Van Wilder 2: The Rise of Taj (2006)

IMDb: 4.0/10 (7,561 votes)

van_wilder_the_rise_of_taj«Van Wilder 2» har to gode sider, og dessverre litt for mange dårlege. Kal Penn er morosam, spesielt når ein kan knyte han opp mot opptreden i House og Harold and Kumar. Og filmen unngår å dra episodar for langt ut, noko som ein burde forvente av all film, men som likevel skil seg ut som ei lys side i denne. Elles er det altfor tydeleg at både Ryan Reynolds og det særeigne ved personen Van Wilder er borte, og berre den lunka historia som er resten av strukturen i desse komediane er igjen. Filmen blir under middels, men uthaldeleg.

4/10

Bag Boy (2007)

IMDb: 4.5/10 (177 votes)

«Bag Boy» eller «National Lampoon’s Bag Boy» som den den i stor grad vil vere nemnt som i dei aktuelle samanhengane er ein film du i stor grad av sannsynlegheit ikkje kjem til Ã¥ høyre noko om eller sjÃ¥, om du ikkje skulle snuble over eit billegstativ i bakerste hjørne av bensinstasjonen eller aktivt oppsøke nye filmar frÃ¥ «National Lampoon» i ny og ne. Eg er verken eller, dÃ¥ eg kom over tittelen pÃ¥ ei lanseringsliste, men kan nok samanliknast med stativsnokarane om nødvendig.

Sett i «National Lampoon»-samanheng er «Bag Boy» eit lite under, her er verken fokus på fyll, fest eller nakne kvinner og silikonpuppar. Om ideen omkring ein handleposepakkar, på amerikansk kalla bag boy eller bagger, er så mykje sterkare er sanktens meg eit godt spørsmål, men det er jo måten det blir gjennomført på som er tingen?

Paul Campell, for nokre kjent som hjelparen til den kvinnelege presidenten i «Battlestar Galactica», spelar i hovudrolla som ein talentfull posepakkar med gode moglegheiter innanfor posepakkemesterskap. Dette er like uspennande som det høyres ut som, men no tek det ei stund før denne delen av historia kjem i gong. Før startskotet går skjer det heller lite, ei halvdårleg kjærleikshistorie, vitsar som bommar godt, skodespelarar som er verken morosamt dårlege eller nemneverdig gode. Alt i alt leverar «Bag Boy» berre tilstrekkeleg til ikkje å bli skrekkeleg, men god er den ikkje. Eg hadde i det minste forventa ein del rølpete humorstrekar, som for meg reint personleg gjer filmane av denne typen heilt greie, men mangelen på slikt viste seg å blotte det kjedelege plottet.

3/10