IMDb: 8.4/10 (36,790 votes)
Hadde dette vore rein fiksjonsfilm så ville eg nok klaga litt over slutten. Det er ikkje kjekt å sjå på ein mann som sakte, men sikkert, bryt seg sjølv ned og øydelegg livet sitt. Men no er dette basert på den ekte boksestjerna Jake LaMotta, til kva grad veit eg ikkje, men det gjer at eg aksepterar utviklinga.
Robert DeNiro er i samarbeid med Martin Scorsese ein fryd å sjå, og eg har eit lite mål om å få sett alle filmane dei to har spelt inn i lag. Kanskje ikkje overraskande er Joe Pesci med, ein liten gnom, om eg må få kalle han det, som eg aldri har tykkt særleg om. Kvifor? Fordi eg har blitt introdusert for han via rollar der han har spelt ein galen, irriterande og gjerne farleg jækel. Kanskje ikkje det beste måten å vurdere folk på, men det har ingen ting å sei no, i denne filmen er han der oppe blant store gutta.
Marty har gjort filmen i svart-kvitt, med unntak av ein liten del av filmen der det blir vist ein farga bildesekvens som kom erstating for nokre år som blir hoppa over. Det svart-kvite bilde gjer blodet i boksescenene tilnærma svart og alt virka så mykje mørkare enn det er. Eg er i grunn glad det er i svart-kvitt, for etter den fargerike sekvensen med lykkelege år for familien LaMotta, blir det så mykje meir alvor når filmen igjen hoppar over til vanleg ‘farge’.
Av det eg kan hugse av andre Scorsesefilmar eg har sett, er denne rimeleg lik på utvikling av historien, det er ingen glansbilde, men ein liten tur opp før det ber i veg i nedoverbakke. Eit skikkeleg pangstart på nytt semester, som viser at eg er klart til kamp, men at eg etter kvart sikkert blir litt smålei av å lese. Raging Bull er ein god film å starte opp igjen med.
7/10