«Stranger Than Fiction» er blant mine Will Ferrell favorittfilmar. Den er morosam, Ferrell er nedtona og passiv, ei rolle han gjer godt. Den er smart, eller verkar så med sin litteraturprega, metafilmske, innfallsvinkel. Den har ei vittig forteljarstemme, som dessverre dukkar litt for sporadisk opp. Det er romantikk, med eit snev av underleg affeksjon mellom to vidt ulike mennesker. Filmen er altså likandes rar og annleis nok, men samtidig lettfatteleg og med kjente og kjære ansikt å knyte seg til. Den har det som skal til for å spre god stemning, samtidig som den kan skilje seg ut i mengda.
Eg har sett lite film i det siste, men har rukke å få med meg «Quantum of Solace» på kino. Elles har det stort sett gått i bøker.

Daniel Craig er tilbake som James Bond i det som denne gongen er ein Marc Forster-regissert film der mellom anna Paul Haggis har skrive manus. Eit røft preg, mykje vald og ein litt kald og kynisk Bond har i lag med det nokon kallar mangelen på vante James Bond-kjenneteikn fått enkelte til å reagere. Men her er det nok fleire som ikkje har sett godt nok etter.
Personen James Bond er langt nede etter tapet av Vesper i forrige film, han kan framstå som brutal og oppslukt i ei hemnjakt, men er bak maska stadig like kalkulert og det kjem etter kvart nok spor til ein leiken agent som er glade i det kvinnelege selskap. Craig held maska med stil i den tidlege delen av filmen, men den som følgjer godt med kan legge merke til ei endring i personen hans, om ikkje stor så iallfall nok til å kunne oppdagast.
Av fart og spenning byr «Quantum of Solace» på alt i frå sprø biljakt, til båtjakt til fotjakt og eksplosjonar. Her er det meste, det går hardt for seg, men det er ein variasjon å setje pris på. Dessutan har lengda blitt klart å halde nede på 1t 46min, ca 40 minuttar kortare enn forrige film. Nokre veit å setje pris på lengre filmar, eg er av oppfatting at fleire Bond-filmar er for lange og synst denne var perfekt med tanke på historia.
At skurken ikkje er ute etter å øydelegge jorda, men at han er ein utspekulert menneskeforbrytar gir meg ein større grunn til å mislike han, men også å like han som skurk.
Eigentleg var det ingenting eg beit meg merke i som dårleg med denne, sjølvsagt kunne eg gått inn for å samanlikne den med ein av dei første filmane med Connery og komme med at Bond er ein glattare og meir kvinnebedårande person der, men eg ser heller ikkje poenget i at alle filmane skal vere heilt like, og denne har meir enn nok til å vere ein Bond-film.
Det manglar ikkje på forvirring i Marc Forsters mysteriethriller frå 2005. Ewan McGregor er ein psykriatar som behandlar ein skrudd kunststudent viss plan er å drepe seg sjølv på ein fast dato. Men ting er ikkje som dei virka, og når dei er mystiske nok frå før er det ikkje akkurat lettfatteleg. Misforstå meg rett, handlinga går an å fatte, men det er flust med små ting som gir eit inntrykk av at det er noko som ikkje stemmer, og desse tek etter kvart overhand. Bl.a. er statistane i enkelte scener begrensa, same personen blir kopiert fleire gonger. Slikt vekker sjølvsagt mistanke for sjåaren.
Vel verdt er det å legge merke til dei flytande bildeovergongane som bevegar seg godt over i det surrealistiske. Nydelege kameraføringar og ein dyster musikk. Filmen beheld ei nerve gjennom store deler, det er ofte på kanten til å vere småekkelt.
For dei som veit å sette pris på gode skodespelarar. Ryan Gosling («Half Nelson») spelar den spesielle kunststudenten. Naomi Watts er post-sjølvmordskandidat med oppløftande holdning. Ewan McGregor passar dessutan godt inn i rolla som ein flink (ikkje overflink og megsmart!) psykriatar, som får sitt å styre med.
Harold Crick er ein tilsynelatande normal person i ein normal jobb, med einaste problem at han er for normal, og då eit perfekt utgongspunkt for å bli ein karaktert i ei fiksjonshistorie. Slik er det at det startar, med ein voice-over som forklarar nettopp kor kjedeleg og forutsigbar Harold er. Ikkje lenge etter at me har blitt introdusert, blir Harold merksam på voice-overen, og grensene mellom fiksjon og realitet blir utviska.
Tragedie eller komedie, det er spørsmålet Harold stiller seg sjølv om han er ein del av. Frå tidleg av, historisk sett, på den tiden Dante Alighieri skreiv den (guddommelege) komedie definisjonen av ein komedie at det ikkje var ein tragedie. Men når det er ei tragisk historie som blir gjennomført med delvis vekt på det komiske, kva skal det kallast då? Vel, heldigvis har ord utvikla seg og eg kategoriserar filmen enkelt som tragikomisk. Punktum.
Følelsar er noko av det viktigaste på film, og «Stranger Than Fiction» scorar høgt på dette område. Utan å bli for sentimental får den meg til å kjenne situasjonen til Crick på kroppen. Dette blei eg litt overraska over. Surrealistiske filmar som prøver å skape eit spesielt miljø for ein eller fleire av karakterane sine, og samtidig legge vekt på å vere morosame, klarar i mange tilfelle ikkje appellere til tårekanalane mine.
Mannen som får snudd livet opp ned i denne filmen blir spelt av ingen ringare enn Will Ferrell, ein skodespelar som hoppar frå den eine komedien til den andre, og som ofte landar skeivt. I «Stranger Than Fiction» går det bra, sjølv om det ikkje er så nøye kva Will Ferrell gjer ut av seg. Harold Crick er ei enkel sjel som står så sterkt på eigne bein frå manuset si side at eg fristar å sei at Will Ferrell enkelt kunne ha blitt erstatta, utan at eg ytrar ønske om det hadde vore eit faktum.
Avslutningsvis hadde eg tenkt å komme med nokre syn på kva andre har meint om filmen, men står over. Simpelt hen fordi det blir for langt om eg skal prøve å begrunne syna mine, så eg fokuserar på filmen åleine. Ein film som innfrir alle forventningane mine, som treff dei rette punkta og får meg til å smelte som sjokolade i små omnsbakte cookies, og berre nyte filmen i eit einaste langt sukk, berre avbrote av ein skvett kaffi. Litt overdrive, men du ser poenget!
Bra prestasjon av «Peter» og «Michael» i filmen. Filmen var søt, men ikkje klissete. Romansen var utan openbar seksualitet, faktisk med handling. Kryssklippinga under episoden hagen nÃ¥r det blir leika indianar og cowboy var stilig.
