Sleepless in Seattle (1993)
søndag, mai 25th, 2008
Sidan eg likte «You’ve Got Mail» var det ingen veg utanom denne, som også er med Tom Hanks og Meg Ryan, samt regissert av Nora Ephron. Denne filmen er krydra av referansar til eldre filmar, først og fremst «An Affair to Remember» og omfattar geografisk avstand først og fremst. Hovudrollane har knapp interaksjon, så oppbygginga er ei kryssklypping av austkyst mot vestkyst, Baltimore mot Seattle. Hanks har ikkje fullt så mykje karakter som i sine beste filmar, men Ryan gjer seg utruleg godt på skjermen her. Det er mest vekt på drama og romantikk, så nokon skikkeleg gladfilm er det ikkje, utan at eg ser grunn til å trekke på det. At den er ganske så dialogprega, med god dialog, er styrken i denne så vel som den var i «You’ve Got Mail», så eg fann den ganske likandes.
Tom Hanks og Meg Ryan i fine «Du har fått epost» aka «You’ve Got Mail». Sjekka denne ut på bakgrunn av at det er ein adapsjon av «The Shop Around the Corner», som den andre fine filmen med James Stewart også er.
«Bewitched» er originalt ein TV-serie som starta opp i 1964 og gjekk 8 sesongar før det blei avslutta i 1972. Eg har aldri sett den serien, eller vore frista til det, for hekser eller ikkje, familiekomedie er og blir familiekomedie.