Slapp i starten, så lenge at det går ut over heilheitsinntrykket. Forbi kneika er denne derimot sjarmerande og varm, humorfyllt og Gondry tvers i gjennom. Jack Black er i sitt ess mens Mos Def verken er det eine eller andre. Eg sit igjen med ein god følelse, men som sagt skuffa over det seige starten.
Michel Gondry står bak denne filmen som også er kjent som «The Science of Sleep», og er ei vanskeleg kjærleikshistorie som hoppar saumlaust frå realisme til surrealisme. Det høyres kanskje forvirrande ut, men flyten her er god.
Stéphane (Gael GarcÃa Bernal) er mannen med dei rare draumane som utgjer den surrealistiske sida av filmen. Dei er ikkje alltid lett Ã¥ skilje frÃ¥ det som tilsynelatande skal vere ekte, for Stéphane oppfører seg litt annleis enn det folk vanlegvis gjer i andre sitt selskap. Noko som gÃ¥r igjen i dei tydelegaste skildra fantasiane er frysningsanimerte figurar av alt frÃ¥ dorullar til tøy fyllt med mekanikk. Vanskeleg Ã¥ skildre, sÃ¥ her er eit bilde frÃ¥ ein av desse sekvensane, rett nok ikkje frysningsanimert dette dÃ¥.

Dei som har sett «Eternal Sunshine of the Spotless Mind» kan forstå dette som ein film der Michel Gondry har fått lov til å utfolde seg i mykje større grad på det kunstnariske, utan at det går ut over underholdninga. Filmen er ikkje tung å fordøye, den er også både lys og koseleg. Sjølv synst eg den var tvers i gjennom ei god blanding av trist drama og god humor, og den har fleire scener som rett ut var hysterisk morosamme. Det er alltid positivt når ein kjem over ein film som kan vere det.
Dave Chappelle frÃ¥ «Chappelle’s Show» og «Half Baked» samlar store namn som Erykah Badu, Mos Def, Jill Scott, The Roots, Kanye West og The Fugees til Ã¥ gjere ein konsert i Brooklyn. Hip-hop/rap av denne typen er ikkje min musikk, men eg har likevel respekt for desse artistane i motsetning til R&B namn som stadig er pÃ¥ MTV med likssomgangsta-stilen sin.
Tekstane er meiningsfulle og musikken er kraftfull i denne blandinga av dokumentar og konsertvideo. I tillegg møter Chappelle mange folk undervegs som er med på å ta vekk det som kunne ha gjort dette til ein kjendismenging.
Sett før og sett igjen. Eg kan ikkje hugse akkurat kor godt eg likte denne forrige gong, men denne gongen satte eg verkeleg pris på filmen. Med låg temperatur i rommet mitt frå før passa tonen i filmen godt inn i samanheng. Det er ingen deppefilm, heller ikkje ein direkte godfilm. Den er likevel god, veldig god.
Eg har ikkje tenkt å prøve å tilføre særleg meir, det er ikkje ein film eg føler eg kan så mykje om, einaste kan like. Den er godt samansett, har eit lite snev av sci-fi som er nok til å gjere det ekstra spesielt, musikken er der, men ikkje dominerande. Stemninga kjem først og fremst fram i kulda og ikkje minst figurane.
Noko spesielt og litt nytt. Morosamt og mørkt på ein og same gong.
