Filmdagbok
ness
31-okt-2007

Transformers (2007)

User Rating: 7.7/10 (93,743 votes)

Transformers 228Opprinneleg skulle eg styre unna «Transformers», eg har aldri hatt noko forhold til salgsvara og synst konseptet virka døvt, men mykje skryt av spesialeffektane gjorde meg nysgjerrig.

Alle veit kva «Transformers» er, ingen vidare introduksjon er nødvendig. I filmen truar ein ond botleif eller whatever jordkloten. Shia LaBeouf som pinglete ungdom rotar seg inn i midten av kampen om ein boks. Ei simpel historie det blir brukt lang tid på å fortelje.

Eg går rett på sak, «Transformers» er eit godt eksempel på den moderne blockbusteren. Masse poff, pang og fyrverkeri i stor skala, imponerande utført og visuelt overlegen mot f.eks. «Spider-Man 3» som kosta 100 millionar dollar meir å lage, men lite substans For meg er ikkje fyrverkeri nok, når eg ser forbi ein oppbrukt variant av redd-verda-historia står «Transformers» igjen i slitne underbukser.

Kanskje «Transformers» kunne ha blitt tøffare hadde den hatt høgare aldersgrense, blitt kutta ned på lengda, fått meir mytologi og mindre pang pang, bytta ut enkelt feilcasting, mista nokre av dei ubetydelege sidehistoriane og nokre andre småting. Slik som det er her blir det berre ulikandes action. Dei personlege sidene ved personane Sam Witwicky og Mikaela Banes har lyspunkt som løftar inntrykket mitt og eg tenkte tanken at det kanskje hadde vore ein artig film hadde robotane forblitt køyretøy og dette blitt gjort om til ein ungdomsfilm, men så kom eg til å tenke på «Christine» og blei sittande med den tanken resten av filmen. «Transformers» er «John Carpenter’s Christine» på nytt!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
11-mar-2007
Comments Off
Comments Off

The Rock (1996)

The Rock (1996)User Rating: 7.1/10 (62,393 votes)

The Rock er kallenamnet til den berykta fengselsøya i San Francisco Bay, og har vore utgongspunkt for mang ei populærkulturell forteljing. Clint Eastwood og Steven Seagal har besøkt øya i ulike filmar. Denne gongen er det Sean Connery og Nicolas Cage som leiar an mot Ed Harris og John C. McGinley i nasjonalt ærend.

Forutan desse kjente dukkar det opp ein drøss med andre familiære ansikt i denne spenningsfilmen som overraskar trass tradisjonelle framstillingsmetodar. Ein eks-militær tropp stjel rakettar og kjemiske våpen nok til å ta livet av ein merkbar del av San Francisco-befolkninga, og set base på Alcatraz, klar til å presse ut 100 millionar dollars av nasjonalstaten.

Overraskinga kjem på meg i form av ingen direkte usmakelege humoristiske vendingar som ofte øydelegg for spenningsfilmar. At regissør Michael Bay faktisk klarar å køyre løpet ut, noko han i ettertid har mislykkast mykje med: «The Island», «Bad Boys II», «Pearl Harbor». I korte trekk blei ikkje dei negative forventingar mine til desse punkta innfridd.

Eg ser ingen grunn til å dra det meir ut, «The Rock» er skapt for å vere ein spenningsfilm, og serverar friske eksplosjonar og hårfine redningar. Er du på jakt etter fullverdig realisme kan du sjå ein anna veg.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
21-des-2005

The Island (2005)

The IslandUser Rating: 6.8/10 (16,833 votes)

Her var det mykje dataanimasjonar, produktplassering, men eg hadde forventa meg meir. Sånn sett er eg overraska. Bortsett frå det så er ikkje dette ein film som er verdt å legge merke til. Typisk PR-hype!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
08-mai-2004

Bad Boys II (2003)

Bad Boys II (2003)User Rating: 6.1/10 (8,399 votes)

Einsformig action. Altfor lang, kunne sikkert ha kutta den ned 15-20 min. Men er no og av og til morsom og underhaldande.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10