22 episodar.
Etter Ã¥tte Ã¥r med «That ’70s Show» er det med eit tungt farvel serien seier takk for seg. Sjølv har eg ikkje sett pÃ¥ serien i meir enn eit Ã¥r, men føler likevel eg har ein historie med den. Forrige sommar sÃ¥g eg dei sju første sesongane, kanskje litt for hyppig. Noko eg først la tydeleg merke til nÃ¥r eg forrige veke sÃ¥g «The Final Goodbye», ein 1-timers lang spesial med tilbakeblikk og intervju med gjengen foran kamera. Ein spesial eg kjem tilbake til lengre ute i teksten.
Denne siste sesongen har vore forskjellig på fleire måtar. Den var opprinneleg planlagt at serien skulle gi seg etter sjette sesong, men det blei lagt på to stykker etter kvart. Dette blir som ein attpåklatt, eller kva ein skal kalle det. To viktige rollefigurar har forsvunne, og etterlatt seg eit merkbart tomrom i serien. Ashton Kutcher som Michael Kelso tok farvel med oss i fjerde episode ut i sesongen, mens Topher Grace som Eric Forman gav seg etter forrige sesong.
Eric Forman var rollefiguren eg såg på som midtpunktet i serien, det var i huset hans mesteparten av tiden blei brukt, det var hans forhold som var det seriøse. Michael Kelso var den morosame klovnen, som gjorde alt artig. Ein skal heller ikkje undervurdere dei andre rollefigurane, for det er dei saman som gjer serien til den det er. Men som skodespelarar er det kanskje desse to som forlot serien som står igjen som dei mest interessante, samt Wilmer Walderama, kjent som Fez.
Forutan Ã¥ ha mista to viktige rollefigurar frÃ¥ serien, har det skjedd nokre fÃ¥ endringar som ein kan merke etter kvart. Les ikkje vidare viss du vil oppleve desse sjølv. Ny opningssekvens, som ikkje har den same sjarmen som før, men som likevel er bra med tanke pÃ¥ kva «sirkelen» har hatt Ã¥ sei. Ny figur blant hovudgjengen, Randy, som er ein slags mellomting med dei beste eigenskapane frÃ¥ Kelso og Eric kanskje. Dette er ikkje same fyren som blei introdusert i slutten av forrige sesong, det var Charlie, og han døydde nÃ¥r han datt ned frÃ¥ vasstÃ¥rnet. Eg trur det har med at han var for lik Eric, og at dei ikkje ville kunne ha erstatta Eric med han, sÃ¥ dei droppa han, dette er berre spekulasjonar frÃ¥ mi side. Og Kitty har forresten ny hÃ¥rsveis.
Bortsett frå desse småtinga, så har folket blitt vaksne, så det vesle dei held på av ungdommelegheita blir ikkje så uskuldig morosam lengre. Det blir nesten litt tragikomisk, at dei som er igjen ikkje har komme seg lengre i livet. Vitsane er forlengst oppbrukt, og det blir servert mange litt for tørre her. Enkelte rollefigurar irriterte meg meir enn dei andre, og den einaste som har tilført serien noko ekstra er Fez (Wilmer Valderrama), som både har klart å halde på litt av den gamle sjarmen sin, men samtidig, endeleg, gått vekk frå å vere den 100% godteri og pornofikserte guten.
I «The Final Goodbye» var det derfor litt skuffande Ã¥ ikkje fÃ¥ intervju med Topher Grace. Men alle dei nye inntrykka og den nye innsikten til serien var faktisk litt overvelmande. Eg har alltid vore klar over at det opp dei to treppene frÃ¥ kjellaren ikkje har vore noko, men det var likevel veldig spesielt Ã¥ sjÃ¥ settet i bitar. Elles la spesialen mykje vekt pÃ¥ Ã¥ repetere kor god kontakt dei forskjellige skodespelarane bak serien har fÃ¥tt, samt flashbacks. Eit absolutt «must» Ã¥ sjÃ¥ for den som likar serien.
Dei siste episodane av den siste sesongen skil seg ut frÃ¥ resten med at dei er meir morosame enn sesongen generelt, og gir ei djupare meining sidan dei er meint Ã¥ avslutte serien. For dette har vore ein tam sesong, med mange tamme vitsar, og ein lang tilvenningsperiode der eg ikkje klarte Ã¥ tenke meir enn at dei burde ha gitt seg pÃ¥ topp. Spesielt ei omvising i mellometasjen i huset til Forman, leia av Kitty i nest siste episode var utruleg stilig. Ein fekk sjÃ¥ korleis veggen bak kamera «faktisk» ser ut, og blei ført gjennom huset samanhengande. Men avslutninga altsÃ¥, den er absolutt verdig, og faktisk litt rørande. Litt vemodig at det er slutt, for 200 episodar har gjort sitt inntrykk pÃ¥ meg. Er vel kanskje pÃ¥ tide Ã¥ starte pÃ¥ sesong 1 igjen…