17 episodar.
«Las Vegas» er den type tv-serie som legg mest vekt på enkeltepisodar, og berre små trådar strekk seg gjennom fleire. I forhold til seriar som «Lost» og «Prison Break» er det eit enkelt opplegg, som i grunn kan vere ei god avveksling.
Etter fire sesongar med folk som prøver å jukse, kjente namn på gjestelista, forsøk på ran og dramatiske skyteepisodar i ny og ne, har serien har nådd toppen for lengst. Det er fleire teikn på dette, som at fjerde sesong var seks episodar kortare enn vanleg. James Caan og mindre viktige Nikki Cox forlet snart staben og vil nok gi seg tidleg i sesong fem.
For det blir ein femte sesong, eg har ikkje trua på at det er meir å hente, sjølv om sesongavslutninga her var mildt sagt eksplosiv og ein veldig spennande episode. For med Caan ute av bilde er serien over i hendene på den middels skodespelarstaben han var med å trekke opp på eit akseptabelt nivå.
Dette blei eit urettferdig fordelt innlegg, for sjølv om sesongen er kortare, det nærmar seg ei avrunding, lite nytt skjer, så er det «Las Vegas» som det alltid har vore. Tiden vil vise om neste sesong blir ein fiasko. Eg reknar med eg kjem til å sjå den uansett kva eg seier no.
23 episodar.
Denne serien har aldri vore meir for meg enn eit slags kvilepunkt blant alle andre seriane eg ser. Ein serie som eg helst ser som smÃ¥ maraton. Episodane har enkle, ofte humoristiske historiar, og er ikkje redd for Ã¥ trakke over linja til det urealistiske. Her er det ogsÃ¥ snakk om lettkledde damer, pengar, mykje produktplassering og kjente gjester som spelar seg sjølv. SÃ¥ spørsmÃ¥let er dÃ¥ kvifor denne serien er verdt Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥. Eg gav litt av svaret innleiingsvis, men mÃ¥ ogsÃ¥ innrømme at eg vart rimeleg hekta nÃ¥r eg hadde heile sesong 1 og 2 liggande klare i haust. SÃ¥ eg «mÃ¥tte» sjÃ¥ sesong 3 og. I ettertid, nÃ¥r eg samanlikna med dei to første sesongane, mÃ¥ eg innrømme at eg sit igjen med kjensla av Ã¥ ha kasta bort tid. Iallfall halvparten av tiden, for her har det blitt for mykje «fan service», til og med for Las Vegas Ã¥ vere.
Så spørsmålet eg stiller meg sjølv er då om eg skal sjå sesong 4 når den kjem. Svaret har eg ikkje heilt klart endå, men kjenner eg meg sjølv rett så klarar eg vel ikkje la vere å sjekke ut.
24 episodar.
Ein meir eksplosiv sesongavslutning skal ein leite lenge etter. Og for ein eksplosjon det var, bokstavleg talt, men sidan tredje sesong allereie er godt i gang, så vil det nok alle tvistane på slutten her løyse seg på ikkje så altfor lang tid, kjenner eg serien godt.
23 episodar.
Ei dundrandes sesongavslutning, ein av dei betre eg har sett denne hausten. «Las Vegas» er ikkje den mest originale serien eg har sett, men det er god og enkel underhalding, så eg vil nok gå vidare med serien og sjå neste sesong.