Threads (1984)
User Rating: 8.0/10 (1,704 votes)
«Threads» er ein liksomdokumentar om etterverknadane av atomkrig. Tematisk sett ligg den altså ikkje langt unna «The Day After» som eg såg forleden, men pga. formen blir inntrykka noko annleis.
Sheffield, midten av 1980-talet, gjennom eit par ordinære britiske familiar får me oppleve den globale spenninga stige då USA og Sovjetunionen kranglar over Iran, etter lange 50 minuttar veit me uansett at dette vil ende i at Storbritannia får smake atombombene til Sovjet. Sidan følger me nedturen, både den kortsiktige og langsiktige, stadig avbrote med fakta i tekstform og svart/kvitt stillbilde.
Det er ingen tvil, «Threads» skiltar med sterke bilde, eller kanskje groteske er meir beskrivande, det er skittent, fuktig, full av blod og gørr i alle krinkar og krokar. Men som med første timen går eg lei etter kvart, altfor lange dokumentarar er slitsomt for vedkommande, og med dokumentarform blir også «Threads» dette. Eg vil likevel ikkje ta i frå filmen kredibilitet, dei anslåtte etterverknadane er gjennomtenkte og dannar eit grusomt bilde lite anna enn atomkrig kan.
Eg held ein knapp på «The Day After» framfor denne, for når bilda blir for gjentakande og tida sneglar seg fram blir mangelen på karakterar å bry seg om merkbare.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Comments Off