Take Me Home Tonight er min type film. Den hedrar 80-talskomedie gjennom visuelle grepa til meir strukturelle, og får meg til å sitje igjen med kjensla av å ha sett ein faktisk 80-talsfilm.

Matt Franklin (Topher Grace) veit ikkje kva han vil med livet. Etter utdanninga har han flytta heim igjen og jobbar midlertidig i ei videosjappe. I første møte med high school-crushet Tori Frederking (Teresa Palmer) på fleire år, lyg han på seg å ha ein solid finansjobb. Løgner er eit kjent plot frå 1980-talskomedien, som i f.eks. Just One of the Guys der den kvinnelege protagonisten kler seg ut som ein gut for å vere med på fotballaget som undercover journalist.
I nær framtid frå møte skal typen til tvillingsøstra til Matt halde sin årlege reunion-fest for dei som gjekk på high school samtidig. Dit skal Tori, dit skal Matt, og dit skal også sidekicket til Matt, Barry Nathan (Dan Fogler).
Med løgner som grunnlaget for eit bekjentskap som i hovudsak byggjer pÃ¥ dei sanne personlegheitene til Matt. Med ein kick ass fest. RÃ¥ 1980-talspop. Og ei gigantisk jernkule som er filmens «overdrevenheit», utan at eg skal avsløre for mykje. Ã… overdrive er nesten utan unntak ei greie i 1980-talskomedien, som allsangen i paraden i Ferris Bueller’s Day Off. Take Me Home Tonight har dei viktigaste elementa, og formidlar ei lett og humoristisk stemning. Den er ikkje spesielt djup, men heller ikkje kritisk og moraliserande.

Du treng ikkje vere spesielt interessert i dance/techno/electronica for å like dette. Det er ein god historie med forholdsvis like irriterande musikk. Godt skodespel av Paul gir deg gåsehud kvar gong karakteren Frankie Wilde gjer noko sprøtt.