IMDb: 6.5/10 (8,502 votes)
Doomsday- og The Descent-regissør Neil Marhsall har skifta fokus frå framtid og notid til fortid med sitt hopp tilbake til romartida. Midtpunktet for handlinga er den mystiske forsvinninga til den niande legionen. (Les vidare under bildet).

Med kjennskap til dei tidlegare filmane til Marshall, og Doomsday fersk i minnet, forventa eg rå og blodig action. Og utan å gå rundt grauten, så kan det slåast fast at desse forventingane innfrir.
Bygd opp rundt kampar mellom romarar og det britiske folkeslaget piktarane, og med ei påfølgande flukt, er dette ei dyster historie som ikkje kastar bort tida på altfor mange romantiske pausar. Er ein ute etter korrekt historieforteljing kan ein lett gå vidare, Centurion si målgruppe er først og fremst den som ser fram til kreative drap og nedslaktingar, litervis med mørkt blod og få pustepausar. Samtidig er den raude tråden god nok til at heilskapen ikkje berre er ein haug med dyre effektar.
Dette fenga iallfall meg.
6/10
IMDb: 6.0/10 (33,832 votes)
Doomsday er ein festleg film, men ikkje ein utan manglar. Det flotte er at filmen i liten grad tek skade av manglane. Ut i frå det som er å forvente frå filmen, er den fullt ut tilstrekkeleg. (Les vidare under bildet).

Rhona Mitra, eit pent ansikt som tidlegare har gjort ei rekkje TV-rollar, spelt mot Ali G i Ali G Indahouse og gjort nakenscene i Hollow Man, spelar tøff kvinne i hovudrolla. Me følgjer Mitra som major, som i år 2035 blir sendt til eit Skottland som har vore i karantene sidan tidleg 2000-tal.
Eit virus er årsaka til karantena, som fekk myndigheitene til å setje opp mur og avsperring rundt heile Skottland. Men då viruset dukkar opp i London nærmare 30 år seinare, ynskjer statsministeren i Storbritannia å sjå etter overlevande i Skottland, som kan vere til hjelp for ei vaksine mot viruset.
Majoren blir sendt til Skottland, og deretter er fokuset på filmen på urban decay, ekstremt grafisk vald og andre blodigheiter. Filmen kan på sett og vis skildrast som ei blanding av Escape from New York, Mad Max og The Warriors. Då er det klart, som kinoplakaten er med på å vise, at filmen dreiar innpå anarkistiske grupper i rare kostymer og frisyrer. Litt nostalgi opp i det heile, om ein tek samanlikningane, passar godt i ein film som tek seg uhøgtidleg som Doomsday gjer.
6/10
IMDb: 7.4/10 (4,295 votes)
Elskverdig horror og thriller. Det beste på sitt felt eg har sett på veldig lenge.
8/10