Det har blitt gjort før, bokhandelen i «You’ve Got Mail», frisøren i «Barbershop», «Flakes» handla om den vesle kafeen som blir offer for eit forsøk pÃ¥ Ã¥ kommersialisere konseptet. Ã… ha ein kafe som spesialiserar seg pÃ¥ frukostblanding er tydelegvis ingen dÃ¥rleg idé for ein film, for det set kampen mellom store kjeder og smÃ¥ privateigde institusjonar sÃ¥ pÃ¥ spissen. «Flakes» fÃ¥r fram ei god stemning, og det ligg bÃ¥de humor og ei fin kjærleikshistorie til grunn, forholdsproblema er ogsÃ¥ fletta sÃ¥ godt inn i kafekampen at filmen ikkje mistar fokus. Zooey Deschanel gjer i tillegg ei sine beste rollar.
Matt (Josh Hartnett) slit med psykiske problem forårsaka av for mange one-night-stands i forsøk på å gløyme eks-kjærasten som slo opp 6 månader i forvegen. Difor vel han, i tråd med katolsk kyrkjetradisjon å gi opp det han elskar i 40 dagar, nemleg sex og alt i nærheiten.
Naturleg nok møter han eit nytt kvinnfolk fÃ¥ dagar etter «prosjektet» er starta, og problema ballar pÃ¥ seg.
«40 Days and 40 Nights» er hovudsakleg ein ganske standard romantisk komedie. Det som skil den litt ut er at den handlar meir om sex og ja, sex og sex, enn håplaus romantikk. Dette gjer den til ein fortreffarleg romantisk komedie for mannfolk.
Sjølv om filmen helst går i dei mest opptrakka fotspora i Hollywood, så reddar den seg sjølv ved å trakke nær kanten, smøre godt på med sexrelaterte vitsar og pene damer. Ja, det er vel ikkje vits å legge skjul på det, filmen er ikkje spesielt djup.

Om jentene i «Mean Girls» var slemme, så er desse her endå verre. Ein svart komedie om sjølvmord, som likevel ikkje er sjølvmord, og ein tilspissa kamp mellom å vere populær på high school. Før alt kjem litt ut av kontroll, og ting blir snudd på hovudet.
