IMDb: 6.9/10 (3,028 votes)
I Greenberg er det Ben Stiller sin tur til å bli seriøs og miserabel. Ei rolle me forsåvidt kjenner han igjen frå The Royal Tenenbaums, som òg var komisk ladd.

Som med det andre av Noah Baumbach er det eit drama der komedien kjem snikande i andre rekkje, og som med dei andre filmane hans forsvinn dei sterkaste kjenslene i dette møte. Filmen er aldri keisam, den fengjer og held meg merksam, men likevel sit eg ikkje igjen med så mykje som eg skulle ønskje. Kritikk til side, Stiller og den kvinnelege hovudrolla i filmen, Greta Gerwig, har ein fin og klumsete kjemi.
7/10
IMDb: 6.3/10 (3,501 votes)
Etter å ha blitt kjent med Noam Baumbach som filmskapar gjennom «The Squid and the Whale» tilbake i 2006 var det knytt forventingar til den nye filmen hans som gjekk an å anskaffe på DVD (sone 1) allereie i i februar. No når kjem på kino her til lands gjer eg det som eg hoppa over i februar og skriv litt omkring den.
I hovudrollen som Margot har me Nicole Kidman, som i starten av filmen kjem til huset på øya der søstra held til med den noko spesielle ektemannen sin, spelt av Jack Black. Søstra (Jennifer Jason Leigh) og Margot har ikkje det beste søskenforholdet, samtidig som dei har andre personlege problem å stri med. Baumbach viste at kunne gjere dysfunksjonell familie til film med «The Squid and the Whale» (og har også bidrege i stor grad til manuset på Wes Andersons «The Life Aquatic with Steve Zissou» som på sitt vis handlar om familie), og prøver seg igjen her. Stjernene er på plass og det meste ser bra ut på papiret.
SÃ¥ har det seg sÃ¥nn at «Margot at the Wedding» blir litt enkel og behandlar temaet sitt for forsiktig, humoren som eg forventa gjorde sjeldan meir enn Ã¥ smÃ¥boble, sjølv om filmen har sine flotte augeblikk bÃ¥de her og i dramaet legg den seg nærmare den anonyme middelvegen enn Ã¥ trÃ¥ til med sporsettande episodar — kjenslemessig. Eg mislikte ingenting ved filmen, det er ikkje problemet, problemet er enkelt og greitt at dette blir for forsiktig og det skjer for lite i lengden.
6/10
IMDb: 8.0/10 (4,314 votes)
Bernard og Joan skil seg, Bernard flytta ut, og sønene Walt og Frank må dermed bu tysdag, onsdag, laurdag og annakvar torsdag hjå faren, og resten av mora. Etter det skjer det ein del rare ting, som kan vere på grunn av skilsmissen, eller som ville skjedd uansett. Måten dette blir servert på er som ein roleg komedie slæsj drama. Av den typen som eg er ganske glad i frå før. Så dette var ein film eg satte pris på. Og når Tangerine Dream dukka opp i bakgrunnen med Love On A Real Train, så kunne ikkje eg anna enn å smile breidd.
7/10