«Wyatt Earp» er ein nyare westernfilm med Kevin Costner i hovudrolla som Wyatt Earp. Det er tidlegare laga fleire filmar om denne vidkjente lovmannen, som ein av John Ford i 1946 («My Darling Clementine») og «Tombstone» frå 1993 med Kurt Russell. «Wyatt Earp» tek for seg livshistoria til mannen, ikkje berre enkelte periodar frå livet hans. Som dokumentariserande, Hollywoodisert westernepos fungerar dette godt. 3 timar er lenge, litt for lenge faktisk, men innstilt på ein lang film er det ingen tålmodigheitsprøve. Mange gode birollar gjer at det blir skapt ei heilheit som passar rundt Earp-familien og då spesielt Wyatt. At filmen heller ikkje forsøker å skape ein perfekt helt er ganske så forfriskande, den tek heller utgongspunkt i å prøve og forklare ulike val han tek med forhistorien hans. Om ikkje den beste westernfilmen, så likevel ein god ein.
Ein fartsfyllt western med Kevin Kline, Kevin Costner og Danny Glover, blant anna. Men Scott Glenn kjem ut av det heile som den beste typiske revolvermannen. Musikken er etter min smak altfor overdådig, men det er klart den er med på å sette stemninga på rett spor. Ingen ting eg la spesielt merke til som utmerka seg med denne filmen likevel, og det var lenge uklart kva historien til folk var, noko som eg følte gjekk utover handlinga retta framover.
