Eg stilte blank til «District 9», og enda opp med å bli positivt overraska. Ei velfungerande liksomdokumentarisk vinkling, heftig action, ukjente og difor «vanlege» menneske i rollane i eit stortslått scifi-eventyr med ei godt skapt historie i løpet av kort tid. «District 9» handlar om undertrykking og misforståingar, som gir grunnlag for å blande inn kamp mellom menneske og romvesen, sjølv om det føles feil. Helten vår er heller ingen moralsk voktar, noko som gjer han langt meir interessant, ettersom vala hans ikkje er gjort på human logikk. Samtidig er «District 9» enkel og lettfatteleg, og kanskje haustens kinovinnar.
