IMDb: 7.3/10 from 1,338 users
Den siste filmen frå DC Universe Original Animated Movies i 2011 er Batman: Year One. Det er historia om hendingane som involverer Bruce Wayne, James Gordon og Selina Kyle første året etter Bruce Wayne er komme tilbake til Gotham.

James Gordon kjem til Gotham samstundes med Bruce Wayne, og han er karakteren vi følgjer mest av dei tre sentrale som vi er innom. Politiet i Gotham er prega av korrupsjon og Gordon møter både motvillige kollegaer og fysiske barrierar. At Batman dukkar opp gjer ikkje jobben hans lettare.
Bruce Wayne kjem tilbake frå 18 år ein annan stad. Han er utålmodig og vil byrje kampen mot kriminaliteten så fort som råd. I ei parallell historie til Gordon si fortel Batman: Year One om korleis Wayne blei til Batman. Likskapane til Batman Begins er her. Batman: Year One er ein adapsjon av teikneserien med same namn, ein teikneserien som Batman Begins henta inspirasjon.
Catwoman, dekket til Selina Kyle, får minst plass i filmen. I heile teke er ho så lite med at ho kanskje kunne ha vore fråverande, men ho syner at Gotham er meir enn berre Batman.
Batman: Year One kan godt vere den beste filmen i rekkja til DC Universe Original Animated Movies fram til i dag, han er iallfall nær. Det er plass til minst to gode historiar om opphav, interne og eksterne konfliktar på mange plan, og ein del intens skyting. Alt utan dødtid.
Filmen er god, sjølv om eg har sett deler av historia i form av Batman Begins tidelgare. I løpet av 65 minuttar gjer den alt som trengs for å vere engasjerande og underhaldande. Om Batman: Year One fortel historia like godt som teikneserien den baserer seg på, det får vere opp til andre å dømme.
8/10
IMDb: 6.8/10 from 1,522 users
Den andre Green Lantern-filmen i DC Universe Animated Original Movies-serien, om du ser bort frå Justice League-installasjonane, er historiane om dei grønkledde kollegaene til green lantern Hal.

Hal er ein av fleire green lantern-ar, og den vi har fulgt tidlegare i filmserien: Justice League: The New Frontier, Green Lantern: First Flight og Justice League: Crisis on Two Earths. I Emerald Knights blir vi fortalt bakhistoria til andre grøne ringberarar, mellom anna Kilowog, Abin Sur og Mogo. Historiane bygg opp til ein kamp på slutten, der vi får sjå alle delta i lag.
Sånn sett er Emerald Knights som ei samling kortfilmar sydd i hop med ei større historie. Bakhistoriane er passe spennande og fungerer godt når du veit at dei bygg opp før hovudhistoria. Men i det store og heile er ikkje hovudhistoria spesielt spennande, og er heller ikkje via mykje fokus før på slutten.
Vi blir fortalt om ei vanskeleg utfordring i Arisia Rrab si bakhistorie og får humore i Mogo si, og med dei andre folka i tillegg blir dette akkurat passe variert til å halde fram til slutten. Som vanleg må vi òg tåle store dosar eksplosjonar, flammar og røyk.
Emerald Knights ligg på eit forventa nivå med litt gøy, spenning og fint tempo. Men den når ikkje opp til dei beste i filmserien eller forgjengaren First Flight.
6/10
IMDb: 7.0/10 (1,138 votes)
Det har etter kvart blitt ei fast greie her å ta for seg filmane som dukkar opp i serien DC Universe Original Animated Movies, beståande av rett-på-video-filmar med kjente og kjære superheltar frå DC-universet. Superman/Batman: Apocalypse er det andre møtet mellom dei to vidt forskjellige heltane, og me blir introdusert for Supergirl for første gong.

Supergirl er midtpunktet for ei kidnappinghistorie som trekkjer heltane våre til planeten Apocalypse, der supersurken Darkseid held til. Stort meir komplisert er det ikkje vits å gjere introduseringa til historia, som ikkje klarar å nå toppen i denne franchisen. Men actionbiten er god nok, og filmen blir ikkje noko kjedeleg tidtrøyte, men heller ein fartsprega mellomting av det eg forventar av ein film og ein tv-episode.
Superman/Batman: Apocalypse er den svakast filmen hittil, og ein film som folk utan den heilt store interessen lett kan hoppe over.
5/10
IMDb: 7.0/10 (983 votes)
I fire år no, har Warner Bros. og DC Comics levert animasjonsfilmar i serien DC Universe Original Animated Movies. Eg har sett dei tidlegare filmane, som det er seks av, og desse kan du lese meir om på stikkordsida for DC Universe Original Animated Movies.
Justice League: Crisis on Two Earths er den andre filmen i serien som handlar om Justice League. Laust basert på teikneserien av JLA: Earth 2 av Grant Morrison, går handlinga føre seg etter eit møte mellom superkrefter i to parallelle univers.
Då filmen i større grad består av kampar mellom to eller fleire superkrefter, blir ei oppsummering av handlinga ei urettferdig avsløring, ovanfor dei som skulle ønske å sjå filmen. Så lat meg dreie dette over mot animasjonen og filmen i heilskap, om den er tilfredsstillande i forhold til forventingane av ein animasjonsfilm som er komen rett på video.
Som med dei andre filmane i serien er denne kort, og tempoet er høgt heile vegen. Kampane er mange, og ikkje så dramatiske, men på tvers av desse er det eit driv i handlinga. Sjølv om det ikkje nødvendigvis er hovudtrekka i historia som gjer dette til ein grei film, er kombinasjonen av ein klassisk kamp mot det vonde ikkje å fornekte, når detaljane i oppbygginga av historia er på plass. Slik er Justice League: The Crisis on Two Earths, og slik har dei fleste andre filmane i serien vore, tilsynelatande enkle historier, gjort med omhug med tanke på karakterar og ein logikk i fiksjonsuniverset, der handling går føre seg.
Konklusjonen får bli den at dette er ein grei animasjonsfilm, som faktisk klarar å oppnå det og vere ein film, framfor å verke som ein lang episode frå TV. Den svarar til forventingane eg hadde kring prosjektet, men var då heller ikkje den filmen eg venta mest på i DC Universe Original Animated Movies, og heller ikkje den beste så langt.
6/10
IMDb: 7.3/10 (1,290 votes)
«Green Lantern: First Flight» er ferskaste under DC si rett på video animasjonssatsing, og femte i rekka. For dei grøne er altså Green Lantern ein mann som får ansvaret for ein ring som gir han superkrefter, og gjer han til vaktar i denne delen av universet. Filmen er ein fin introduksjon til superhelten og ei god blanding humor og action. Ein superskurk er på plass, og det er ei glede å sjå at animasjonsfilmen faktisk tek litt av etter kvart, og som dei andre DCUOAM-filmane både er supertøff i tradisjonell forstand og gjer noko meir vaksent ut av seg.
7/10
IMDb: 7.2/10 (1,440 votes)
Som andre filmar i satsinga DC Universe Original Animated Movies er «Wonder Woman» ein knallkjekk animasjonsfilm med gjenkjennelege stemmer. Nathan Fillion og Keri Russell gjentek romansen som i «Waitress», og det er berre starten på namnelista. «Wonder Woman» er byrjinga på sagaen, og ein animasjon som innheld ei god blanding av mytologi, overnaturlege krefter og det moderne Amerika. På 74 minuttar er dette perfekt lengde for ein mest actionfylt film, som burde passe like godt for antatte vaksne (som meg) og yngre folk. Filmen var iallfall til stor glede og innfridde oppbygde forventingar etter å ha sett tidlegare DCUOAM-filmar.
7/10
IMDb: 7.1/10 (2,069 votes)
Litt skeptisk til teiknefilmformat i denne samanhengen gav eg meg likevel i gong med «Superman: Doomsday», der stemma til Superman er Adam Baldwins («Firefly») og Anne Heche («Men in Trees») står bak Lois Lanes stemme.
Historien er av den fine sorten, dvs. at den involverar Lex Luthor og dødsalvor for Superman. Luthor grev opp ein utanomjordisk, udødeleg krigar som etter kvart skapar ein del trøbbel for Superman. Utfallet av ein lang og vill slosskamp etter berre halvtimen av filmen har passert bygger grunnmuren for resten av filmen som er både villare og meir interessant enn den barne-tv-animasjonsliknande første delen.
Til tross for at det er altfor lite blod her og øydeleggingane er mest på bygningar klarar filmen også å levere litt meir djupsittande alvor, om enn på like enkelt vis som spenningen, til den grad at eg faktisk ser ut til å bry meg om det.
Bortsett frå dette må filmen bli tatt for det den er, ein rett-på-video produksjon som på enkelt vis er mest actionretta. Til å vere det er den god, og eg kjeda meg heller ikkje. Heller det motsette, det er nokon flotte sekvensar i blant som gjer dette til ein god nok animasjon.
6/10