3 episodar.
Norsk miniserie frå 1978, sci-fi, NRK-produsert, av Jon Bing og Tor Åge Bringsværd, med Bjørn Floberg og Henny Moan, blant anna. Dette er ein både-og serie, den er både god og dårleg. God fordi det er eit potensiale i det meste, dårleg fordi det er halvt utført. Skodespelet er stivt som i norsk fjernsynsteater, dialogen er i overkant enkel og speglar tydeleg eit syn Bing og Brinsværd må ha hatt på publikum som dumme, dumme utan moglegheiter til å sjølv trekke parallellar og sjå løysingar. Men eg kjem ikkje frå at dette er eit ørliten bit spennande i blant, morosamt, har mange gode idear og like gjerne kunne ha vore ein film som ein miniserie. I blant inntilsittande romtrikot og bonderobotar er det eit snev av god historie.
3 episodar.
Forstå meg rett, det er ikkje fleire sesongar av denne serien, men her gjeld ingen unntak frå systemet!
2006 har vore eit Ibsenår, ei markering på at det er 100 år sidan Noregs (kanskje) største forfattar gjennom tidene gjekk bort. I denne samanhengen har NRK Drama produsert ein serie som tek for seg dei første leveåra til det moderne dramaets far. Frå 14-15 års alder og fram til han som 22 åring flytta til Christiania.
Dette skal visst vere ein av NRK Dramas høgare prisa seriar, og stiller med innleigde kostymer frå storebror i vest (England), HD-filming og asfaltutskifting. Filminga foregjekk forsåvidt over 72 dagar. Skildringa er den første som er gjort på livet til Henrik Ibsen, men blandar inn solide dosar oppdiktning ettersom det er lite stoff å finne om mannen sine tidlege leveår.
Sjeldan finn eg meg tålmodigheit til å følge ein norsk serie på TV, og tek eg ikkje feil er dette den første norske serien eg skriv om i bloggen. Men det er til gjengjeld ein solid norsk serie, og ikkje minst veldig interessant. Ein god grunn til å sette av tre kveldar på norsk rikskringskasting.
Sjølv om det er med eit knippe kjente ansikt som Sven Nordin, Kjersti Holmen og Bjørn Sundquist her, sÃ¥ vil eg gi æren til Anders Baasmo Christiansen, som for meg er eit kjent ansikt (andre kjenner han kanskje frÃ¥ «Ran» og «Buddy») — som saman med dei andre ukjente i framtrendande rollar klarar Ã¥ skape eit miljø som eg ikkje umiddelbart tenker pÃ¥ som eit norsk kjendistelt.