I «Harry Potter and the Goblet of Fire» har tre store magiskular samla seg for å delta i Triwizard Tournament: Durmstrang, Beauxbatons og turnerningshaldaren Hogwarts. Som det ligg i namnet skal tre deltakarar kjempe om ein av magiverda sin gjevaste pokalar, men mystiske omstendigheiter fører til at Harry Potter blir med som ein fjerde ufrivillig deltakar. Eit godt grunnlag for ein film, som kanskje er den filmen til no som heng best saman. Ulempa er at bøkene etter kvart har blitt så tjukke at meir har gått tapt, noko som merkast for min del, ettersom det ikkje er så altfor lenge sidan eg las denne boka. Ser eg bort i frå dette så er dette ein god film, som grip solid tak i alvoret rundt interessante menneskeskjebnar. Hat, kjærleik, sorgar og gledar kjem tydeleg fram og gir ein film som eg kan leve meg godt inn i. Den siste regissøren inne i bilde, Mike Newell, får betre enn godkjent, kanskje nærare O for outstanding.
Viss det var opp til meg, så ville ikkje dette ha vore den første ekte filmen eg satte meg ned med i år, men så er det slik at det ikkje er opp til meg å bestemme kva som går på TV når eg ikkje har betre å finne på.
Noko eg la merke til i filmen denne gongen, som eg ikkje tenkte over sist gong eg såg den er at Andie MacDowell sug som skodespelar, og dette er ikkje ein så altfor god romantisk komedie. Den har eit fåtall av gode vitsar og poeng, men historien er totalt forutsigbar og tek vekk gleden ein kunne ha hatt av å sjå filmen.
Definitivt den beste Harry Potter filmen eg har sett. Men så har eg berre sett to, så kva veit vel eg? Historien startar ganske fort i forhold til boka, men det har eg ingen problem med. Boka er jo ein stor murstein i seg sjølv, så å få den inn på 2.5 time som det er gjort her har eg full respekt for.
Filmen blir som ei berg- og dalbane frå latter og glede til tristare stunder. Likevel om det er barn i hovudrollane, så såg det ut til at alle i kinosalen følte det same.
Eg må sei at etter å sett «Love Actually», så har eg skifta syn på Hugh Grant, og tykkje faktisk han er ganske morosam. Denne romantiske komedie er ikkje meir enn heilt grei, men Grant er framleis artig. Historien er ikkje spesielt spennande, men følger i det minste ein typisk britisk stil. Og så er Andie MacDowell her, det er dumt, ho er ein av 1990-talets verste.
Musikkbruken i filmen var etter min smak veldig god. Filmen var heilt grei, pluss kanskje litt meir. Den er heldigvis ikkje overfyllt med klisjear, men nokon dukkar opp. Heldigvis ikkje nokon av get-back-together typen. Historien tek ikkje nokon overraskande vendingar, for eg hadde ingen tankar om det undervegs. Kanskje filmen kunne gitt litt meir rom for tenking.
