22 episodar.
Sesong 2 av «Twin Peaks» lot vente på seg. Rundt 5 år tok det frå sesong 1 kom på DVD, til sesong 2 del 1. Mange har venta og venta, sjølv hadde eg mitt første møte med serien hausten 2006, så det funka.
I januar kom sesong 2 del 1 ut, 11 episodar, og eg hoppa på toget. Så gjekk det fire nye månader til sesong 2 del 2 kom. Poenget er at eg har sett serien i tre omgangar; noko som kan ha påverka opplevelsen av den andre sesongen.
Sesong to tek opp tråden der den blei sluppe, og etterforskinga på Laura Palmer-mordet fortset. Eg vil påstå at serien har like høg intensitet, god stemning og bra kvalitet heilt fram til midt ut i sesongen. Det er her skaparane har bestemt seg for å løyse hovudmysteriet, for så å ta tak i mange nye rare.
Eg mista umiddelbart litt av interessa allereie i sesong 2 — del 2. Serien er framleis god, men ikkje den «Twin Peaks» eg kjente til og som tidlegare utmerka seg som ein av dei beste seriane eg har sett. Det er i samanlikninga den største skuffelse ligg. Dette førte til at det har tatt meg nokre veker Ã¥ sjÃ¥ gjennom episodane. Ved utgangen spør eg meg sjølv om det eigentleg var verdt det.
For store fans av David Lynch er det sikkert ingenting å utsette på dette. Sjølv har eg eit middels forhold til mannens mysterium og surrealisme, likevel om eg let meg imponere over den kunstnariske og djupe bruken av bildemediet til å framstille ei blanding mellom gåter, følelsar og så utruleg mykje anna som eg ikkje kan sette fingeren på.
Som spesiell opplevelse er det nok verdt å sjå ferdig serien. Er ein derimot blitt fan av «Twin Peaks» på grunn av Laura Palmer-drapet, kan ein trygt gi seg etter 11 episodar av sesong to, dvs. etter 18 episodar totalt.

7 episodar.