Engelen (2009)

IMDb: 7.4/10 (86 votes)

Gjennom den siste perioden har det gått i norsk film, og eg har no komme til Engelen. Dette er den første spelefilmen til Margreth Olin, og var eigentleg meint å vere ein dokumentarfilm. Meir om årsakene til dette finn sjølv.

At Engelen er ein god film, er det viktigaste å få fram først. Når eg såg filmen, var eg derimot ukonsentrert og hadde berbare maskina på fanget, i håp om å kunne minske sjansane for å smelle tilfeldige kjennskap på tjukken. Eg fekk difor ikkje levd meg så godt inn i karakterane som eg nok burde, men synst likevel dette var ein god film. Direkte sterk blei aldri.

Forventingane til filmen var ein dyster, kald sak. Men sjølv om dette er ei tragisk historie, blir den fortalt på ein vakker måte, med omtanke for karakterane, og fokus på urettferdigheit framfor giving av skuld.

Så sjølv om eg ikkje var hundre prosent konsentrert, var Engelen verdt å få med seg.

7/10

Ungdommens råskap (2004)

IMDb: 5.5/10 (159 votes)

Med «Ungdommens råskap» viser Margreth Olin korleis ungdommen på ein skule i Oslo oppfører seg, framfor kamera. For eit av dei mange problema til filmen er at det lett kan merkast i fleire av situasjonane som blir tekne med at ungdommen overdriv. Dessutan blir filmen aldri meir enn ungdom som lagar trøbbel, med eit par lyspunkt som viser at dei kan vere kreative når dei vil. Men dette er på langt nær med på å vege opp for noko. For Margreth Olin er ungdom ei gruppe menneske med dårleg oppførsel og ingen emne til å reflektere over saker. Når det skjer noko positivt er det fordi ungdommen synst det er morosamt, ikkje fordi dei innser at dei kan gjere godt.

I blant dukkar det opp eit par ektefølte sekvensar som ikkje er skapt for kamera, der situasjonar me alle har vore i oppstår.

Mangelen på utvikling, i heile tatt retning, er den største akilleshelen. Det blir kjedeleg etter 10 minutt fordi ein veit at Olin vil pøse på med nye episodar bygd på same ideen gjennom heile dei 80 minuttane.

4/10