Filmdagbok
ness
24-okt-2006

Trois couleurs: Rouge (1994)

User Rating: 8.0/10 (13,837 votes)

Kva har den gamle dama som prøver å putte ei flaske i returcontainaren her å gjere? Kvifor er det berre i denne filmen ho får hjelp?

Siste film i «Trois couleurs» trilogien er den med varmast stemning av fargane. Og Valentine er også den mest omtenksame av dei tre hovudpersonane i trilogien. Skal eg velge ut min favoritt står valet mellom denne og Blå. «Blå» er kanskje hakket betre, men «Raud» stikk definitivt av med beste slutt.

Valentine er modell, får seg ein ny venn, er uvitande omringa av forhold som ikkje går så bra. Desse andre personane sin rolle i filmen krev litt å få med seg skikkeleg, dei er veldig like. Den nye vennen til Valentine er tidlegare rettsdommar, tjuvlyttar på andre sine trådlause telefonsignal, har ein hund som får kvelpar, og drikk pære brandy.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
12-okt-2006

Trzy kolory: Bialy (1994)

User Rating: 7.5/10 (8,652 votes)

Den andre franske filmen i «Trois couleurs» trilogien har fått polsk tittel, foregår for det meste i Polen, og har ein polsk mann i hovudrolla. Og når regissøren i tillegg fortsatt er polsk, så er det eigentleg ikkje så mykje å halde igjen på til å kalle det ein fransk film.

Mannen i hovudrolla, Karol - den polske versjonen av namnet Karl (Zbigniew Zamachowski), befinn seg i utgongspunktet i Frankrike, der han er nyskilt frå den franske kona si Dominique (Julie Delpy) fordi han ikkje har klart å tilfredsstille ho etter dei gifta seg. Ute på gata, utan pengar og pass, møter han ein polsk mann som hjelper han tilbake til Polen, der han set i gong med ein plan for å få Dominique tilbake.

Analyse driv eg vanlegvis ikkje med, og kvit er ein farge som ikkje har så tydeleg meining som blå for min del. Men les ein litt rundt omkring så dukkar ord som håpefull, reinheit, ekstase og uskuld opp. Dette stemmer forsåvidt med dei inntrykka eg fekk i filmen, så skal ikkje gå så mykje vidare innpå det. Elles blir scener der kvitfargen er utheva vel brukt og forsåvidt. Musikken er ikkje like kraftfull som i Blå, men spelar også ein viktig rolle her.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
11-okt-2006
Comments Off
Comments Off

Trois couleurs: Bleu (1993)

User Rating: 7.8/10 (12,783 votes)

Juliette Binoche. Benoît Régent. Krzysztof Kieslowski. Kraftfull filmmusikk. Sørgeleg undertone, blå. Fransk. Lågt tempo. Tankevekkande. Flotte bilder, blå.

Stort sett dei mest tydelege tankane mine når eg såg filmen er oppsummert i forrige avsnitt. Greia med namnet til Kieslowski hugsa eg nok ikkje bokstaveleg, men tenkte litt på det i starten. Mannen er polsk og lagde stort sett polske filmar, før han avslutta karrieren med fire franske. Av desse høyrer tre til under trilogien «Trois coulerus»; blå, kvit og raud, som i det franske flagget.

Julie (Juliette Binoche) spelar enka til ein velrenomert komponist som dør i ei bilulykke saman med dottera deira. I ettertid av ulykka ønsker ho å komme vekk frå alt og alle, og leiger ei leiligheit under pikenamnet sitt. Olivier (Benoît Régent) vil prøve å fullføre den avdøde komponistens siste konsert, og har også lagt sin elsk på Julie.

Musikken er det viktigaste verkemiddelet i filmen, utan å utelukke bilde på noko måte. Gongene bilde stoppar opp og musikken tek overhånd får det til å krible i heile kroppen, det same kan seiast om sekvensane der fingeren som stryk over notane på eit ark spelar alle instrumenta oppført.

Blå er fargen som Julie prøver å unngå, men likevel ikkje vil gi heilt slepp på. Av dei få tinga ho tek med seg når ho flyttar er ei blå lampe. Mange av bilda i filmen har ein blåtone som stadig minnar oss på kvifor Julie er kommen dit i livet som ho er, og gjer at den sørgelege undertonen blir godt beholdt.

Eg ser med stor glede fram til dei neste filmane i serien, og håpar dei klarar å gjere det same inntrykket med musikken og bilda som denne filmen her, ikkje nødvendigvis på eit trist nivå, noko eg heller ikkje forventar med fargane kvit og raud.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10