Posts Tagged ‘Melisa Wallack’

Bill (2007)

søndag, mai 11th, 2008

IMDb: 6.9/10 (458 votes)

Bill er ein tapar. Han er småfeit, har ei kone som er utru og ein sjef som ser skikkeleg ned på han, dessutan er sjefen hans svigerfaren.

Aaron Eckhart spelar Bill som i tillegg til å vere ein tapar er ein kjedeleg person, dette er ikkje handtert på aller beste måte gjennom manuset og filmen blir småkjedeleg på grunn av dette. Då filmen startar blir det dårleg forklart kva den skal handle om det er diffust kva type film det er. Etter ti minuttar tok eg det innover meg at dette ikkje kom til å handle om noko spesielt anna enn Bill og hans seige situasjon, og prøvde heller å ta inn dei små komiske augeblikka som i blant dukka opp.

Komedien reddar «Bill» frå å bli ein dårleg film, men det er ikkje nok til å trekke den over på godsida av skalaen. Her virkar det som alle går på automatgir. Kjente personar er det nok av, hadde dei berre bidrege med noko ekstra hadde det vore bra, men ingenting tilseier at dette skal bli betre enn middels.

Veldig lett underholdning i form av litt komedie her og der og drama som ikkje fungerar så godt passar seg som oppsummering. Eg kan ikkje anbefale «Bill» på nokon måte, ikkje for dei som berre er ute etter enkel kveldsunderholdning heller. Men på ei anna side er det lite som er mykje dårlegare enn middels.

5/10