Posts Tagged ‘National Lampoon’

Van Wilder 2: The Rise of Taj (2006)

fredag, juli 10th, 2009

IMDb: 4.0/10 (7,561 votes)

van_wilder_the_rise_of_taj«Van Wilder 2» har to gode sider, og dessverre litt for mange dårlege. Kal Penn er morosam, spesielt når ein kan knyte han opp mot opptreden i House og Harold and Kumar. Og filmen unngår å dra episodar for langt ut, noko som ein burde forvente av all film, men som likevel skil seg ut som ei lys side i denne. Elles er det altfor tydeleg at både Ryan Reynolds og det særeigne ved personen Van Wilder er borte, og berre den lunka historia som er resten av strukturen i desse komediane er igjen. Filmen blir under middels, men uthaldeleg.

4/10

Bag Boy (2007)

onsdag, juni 25th, 2008

IMDb: 4.5/10 (177 votes)

«Bag Boy» eller «National Lampoon’s Bag Boy» som den den i stor grad vil vere nemnt som i dei aktuelle samanhengane er ein film du i stor grad av sannsynlegheit ikkje kjem til å høyre noko om eller sjå, om du ikkje skulle snuble over eit billegstativ i bakerste hjørne av bensinstasjonen eller aktivt oppsøke nye filmar frå «National Lampoon» i ny og ne. Eg er verken eller, då eg kom over tittelen på ei lanseringsliste, men kan nok samanliknast med stativsnokarane om nødvendig.

Sett i «National Lampoon»-samanheng er «Bag Boy» eit lite under, her er verken fokus på fyll, fest eller nakne kvinner og silikonpuppar. Om ideen omkring ein handleposepakkar, på amerikansk kalla bag boy eller bagger, er så mykje sterkare er sanktens meg eit godt spørsmål, men det er jo måten det blir gjennomført på som er tingen?

Paul Campell, for nokre kjent som hjelparen til den kvinnelege presidenten i «Battlestar Galactica», spelar i hovudrolla som ein talentfull posepakkar med gode moglegheiter innanfor posepakkemesterskap. Dette er like uspennande som det høyres ut som, men no tek det ei stund før denne delen av historia kjem i gong. Før startskotet går skjer det heller lite, ei halvdårleg kjærleikshistorie, vitsar som bommar godt, skodespelarar som er verken morosamt dårlege eller nemneverdig gode. Alt i alt leverar «Bag Boy» berre tilstrekkeleg til ikkje å bli skrekkeleg, men god er den ikkje. Eg hadde i det minste forventa ein del rølpete humorstrekar, som for meg reint personleg gjer filmane av denne typen heilt greie, men mangelen på slikt viste seg å blotte det kjedelege plottet.

3/10

Revenge of the Nerds (1984)

onsdag, desember 19th, 2007

IMDb: 6.1/10 (10,307 votes)

«Revenge of the Nerds» har større underholdningsverdi enn mange av dei siste få åra sine collegekomediar, er tross sterkt 1980-talspreg tidlaus som dei fleste andre highschool- og collegekomediar, men ikkje spesielt nemneverdig om det beste skal trekkast opp av hatten. Kvalitet har heller aldri vore ordet dei fleste forbinder med National Lampoon, sjølv om det finst unntak, eg tenker først og fremst på «Animal House».

To brilleslangar av naivt kaliber er klare for college, allereie første dagen får dei trøbbel med sportsfolka og fell fort på plass i dei undertrykkte sine rekker. Det kan berre gå ein veg, nerdane samlar seg og vil ta hemn. Revenge of the Nerds har litt for lite handling og litt for mykje tull til at den kan score høgt på skalaen, underholdningsverdien, som nemnt innleiingsvis, er derimot på plass, saman med morosame rollefigurar i eit 1980-tals nerdenirvana under press frå menn utan hjerne i fotballknickers.

Så kva meir er det å sei om «Revenge of the Nerds»? Lite. Den hamnar godt i skuggen av «Animal House», men har overraskande nok fått tre oppfølgarar mot ingen for «Animal House». Det ligg vel kanskje noko i uttrykket “å gi seg på topp”, då dei som ikkje når toppen er dømt til evig repetisjon. Likevel, er du ute etter enkel collegehumor sats gjerne på film frå dette tidsrommet i staden for moderne «rett-på-video»-produksjonar som «American Pie Presents: Beta House».

6/10

Christmas Vacation (1989)

søndag, desember 16th, 2007

IMDb: 7.3/10 (26,833 votes)

Christmas VacationKvart år kjem det nye, gamle julefilmar til overflata som eg ikkje har fått sett før. No er det godt mogleg eg har sett deler av denne, men aldri heile. «National Lampoon» hentar fram familien Griswold med Chevy Chase i farsrolla til nok ein kaosfylt ferie. «Christmas Vacation» er den tredje filmen av totalt fire «Vacation»-filmar og den første der familien ferierar heime. Clark Griswold har store planar om den perfekte julefeiringa og inviterar både foreldre og svigers, naturlegvis er det duka for katastrofe. Julestemninga er flott fanga og det er fin moro her, heilt overbevist blir eg likevel ikkje, tross fin moro blir det i svært mange tilfelle altfor enkelt (uskuldig barnsleg) for min smak — utan at «Christmas Vacation» på nokon måte går over i bås med dei dårlege National Lampoon-filmane. Som med «Bad Santa» trur eg likevel denne fint kan sjåast igjen.

6/10

Animal House (1978)

søndag, november 26th, 2006

IMDb: 7.5/10 (23,527 votes)

Animal House«American Pie», «Accepted», «Road Trip». Lista er lang over filmar eg kjenner igjen i «Animal House», som tydeleg har stått som inspirasjon til ein drøss med high school og college filmar dei siste 28 åra. Det handlar om drikking, hærverk og jenter for det meste. Og sjølvsagt college-brorskap. Animal House er kallenamnet på Delta sitt hus, som får gjennomgå av både rektor og det konkurrerande brorskapet Omega. Men det er ein grunn til det, Delta elskar å feste, får dårlege karakterar og bryr seg ikkje med andres eigendom.

«Animal House» klarar seg godt i sjangeren sin, og har ingen problem med alderdom. Men som oftast som med National Lampoon blir det i overkant av hjernedød humor, og det traff ikkje heilt denne gongen. Sjølv om den hamnar godt oppe på lista i sin kategori, så blir det ein midt-på-treet plassering tvers over. Er derimot slapsticks på slapsticks av bøllete art det ein er på jakt etter, så sats på denne. Det er også eit must for dei som er vel inne i ungdomskomediar, på grunn av sitt breie spekter av plots som andre filmar gjerne berre brukar eit par av.

7/10

European Vacation (1985)

tirsdag, august 29th, 2006

IMDb: 5.5/10 (7,985 votes)

European VacationEg hadde håpt at ved å gå tilbake 20 år og sjå ein av dei tidlegare National Lampoon filmane, så ville eg få litt meir kvalitet. Slik gjekk det ikkje. «European Vacation» er av dei meir kjedelege i ‘serien’ eg har sett. Naturlegvis burde eg ha starta med «Vacation», men det er eingong slik at ein ser det ein har.

For dei som er kjent med «Vacation», og kanskje også «Christmas Vacation», som begge har fått betydeleg betre rating på IMDb, så handlar også «European Vacation» om familien Griswold på tur. Denne gongen har dei vunne ei reise til London, Paris, ein plass i Tyskland og Roma. I to veker skal dei farte rundt blant ny kultur og ukjente språk.

Humoren er litt i same retning som nyare National Lampoon, med rot og tull, krydra med topplause damer og litt fyll. Men det er tross alt ein familie på tur, så det blir ikkje så villt som i «Van Wilder» eller «Dorm Daze 2», og difor litt kjedeleg. I desse filmane er det mest den rå humoren som trekk opp. «European Vacation» legg seg litt for nært familiefilmsjangeren. Når den kom i 1985 vart den rate PG-13, men ville med sin nakenheit og bannskap blitt Rated R per i dag.

Noko her er sjølvsagt litt artig, som å sjå Mel Smith (frå «Rocking Around …» musikkvideoen) spele feit og lat moteltilsett. Høyre ein fransk kelner snakke dritt om familien Griswold, og nokre få andre småting. Det meste blir for enkelt og banalt, og Chevy Chase er ikkje spesielt morosam her, heller slitsom. Eg må få sett «Vacation» eller «Christmas Vacation», i håp om at dei vil vege opp for denne.

4/10

Dorm Daze 2 (2006)

søndag, august 27th, 2006

IMDb: 2.6/10 (780 votes)

Dorm Daze 2I løpet av dei nesten 30 åra «National Lampoon» har vore i filmbransjen har det komme 31 filmar av denne opprinnelege magasin-franchisen. Korleis oppfølgaren til «National Lampoon Presents Dorm Daze» frå 2003 har klart å få støtte for å bli laga er for meg eit mysterium, men det lokka iallfall meg til filmen.

Så, er denne rett-på-video filmen eit meisterverk uten like, eller er den nok ei uordna blanding av døv amerikansk ungdomsshumor med pene topplause damer, røyking av marijuana, forviklingar og B-skodespelarar? Svaret seier seg sjølv, men på spørsmålet om det er morosamt stiller eg meg litt meir positivt. Døv humor kan innimellom vere det som skal til, og eg har aldri hatt problemet med å fullføre ein «National Lampoon» film, «Dorm Daze 2» er heller ingen unntak. Likevel om settingen er så far-off som ein kan få det.

Historien går for seg på eit cruiseskip, der 2. klassen på eit college er for å framføre eit skodespel, og er soleis ei fortsetting på «National Lampoon Presents Dorm Daze». Så er det drikking, nakne mennesker, forsøk på å ha sex, ein stolen diamant og drap involvert. Det heile er gjennomsnittleg morosamt fram til det er ein halvtime igjen, då tok det seg opp nokon hakk og vart akkurat sprøtt nok til at eg koste meg godt.

Kobbelet med skodespelarar er ikkje spesielt imponerande, men inneheld eit par kjente namn i National Lampoon samanheng. Dei fleste spelte rett nok i første filmen, bl.a. Chris Owen (Sherminator i «American Pie»), men eit par nye namn dukka og opp, deriblant modellen Vida Guerra og Justin Whalin som ikkje har gjort stort etter sin rolle i «Lois & Clark». Sånn at det er sagt. Eg legg ikkje så mykje bry på å vurdere dette i ein slik film.

3/10

National Lampoon Presents Dorm Daze (2003)

søndag, juli 17th, 2005

IMDb: 4.3/10 (936 votes)

Dorm DazeOk som lite krevande high school komedie med pene, overfladiske damer og utan særleg historie. Berre ei suppe med forviklingar og eit par småkjente ansikt. Småkjente som Cameron Richardson frå den kansellerte tv-serien «Point Pleasant», Chris Owen frå «American Pie» og Tony Denman frå «Sorority Boys».

4/10

Van Wilder (2002)

onsdag, juli 13th, 2005

IMDb: 5.8/10 (8,291 votes)

Van WilderEnkel humor, enkel historie. God nok, lite smart, men underholdande. Men så er det jo National Lampoon som står bak.

6/10