Real Genius (1985)

IMDb: 6.8/10 (12,038 votes)

I serien «kjente skodespelarar i ungdomsfilm frÃ¥ 1980-talet» har me no komen til Val Kilmer, og den andre spelefilmen hans, Real Genius.

Chris Knight (Kilmer) er eit dovent geni og ei bråkebøtte, forma av den gradvise opplysinga om at livet er meir enn berre arbeid. Då ein lovande, ung elev dukkar opp på universitetet der han forskar på ein ny type laser, ser han seg sjølv i eleven, som yngre og uvitande for det meste utover det reint faglege.

Real Genius handlar om å ha det artig: feste og slå seg laus, men ikkje miste fokus på utdanning. Den skal vise at alle kan ha det gøy, til og med den stereotypiske nerden. Så har filmen fletta inn ein handling som dreiar seg om militære, pengar og bruken av laserteknologien dei smarte studentane hjelper til med å utvikle.

Martha Coolidge, som debuterte som regissør ved sidan av Nicolas Cage i hovudrolla til Valley Girl, har lykkast betre med denne enn debutfilmen sin. Real Genius har mange gode vitsar og Kilmer viser seg frå ei god side. Handlinga som skal bygge opp spenninga etter kvart i filmen, er den delen der dette fell litt gjennom. Og sjølv om ikkje forventingane her var så høge, så trekk det ned at filmen utover i siste del, støttar seg så mykje til ei altfor føreseieleg utvikling.

God komedie, mindre god spenningsfilm. Ein film som byrjar bra, men ikkje klarar å køyre løpet ut.

6/10

Valley Girl (1983)

IMDb: 6.0/10 (4,784 votes)

Ein gong for lenge, lenge sidan, var Nicolas Cage ung. Året var 1983, då han debuterte i ei hovudrolle som Randy i ungdomskomedien Valley Girl. I 1982 hadde han fått skjermtid i Fast Times at Ridgemont High, og året før der igjen var han såvidt innom TV i Best of Times. Men med Valley Girl var han på plakaten for fullt.

Filmen omhandlar ein romanse mellom ei valley girl (Foreman) og ein fyr frå byen (Cage). Omgrepet valley girl oppstod kring ein stereotype middelklassejenter frå San Fernando Valley i California, og er ei type jente som mellom anna er oppteken av det materielle og er sjølvsentrert. Omgrepet har spreidd seg, men filmen tek plass i San Fernando Valley, dit Cage kjem i møte med Foreman på ein fest han og kameraten krasjar.

Romansen i vekst er den mellom to motsetnader, og i mellom dei står det meste av venner, uheldig trøbbel og eks-kjærastar. Det er altså duka for nok av intrigar, men dei to hovudrollane er diverre ikkje spennande nok personar til å gjere dette gripande. Til ei viss grad er stereotypane som Cage og Foreman portretterer ein artig observasjon i seg sjølv, men der filmen skal fange er det ei rift i garnet, og det blir like uinteressant som metaforane mine.

4/10