Kva ville du gjort viss du berre hadde ei veke igjen å leve? Om du framleis var oppegåande, men fekk vite at du hadde ein aggressiv krefttype som ville krevje at du kom deg til behandling før veka var omme, viss du i det heile skulle ha ein sjanse. Det er denne situasjonen Ben (Joshua Jackson) brått ein dag hamnar i. Og til spørsmålet er svaret til Ben å kjøpe seg ein motorsykkel og køyre vestover.
One Week har eit alvorleg bakteppe, men endar like fullt opp med å bli ein vakker film. Ein road-trip vestover, med utgangspunkt i Toronto, betyr Canada og spektakulære omgivnader. Men sjølv om naturen byr på sitt og turen på motorsykkel er eit eventyr for seg, er det å følgje Ben dette dreiar seg om.
Ben gjennomgår noko som dei færraste har opplevd, og filmen prøver ikkje å forenkle det som skulle gå fare gjennom tankane hans. Ulike stadier for korleis han taklar situasjonen glir over i kvarandre og framstår som udefinerte og tidvis blanda. Han er på rømmen, samtidig som han søkjer mot noko.
Det er både ein sterk film og ein film som tematikken i betrakning er lavmælt. Det er sterkt å sitje tilbake og den brå forandringa i Ben, samtidig som eg har ein forståelse for motivasjonen hans. At filmen ikkje går inn for å formidle dei tyngste sidene ved ein kreftdiagnose, gjer at det er ettertanken og ikkje nødvendigvis tanken undervegs som er den dystre. Ein positiv måte å behandle tema på, som gjer filmen meir vennleg.
Det er jo trass alt snakk om ein road-movie, og for mitt vedkommande er det då viktig med ei kjensle av eventyr og spenning på toppen av alvoret.
