«Old Joy» er ein relativt kort film med sine 75 minuttar Den handlar om to venner som ikkje har vore bestevenner på nokre år grunna jobb, dame og heile den pakka med vaksengreier. Kurt er ein av dei og den som inviterar den andre med på skogstur. Kurt heng på sett og vis litt igjen i ungdommen sin kan det verke som, og dette gjer han til ein tragikomisk person og filmen sitt lyspunkt. No har ikkje filmen det meste av dialog, men heller mange lange og flotte takes som stadig vekk trekk filmen ned igjen på eit overbehageleg og roleg nivå etter meir eller mindre trivielle samtalar. Det handlar ikkje om så mykje dette her, og det skjer heller ikkje mykje. Filmen gav likevel kjensle av at noko kom til å skje heile vegen. Om det var meg som innerst inne ønska meir spenning, eller om det var bevisst frå regissøren si side veit eg ikkje. Med musikk av Yo La Tengo blir det skapt god stemning i filmen, og det er denne eg likar best, tilsaman med humoren Kurt lagar. Elles er filmen litt for langsom for mitt vedkommande, 75 minuttar er nesten for langt?
Kosmorama var tida for å bryte uhøgtidlege nyttårsforsettet mitt, nemleg å sjå meir enn ein langfilm i løpet av ein dag. Gudane var i vrede og forsøkte med alle midlar å øydelegge planen min. Eg skal kjapt oppsummere dagen på Nova kinosenter:
Tre litt tilfeldige filmar var utgongspunktet for kvelden: Tyske «Ferien» skulle visast som 35mm, men det blei frå DVD grunna forseinking i posten. Og DVD på kino er ikkje det heilt store. Eg kjem tilbake til denne. Nummer to skulle vere «Angosto», denne blei avlyst grunna teknisk trøbbel. Eg kryssa fingrane for den siste, men den egyptiske «The Yacoubian Building» spontanaborterte undertekstinga 2 (av 3) timar ut i filmen, skikkeleg surt ettersom dette var ein kjempefilm fram til då. Den må bli sett ferdig på anna vis.

Så tilbake til «Ferien», eller «Vacation» som den gjekk under i festivalprogrammet. Dette er ein Thomas Arslan-film om relasjonar, og regissøren var tilstades for å introdusere filmen og svare på spørsmål i ettertid, ei fin overrasking. Ein tobarnsfamilie er på ferie ved det idylliske landsbyhuset til damas mor. Å vite særleg meir enn dette vil øydelegge meir enn glede. Men lat meg sei at visse familierelaterte problem oppstår.
Thomas Arslan plasserar verken seg sjølv eller filmen sin i nokon bås (som tysk nybølge o.l.), men påstår mange av vala er tilfeldige eller berre passar slik i samanhengen . Filmen består av mange uprofesjonelle for å skape ei familielikskap der Angela Winkler spelar mora med huset. Den har stadige «pausar» med nydelege naturbilde. Ungane i filmen seier og gjer aldri noko som har direkte med resten å gjere. Alt samla dannar det seg ein god film. Arslan har nok bevisst lagt lok på følelsar og dialogbruk, for å unngå klisjeen og komme nærmare ein mogleg realisme.
«Ferien» var ein nydeleg film. Det er den type film som kunne blitt kjedeleg å sett på tv, men når ingen av publikum valte å utsette filmen til 35mm-rullen skulle komme måndag var det opplagt at folk hadde lyst å sjå den, og det skapte godstemning. Lange sekvensar gir plass til å oppleve det idylliske i bilde, framstilt på nærast dokumentarisk vis. Det eg likte spesielt var at filmen aldri gir seg med denne idyllen, sjølv når småproblema kjem på bana. Og at den forblir nydeleg tvers igjennom.
Det blir med desse orda, det som opprinneleg skulle vere ein trippelpost om Kosmorama blei ein enkel.
Sauer vil aldri bli det same igjen! Med «Black Sheep» i kveld vart eg offisielt Kosmoramapublikum for årets festival. Og for ein måte å bli det på!
«Black Sheep» er noko av det eklaste eg har sett på kino. Nokre vil kanskje sei seg litt skuffa, noko eg kjem tilbake til, for eg vil opne med det som gjorde at eg likte filmen.
Horrorfilmen, skrive og regissert av Jonathan King føregår på New Zealand, sauenes rike, og sidan Kosmorama sendte uteksta versjon var det litt problematisk å få med seg all dialog. Til tross for dette blei nesten all humor fanga opp, kanskje filmen si sterkaste side. Midt oppi blod, gørr og muterte sauer glimtar skodespelarane til med one-liner etter one-liner. Faren med å ha for mange slike er at det kan dukke opp nokre som ikkje fell i smake. Her fall alt i smak.
Oliver Oldfield (Matthew Chamberlain) har saueskrekk. Turen tilbake til garden han vaks opp på er eit reint mareritt i utgongspunktet, men blir gjort på oppfordring av psykologen. Det viser seg at broren har forska på genmanipulerte sauer, og når den defekte varianten slepp laus bryt helvete ut.
«Black Sheep» er som ein zombiefilm, berre med sauer. Den har brukt minimalt med CGI (om i heile tatt?), og heller pøst på med make-up og bøtter av teaterblod. Skal eg først sjå gore foretrekk eg dette for betre effekt. Her er det knallbra tillaga og oppnår målet.
Historien som held det saman har eit godt nok grunnlag med tanke på handlinga. Men den har visse dødpunkt midt inni, sidan angrepa frå sauefronten startar rimeleg tidleg. Det som trekker opp er brå overraskelsar undervegs og karismatiske skodespelarar. Danielle Mason som naturaktivisten Experience gjorde at eg smelta; dum, men ikkje for dum, litt smart kanskje, men likevel dum. Og sukkersøt.
Godt grafisk framstilt, intensiv og ikkje minst veldig ekkelt. «Black Sheep» har det som skal til for å bli ein god sjangerfilm. Sjå filmtraileren og du har danna deg eit godt bilde av kva dette er.
Eg er skuffa, likevel om eg ikkje sat inne med nokon forventningar før filmen. Den var faktisk så kjedeleg innimellom at eg nesten sovna iallfall 10 gonger, og sovna skikkeleg minst 2 gonger. Det einaste eg likte ved filmen var det sprø ekornet som jakta på nøtta, og den gode animasjonskvaliteten. Men det skal meir til for å bli god film, dei tidenene då dataanimasjon imponerte eine og åleine er over. Som eg nemnte i «Hoodwinked», så var ikkje animasjonen der på topp, men filmen går utvilsomt denne ein høg gang.
Eg vil ikkje slakte «Ice Age: The Meltdown», det er ein film som tydeleg er meint for den yngre garde, men varme og sjarmerande humor, og på det planet lykkast filmen. Meg på ei anna side, begynnar å bli lei av alle desse animasjonane med dyr i. Dei er alle like!
Samanlikna med andre nye animasjonsfilmar, som f.eks. «Ice Age: The Meltdown», så er animasjonsnivået på Hoodwinked litt tilbake i tid. Fysikken er veldig unaturleg og stiv, men gir filmen eit særpreg. Ingenting av dette var noko problem, for dette er ein av dei betre animasjonsfilmane eg har sett på lenge, den er nesten like god som «Wallace & Gromit in The Curse of the Were-Rabbit» faktisk.
Historia om ein kriminell som prøver å ta over søtsakeforretningane i skogen, presentert gjennom ei rekke avhøyr, er for meg ein ny måte å bygge opp ein animasjonsfilm. Artig!
