10 sesongar, 216 episodar.
Då eg for første gong benka meg ned framfor PC-skjermen, i ein alder av 16 år, for å sjå Smallville, var eg frelst. Å kunne følgje Clark Kent og vennene hans som 16-åringar i heimbyen var spennande utforsking av ei ny side ved (eit alternativt) Supermann-universet, og var drama som traff fort og hardt.

Eg tenkte nok aldri at serien ville halde på i 10 år, og har vore tvilsam til den store rolleutskiftinga undervegs, og byte av miljø som har skjedd. Likevel har eg halde fram med Smallville fram til i dag, for å sjå korleis Supermann oppstår i dette universet har alltid overgått det negative.
Frå livet som 16-årige Clark Kent, som stadig oppdagar nye krefter og må kjempe mot kryptonittskapte monster på high school, har serien gått ein lang veg. Etter kvart blei det naturleg å hoppe over på college, og seinare flytta Clark Kent til Metropolis, der me frå før er mest van til å sjå han. Smallville har gjort sine eigne vriar i forhold til Supermann-mytologien, men oppfyllinga av mytologien har alltid vore høgdepunkta ved serien, det andre går som kunstnarisk fridom.

Eg har vakse opp med Smallville. Det er den einaste serien som har gått fast sidan eg byrja å sjå på TV-seriar, maraton-style, slik eg gjer i dag. Sånn sett er det vanskeleg å stille seg kritisk til serien. Eg har akseptert nedturar, mindre lure utskiftingar og bortgangen til viktige karakterar. 10. og siste sesong representerte ikkje ein serie eg ville ha byrja på i dag. Eg tenkjer tilbake til den gongen Smallville handla opp å vere ungdom og finne ut kven ein sjølv var, og då eg drøymte om å ha superkrefter sjølv. Den gongen då eg var hekta og sat 10 timar om dagen for å sluke nye sesongar. Denne trangen har gradvis forsvunne, men Smallville har aldri vore noko pliktløp.
Det er både rart og kjekt at Smallville er slutt etter så mange år. Med ei avslutning som har fått tid til å byggast opp, og som serien fortenar. Det er vemodig, men samstundes er eg litt letta. Smallville burde hadde lagt inn årene for nokre år sidan, før dei største utskiftingane. Dei siste sesongane har trass i grei kvalitet, men dei raude trådane har helst handla om å redde verda frå monster og romvesen. Mostanden og alliansen har nok (dette har eg mindre kunnskap om) blitt henta ut frå Supermann-mytologien. Det har vore høg dramatikk og mykje alvor. Det som har redda serien frå ein ond, repeterande sirkel er at den stadig har blitt vaksnare og konsekvensane for handlingar stadig har fått større omfang.
Ein gong i tida var Smallville det beste eg hadde sett. Om eg kunne sagt det same i dag, viss eg for første gong hadde sett serien no, veit eg ikkje. Men eg har ei kjensle av at den framleis ville gjort inntrykk. Gjennom sitt lange livsløp har Smallville fått gjort som serien vil, eg har sjeldan blitt skuffa, men heller blitt positivt overraska. Det handlar nok om forventingar òg.
Med det seier eg takk og farvel til skremmande mange timar med Smallville.

«Smallville» har for lengst fjerna seg med ungdomsnykkene, noko som har vore nødvendig for å sikre ei utvikling og oppretthalding av interessa for sjåarane. Ei utskifting av rollebesetninga siste åra har gått overraskande glatt, og den nyleg dramatiske fjerninga av Lex Luthor har gått relativt smertefritt. Serien har flytta seg mot Metropolis, og følgjer no meir i fotspora til «Lois & Clark», noko som passar seg utmerka. Det er vanskeleg å sjå tilbake og finne ei storheitstid då serien var best, og det gir meg gode vibrasjonar. Med dei siste par års endringar kan serien halde på til Welling vil slutte.
Kor mange gonger har eg ikkje tenkt at enden er nær, at den ultimate konfrontasjonen mellom Lex og Clark står for døra. Lenge handla «Smallville» om kampen for eit vennskap mellom desse to, og det ein venta på var den dagen det skulle rakne. I seinare tider har det handla meir om dei mørkare hemmelegheitane som stadig skyv det for lengst døde vennskapet mellom Lex og Clark lengre frå kvarandre. Litt etter litt har også serien ofra faste rollefigurar som følge av dreie livet til Clark Kent vidare til eit nytt nivå, samt desse skodespelarane sitt ønske om å forlate serien. Grunnen til at eg per i dag igjen tenker at enden er nær har å gjere med nettopp dette. Fleire nøkkelpersonar både framfor og bak kamera har den siste tida signalisert avskjeden i meir eller mindre grad, den mest dramatiske ved første blikk kan verke å vere Michael Rosenbaum sitt nei til forlenga kontrakt, kva kan serien bli utan Lex Luthor? Kristin Kreuk har gjennom dei siste to sesongane tydeleg trappa ned, Lana Lang var eit highschool crush for Clark, og har mista mykje av energien. Den siste drastiske avskjeden er den til skaparane av serien, Alfred Gough og Miles Millar, når dei viser lysta til å trekke seg ut handlar brått serien om noko anna enn å formidle ei historie, det handlar om pengar for nettverket. For «Smallville» kjem tilbake med minst 1 sesong til, eg er skeptisk, kunne eigentleg tenke meg at serien var avslutta, for på ei anna side har eg det vanskeleg med å gi meg før det er Slutt.
Supermannhistoria er skrive for lengst. «Smallville» har nok gjort sine eigne variantar undervegs, men det har vore lite tvil om kva retning det har skulle tatt. I løpet av sjette sesong har dei sterke antydningane til ondskap hjÃ¥ Lex Luthor fÃ¥tt eit ansikt, vegen mot fiendskap utan sjanse for tilgivelse har møtt sitt endepunkt. Fleire skapningar frÃ¥ «Supermann»universet har fÃ¥tt sin inntreden i løpet av Ã¥ret, der alternative «Smallville»variantar av oppstanden til desse har blitt presantert. Ungdomsserien som dette var har forandra seg, utan Ã¥ gi slepp pÃ¥ at det er «Smallville» me framleis fÃ¥r. I si heilheit er ikkje denne sesongen noko revolusjonerande. Den er verken den beste eller mest overraskande hittil heller, og ei stund tok eg ein pause fordi det var ein slapp periode. Utover mot slutten tok den seg likevel opp igjen, sesongfinale var eksplosiv og nemneverdig som vanleg, og det avslutta med sitt vanlege «To be continued…».
«Smallville» har forandra seg. Frå å vere ein serie om overnaturlege fenomen og problemfyllt ungdomskjærleik har folk etterkvart vakse opp til å bli vaksne folk her, «Smallville» har blitt stor. Det skjer framleis overnaturlege saker og ting, men folket har starta på college, og verden har blitt større på skjermen. Det er ikkje berre småproblem som susar rundt Clark lengre, det heile har blitt ein del hakk meir seriøst. Sesong 4 viste ein del tendensar mot denne utviklinga, og eg er glad det har blitt slik. Av det eg kan hugse frå tidlegare sesongar, så må eg sei nokon av dei beste episodane har vore å funne i denne.
DÃ¥ eg fekk nyss om at det ville bli ein 90 minuttar lang sesongavslutning, blei eg veldig gira. Men skuffelsen kom dÃ¥ eg innsÃ¥g at det var 50 minuttar «Smallville», 10 minuttar «Batman Begins» preview og 30 minuttar reklame. For eg hadde ikkje sjekka den faktiske lengda pÃ¥ episoden før eg gjekk i gong med den, og difor kom «To be continued…» som eit sjokk pÃ¥ meg, eg trudde faktisk ikkje pÃ¥ det ved det første.