Filmdagbok
ness
04-apr-2008
Comments Off
Comments Off

M*A*S*H sesong 3

M*A*S*H: 4077th Mobile Army Surgical Hospital
Lokalitet: Uijeongbu, Sør-Korea
Tid: Koreakrigen (1950-53)

Captain Benjamin Franklin «Hawkeye» Pierce (Alan Alda)

Seriens midtpunkt, eksellent lege som lik resten av gruppa er i Sør-Korea mot sin vilje. Har ein tendens til å bruke sarkasme og gi slengkommentarar i ytterst alvorlege situasjonar. Dissing av overordna og legekollega Burns i operasjonsrommet er ved sidan av martinidrikking det som tek opp brorparten av tida hans. Veit likevel kor grensa går og kan vere seriøs når det trengs, noko som er med på å gi karakterdjubde.

Captain John Francis Xavier «Trapper» McIntyre (Wayne Rogers)

Hawkeye sin teltkamerat og sidekick i serien mellom 1. og 3. sesong er den like munnrappe Trapper, som også er like glad i å plage Burns og drikke martini. Trapper har kone og barn heime i statane, noko som ikkje hindrar han i å vere på vift med sjukepleiarane, men han leverar kanskje oftare si alvorlege side av seg i serien og framstår som mindre grensesprengande enn Hawkeye, sjølv om forskjellen sjeldan er den største.

Lt. Colonel Henry Braymore Blake (McLean Stevenson)

Eit anna karakter som også forsvinn etter 3. sesong er sjefen i 4077. Som dei to førre er han lege, glad i drikking, barskåpet hans i offisersteltet tek sin plass. Blake er eit slags midtpunkt mellom Burns og Hawkeye, han likar ikkje papirarbeid, militære eller ansvaret sitt, og prøver stadig unngå Burns omfattande militærdisiplinering som truar den overordna offisersrolla hans, samtidig som han i blant er nødt til å vise seg som sjefen han er. Samspelet med «Radar», dette kjem eg tilbake til straks, byr på nokon av dei mest fornøyelege episodane hans.

Corporal Walter Eugene «Radar» O’Reilly (Gary Burghoff)

Gary Burghoff spela også Radar i filmen serien bygger på. Han er ein liten person som trekk i trådane då han har meir kontroll over leiren enn hans overordna, Blake. Nesten kvar gong Blake er i ferd med å stille eit spørsmål er Radar samtidig i ferd med å svare på det. Han har også usannsynleg stor apetitt til å vere så liten, er veldig blyg ovanfor kvinner, er glad i dyr, naiv og enkel for Hawkeye å manipulere. Serien kunne umogleg ha vore den same utan Radar.

Major Franklin Delano Marion Burns (Larry Linville)

Burns er ein karakter som er meint å mislikast, Hawkeye og Trapper rakkar alltid ned på han, fordi Burns alltid blir sur. Han er som ein liten unge, pliktoppfyllande og litt pinglete. Han er også den verste legen i staben, mest på grunn av usikkerheita si som følger av nedrakkinga frå Hawkeye. Han er også ein av få som er stolt av å vere i militære og sender velvillig dagspengane sine tilbake i krigsfond. Burns er med andre ord ei viktig rolle for «M*A*S*H» han og, både på grunn av grinebitinga si og det skjulte kjærleiksforholdet til «Hot Lips»

Major Margaret J. «Hot Lips» Houlihan (Loretta Swit)

Hot Lips er sjukepleiar og står på Burns si side i dei fleste disputar mot Hawkeye. Ho kan gå langt når det gjeld å forlange militær rettferdigheit og byr sånn sett på større truslar enn Burns åleine, difor har ho mykje å sei når han og Hawkeye er midt i ein krangel, når ho gjerne avgjer disputen med å skifte til Hawkeyes side til slutt. Som ei av få kvinner i militære er ho ofte utsatt for grove peik, men skaparane av serien har vore så gode at ho i fleirtalstilfelle endar opp med fortent respekt. Ho har eit meir reflektert syn på saker, men blir i blant blinda litt av kjenslene sine og den patriotiske tankegongen sin.

Klinger og Father Mulcahy har dukka opp litt no og då hittil og blir etter kvart faste i «M*A*S*H»-crewet, i lag med Potter og Hunnicut som dukkar opp i fjerde sesong. Eg avstår å nemne desse meir her, men kjem nok tilbake til desse og dei ulike miljøa som «The Swamp» og «O.R.» seinare.

 
ness
02-jan-2008
Comments Off
Comments Off

M*A*S*H sesong 2

24 episodar.

 
ness
16-sept-2007
Comments Off
Comments Off

M*A*S*H sesong 1

24 episodar.

MASHTil å vere laga i 1972 held «M*A*S*H» seg veldig godt som tv-serie. Den medisinske leiren til det amerikanske forsvaret under Koreakrigen har faktisk ein del likheiter med dagens Sacred Heart (i «Scrubs»). Strukturen er enkel og «M*A*S*H» har ingen samanhengane historie, så samanlikninga mot Scrubs står ikkje særleg stand der. Balanseringa mellom krigshumor og alvor er til tider så hårfin at ein ikkje veit om det er rett å le eller grine. På dette vis klarar serien å skape karakterdjubde i enn så enkle episodar.

Vitsane er stort sett brå og enkle, som gjer «M*A*S*H» til ein sitatvennleg serie. Alan Alda og dei andre skodespelarane har strålande karisma som gjer at tonen blir ledig og vitsane glir godt på plass.

Frank Burns: Why does everyone take an instant dislike to me?
Trapper: It saves time, Frank.

Fleire av episodane er bygd opp på tradisjonelt Knoll og Tott-vis, med Hawkeye og Trapper sine skurkestrekar mot Frank Burns og Hot Lips som grunnlaget, og hemna tilbake. Utfalla er aldri dei same, heller ikkje oppskrifta. Fleire episodar handlar om heilt andre ting, som i «The Ringbanger» der Leslie Nielsen spelar ein altfor breial pasient.

Med totalt 11 sesongar, der eg har 10 av dei framfor meg, spørs det korleis «M*A*S*H» vil halde fram. På kanten av den 24 episodar lange førstesesongen merka eg at det var på tide med ein pause. Men «M*A*S*H» er vanedannande og morosamt, så kor lenge eg kan halde meg unna er uvisst.