Dagens andre dokumentar var gjennombrotsfilmen til Michael Moore, ein mann eg har eit anstrengt forhold til. Er det rart, etter å ha sett ein film som «Fahrenheit 9/11»? I say no more.
Men «Roger & Me» var i og for seg ein ganske ok film. Morosam, underholdande, og ikkje fullt sÃ¥ einsretta og satt pÃ¥ spissen som gjer det heile usmakeleg i dokumentarfilmsamanheng. I senter stÃ¥r byen Flint i Michigan, som etter Ã¥ ha mista bilfabrikkane sine stÃ¥r igjen som «den verste byen i USA». Moore er pÃ¥ jakt etter mannen i sjefsstolen til General Motors, som har sagt opp 30.000 tilsette. Den utpeikte syndebukken.
Det som gjer «Roger & Me» god er at den fortel historia til Flynt på interessant vis utan alltid å gå i nakken på Roger Smith (sjefen). Det kjem fram kva type folk som har jobba i bilfabrikken(-ane) og holdninga til folk flest i ettertid til hist og pist.
Kanskje Moores beste?

Informativ, men for subjektiv. Eg stolar ikkje på Michael Moore, han klagar over alt stadig vekk, men når han sjølv skal ordne noko så gjer han det ut frå hans eiga oppfatting. Det er jo heilt feil! Ein kan bli irritert av mindre.