Big Love

5 sesongar, 53 episodar.

God only knows what I’d do without you.

Å få fem år med TV-serie ned på papiret, på få hundre ord, er ei utfordring. Spesielt når serien kjem frå HBO, der mykje handlar om å skape rike og fullstendige seriar og episodar.

Bill Henrickson er mormonar av typen som praktiserer fleirkoneri. Han har tre koner som han til saman har ni born med. I Big Love følgjer me han og familien hans, og deira liv i skjul og frykt for å bli avslørt.

Big Love har eit nøytralt syn på fleirkoneri. Familien Henrickson er i all hovudsak ein amerikansk kjernefamilie. Dei er kristne, Bill driv ei vellukka bedrift og dei bur i ein fin forstad til Salt Lake City. Det er lett å like folka, sjølv om ein ikkje er einig i deira praksis. Dette har å gjere med forholdet Bill har til personane som høyrer fortida hans til. Som ungdom blei han utstøytt frå leiren, der giftarmål med mindreårige, tvangsekteskap og trua på ein profet som styrer over leiren er kvardags.

Bill står for at folk skal vere fri til å velje sjølv, men trua held han tilbake på enkelte punkt. Han blir difor ein person ein lett kan vere ueinig med, samtidig som han har gode sider.

I all hovudsak er serien eit familiedrama, men med ein veldig stor famlie og ein heller stor dose religiøsitet. At fleirkoneriet til Bill skal haldast skjult for offentlegheita tilfører spenning til serien, og spesielt i byrjinga er den lærerik i forhold til prinsippet som blir følgt. Big Love har gått ein lang veg sidan første episode, men kjerna har alltid vore familie, og ikkje religion som lett kan bli det mest synlege.

På grunn av formatet, sjangeren og sendetidspunktet ser eg på Big Love som arvtakaren til Six Feet Under, som HBO sendte frå 2001-2005. Under levetida til Big Love har eg alltid prøvd å finne igjen den såre kjensla Six Feet Under klarte å skape, men Big Love når aldri så djupt som forgjengaren. Over tid har søken gradvis trappa ned, men tanken har alltid vore ein eg har kome tilbake til.

Big Love er trass 2. plassen i samanlikninga med ein av mine favorittseriar, ein solid serie, med godt skodespel og gode historier som har fortent å halde fram så lenge den har gjort. Med fin balanser mellom rollefigurane, fornying og utskifting over tid, og eit komplett miljø. Femte og siste sesong blir spennande som følgjer av kunna om at det er siste sesong, men skuffar litt då det aldri kjennes som spenninga blir trappa opp mot slutten.

Big Love sesong 2

12 episodar.

Andre sesong av serien der Bill Paxton spelar mormonar med tre koner utviklar seg til eit parti sjakk med kraftige mottrekk mellom familien familien Henrickson (som Bill er del av) og familien Grant i det avskilte Juniper Creek samfunnet.

Det gir seg altså aldri, feiden som i første sesong stadig brydde Bill Henrickson med mange problem har blitt hakket kvassare og seriens handling med karakterar ligg stadig på kanten til å falle over på ein eller anna måte. Det er ikkje pusterom å få og ein får slengt på seg så mange løgner at det vanskeleg skal gjerast å lese det alvorlege spelet som det utviklar seg til. Brått sit ein der og lurar på når dei ulike karakterane kom til plassen i livet dei befinn seg i, då dei gradvis har blitt forma av seriens handlingar så elegant at det vanskeleg blir oppdaga.

«Big Love» har mykje for seg, det er ein god dramaserie der ein må ha tunga rett i munnen for ikkje å falle over ende, her flyg det så mange velartikulerte, men på jordet argument fram og tilbake der religion, Guds ord, kall og alt slikt nonsens blir flittig brukt til forsvaring av egoistiske handlingar. Som hinta til innleiingsvis, og nemnt i eit tidlegare innlegg i forbindelse med første sesong, handlar dette om polygami. Det serien er god til er å gi eit reflekert syn på gitte og sannsynlege scenario om polygami utan å eksplisitt tale til fordel for verken det eine eller andre. Slik blir det til at eg eigentleg ikkje reagerar så mykje på at serien handlar om polygami etter kvart og ser på det som ein god dramaserie.

Big Love sesong 1

Big Love season 112 episodar.

Det er ikkje tittelen på ein pornofilm, og ikkje ein cheezy song om kjærleik, men ein HBO TV-serie om eit stort ekteskap.

Bill er ektemann, ektemann og ektemann. Han har ca 7 barn, tre hus som deler hage på baksida, og som du sikkert har skjønt, tre koner; Barb, Nicki og Marlene. Han er med andre ord ein polygamist. Sidan dette er USA, så er det ikkje så vanskeleg å tenke seg til at dei har valt å gjere han mormonar busatt i/nær Salt Lake City, Utah. Men Bill har ikkje berre tre koner, han har to Home Plus butikkar i ei kjede han har starta sjølv som sel alt til heimen, og nok av problem. Det største problem er Roman Grant, eller The Prophet. Han eig stort sett alt i, og har nesten fullstendig makt over, Juniper Creek. Ei bortgøymt busetning der andre mormonarar som også praktiserar polygami bur.

Noko av det første eg tenkte når eg sjekka ut denne serien var at ja, her er det ikkje grenser for kva dei finn på som utgangspunkt. Det er ikkje lengre nok med ein vanleg familie med vanlege problem. La oss gi mannen to ekstra koner for å krydre det litt til. Men som dramaserie er det ikkje så verst. HBO kan sakene sine, dog ein kan ikkje rekne med å bli umiddelbart frelst. Denne serien krever sitt, og det tek tid før det blir verkeleg bra. Difor har eg brukt litt lengre tid på serien, og har heller prioritert frisk luft og sosialt samvær framfor eit maraton med mormonarar.

Ingen bombe, polygami er ikkje lovleg. Saken eg vil fram til er at serien stiller kjernefamilien (til Bill) Henrickson i eit godt lys, og at mormonarar som driv med slikt ikkje nødvendigvis treng vere menn som undertrykker kvinner. Er dette er eit reelt bilde av verkelegheiten? Big Love konkluderar ikkje med noko, men viser heller til andre mÃ¥tar polygami blir utført pÃ¥ og, i skikkelse av bl.a. tidlegare nemnt Roman Grant, ein mann i 70-Ã¥ra med 14 koner som ventar pÃ¥ den 15. til Ã¥ bli 16 Ã¥r, sÃ¥ han «lovleg» kan gifte seg med ho. Forholdet til Gud blir ogsÃ¥ framstilt ut frÃ¥ fleire ulike syn her. Nokon brukar han til eiga vinning, noko The Prophet har eit stort talent i. Men Bill sjølv har eit meir avslappa og sunt forhold til Gud. Big Love er ikkje ein tydeleg propagandaserie, men den fÃ¥r fram nok av normale kristne verdiar.

Eg har ikkje lyst å vie meir plass til religiøs diskurs. For å vere ærleg har eg ingen kunnskapar anna enn det eg har fått her, for det eg lært i åra før konfirmasjon forsvann rimeleg fort etter. TV-serien i seg sjølv kan eg gå god for i kategorien drama. Den er derimot ingen ny Sopranos, likevel om likskapane mellom Bill Henrickson og Tony Sopranos er fleire. Produksjonen er god, og eg saknar ingenting verken i form av realistiske kulisser eller på skodespelarfronten. Om eg skal pirke kan eg nemne at bakgrunnen bak hagegjerdet er litt vel tåkete og studioaktig, men pirk driv eg ikkje med.