Si le vent soulève les sables (2006)

IMDb: 7.5/10 (201 votes)

sounds of sandEin afrikansk familie blir tvungen til å flytte på grunn av langvarig vassmangel, med kone, to søner og ei dotter på slep legg Rahne i veg mot nordaust. Dette skal bli ein hard tur, vassmangelen strekker seg over store landområde og vegen er full av bandittar, opprørarar og slu militære. Sjølv om eg aldri blei rørt er «Sounds of Sand» ein trist film, det skjer dødsfall og andre tragediar undervegs som familien rett og slett ikkje kan ta seg råd til å ta seg nær av. Vassmangel er eit stort problem og filmen slår aldri fast at dette føregår på ein spesifikk plass for å framheve dette. Handlinga føregår i eit behageleg tempo utan å bli kjedeleg, den er som nemnt ikkje rørande, men interessant.

7/10