ha passa i lag.

7/10

It’s a Free World… (2007)

IMDb: 7.1/10 (2,003 votes)

its a free worldMe bevegar oss ørlite lengre sør til England og møter Angie som jobbar innan jobbformidling. NÃ¥r ho nok ein gong fÃ¥r sparken er begeret fullt og ho vel Ã¥ satse pÃ¥ eige firma i staden for Ã¥ gÃ¥ fortsette som gjennomtrekk i uendeleg mange nye bedrifter. Angie er ein person med mange sider og dette er med pÃ¥ Ã¥ gjere filmen interessant, ho har vilje og mÃ¥lsetningar, men kan i blant tøye grensene litt for langt og er mindre flink Ã¥ prioritere familie. «It’s a Free World…» er tilnærma fri for moralsk dømming og let det vere opp til publikum Ã¥ danne seg meiningar om bÃ¥de Angie og hennar fordeling av aust-europeisk arbeidskraft i London. Det er nok vanskeleg Ã¥ lage ein slutt som ikkje tek standpunkt og filmen sluttar ganske opent, nesten litt frekt, men i ettertid ei forstÃ¥eleg avgjersle.

8/10

Garage (2007)

IMDb: 7.0/10 (940 votes)

GarageJosie er ansvarleg for drifta av ein lite besøkt bensinstasjon på den irske landsbygda. Innerst inne veit Josie at det er minimalt å styre med, men han får meir utbytte av å late som han alltid styrer med noko viktig. Han har tydeleg tilbrakt mange år åleine og virka både rar og småkomisk på andre for væremåten sin. «Garage» speglar Josie og er ein både rar og småkomisk film, men også trist inn til beinet. Den byr sjeldan på gapskratting og er heldigvis ikkje deprimerande. Sjølv om den i blant byr på gullkanta filmaugeblikk er det litt for langsomt og det er liksom ikkje noko viktig som blir fortalt her.

6/10

Ploy (2007)

IMDb: 7.0/10 (571 votes)

PloyWit og fruen har tatt turen tilbake til Thailand for å delta i ei gravferd. Dei har ikkje det mest knirkefrie forholdet lengre og kranglar i blant for å vise at dei framleis bryr seg om kvarandre. Når Wit tek turen til hotellbaren møter han 19 år gamle Ploy (veldig søt jente!) og hamnar i samtale om f.eks. den thailandske reggaeartisten Job. Etterpå tek Wit Ploy med seg opp igjen på hotellrommet, der kona er, ikkje for sex, men for å tilby sofaen som ei meir komfortabel ventesone enn baren. Kona blir småsur, og for ikkje å oppsummere andre halvdel av filmen kan me stoppe her. Eg finn ikkje heilt fram til å sette ord på det spesfikke som fekk meg til å like filmen (veldig søt jente!), det skjer ikkje så veldig mykje, men igjen er det behageleg å følge med på og eg fekk «Lost in Translation»-vibbar. «Ploy» tek aldri for mykje i og overlet akkurat passe til fantasien.

7/10

Am Ende kommen Touristen (2007)

IMDb: 7.1/10 (375 votes)

Am ende kommen touristenTysk og lite komplisert film om ein ung tyskar som vel å avtene siviltenesta på ungdomssenteret knytta til Auswitchmuseumet. Der finn han bl.a. kjærleiken og blir engasjert i tinga som føregår rundt seg. På overflata er dette ein lett og lystig film som mellom anna spelar på Polen/Tyskland-vitsing (litt som våre svenskevitsar). Det som gjer det til ein betre film er at den består av fleire lag som frivillig kan utforskast, denne meiningstilførelsen er ein fin ting som eg kom til å sette pris på her.

7/10

Si le vent soulève les sables (2006)

IMDb: 7.5/10 (201 votes)

sounds of sandEin afrikansk familie blir tvungen til å flytte på grunn av langvarig vassmangel, med kone, to søner og ei dotter på slep legg Rahne i veg mot nordaust. Dette skal bli ein hard tur, vassmangelen strekker seg over store landområde og vegen er full av bandittar, opprørarar og slu militære. Sjølv om eg aldri blei rørt er «Sounds of Sand» ein trist film, det skjer dødsfall og andre tragediar undervegs som familien rett og slett ikkje kan ta seg råd til å ta seg nær av. Vassmangel er eit stort problem og filmen slår aldri fast at dette føregår på ein spesifikk plass for å framheve dette. Handlinga føregår i eit behageleg tempo utan å bli kjedeleg, den er som nemnt ikkje rørande, men interessant.

7/10

Yella (2007)

IMDb: 6.6/10 (770 votes)

YellaTil «Yella» stilte eg med blanke ark, eg ikkje hadde høyrt om filmen sin tittel eingong før like før den blei køyrt i gong. Sjeldan har eg så ekstremt lite forkunnskapar, men dette var ein interessant måte å starte på. Yella er namnet på dama som filmen handlar om, me får vite at ho har fått seg jobb utanbys og skal flytte. Tidleg gjer ho det dumme valet og let eks-kjærasten køyre ho til togstasjonen. Han er mentalt ustabil og det skjer ei ulykke på vegen; Yella får ei nær-døden opplevelse. Tross ulykka kjem ho seg overraskande fort til stasjonen og reiser til Hanover der ho jobbar med noko økonomistyr. Når filmen var komme så langt, rimeleg tidleg ute i filmen, hadde den delvis mista meg. Resten av filmen prøvde eg mest å fange opp små humoristiske augeblikk for å overleve og ikkje minst fotografiet. Sjølve handlinga var lite givande, rett og slett småkjedeleg. Detaljar i bilde avslører fort at noko ikkje er som normalt, og det er vel meininga. Men ikkje så godt gjennomført at eg får noko glede over det.

5/10
1 / 212