I ein film om pengar, makt, griskheit, innsidehandel og bedrageri er det heilt naturleg at ein Hollywoodfilm som denne vil moralisere og at karakterane vil få som fortent, ta til fornuft eller noko liknande. «Wall Street» mistar alt det mørke ved pengespelet og suksessjaget på grunn av dette, og blir for uskyldig for min smak. Visse krav bør ein kunne stille til ein tidlegare Oscarvinnar, og sjølv om eg aldri kjeda meg eller mislikte filmen, forventa eg meir. Charlie Sheen og Michael Douglas er på plass og leverer gode prestasjonar, filmen har eit flott 1980-talspreg, men ingen klassikarstempel her.
Det blir ingen langt innlegg om denne filmen. Folk veit kva film det er og kva den handlar om. Sjølv hadde eg låge forventingar til filmen, og det prega nok måten eg såg den på. Den kom for meg aldri over middels på skalaen, og drog litt ut i lengde. På ei anna side var den ikkje kjedeleg heller.
Eg klarte ikkje vere objektiv i forhold til «United 93», som var ei gledeleg overrasking når eg såg den. «World Trade Center» derimot fekk aldri fram nokon følelsar i meg. Eg blei berre sittande å ta innover meg alt saman utan å føle meg engasjert eller ubekvem.
Kva Oliver Stone prøver på i filmen er eg usikker på, han klarar iallfall ikkje å gjere det til eit stordrama. Om han berre skal gi ei vanleg skildring av noko som har skjedd, så klarar han det greitt nok.
Ein god film om Jim Morrison og The Doors, eit av favorittbanda mine, så det skulle berre mangle at eg ikkje skulle sjå denne filmen. Val Kilmer spelar sjefen sjølv, og det på ein god måte. Historien er godt miksa opp, og sidan Morrison var ein veldig fargerik karakter så er grunnlaget for ein dramatisk film god.
Musikken er sjølvsagt topp kvalitet, og om deler av filmen ikkje er ekte vare, så er det iallfall godt reprodusert. Eit must for fans av The Doors.
Dette må vere ein vits! 5.5 av 10 på IMDb er altfor mykje! Her er nokre av tinga eg mislika mest med filmen: Musikken, altfor storslagen i forhold til filmens innhald. Eg blei trøytt av det. Klypping går heile tiden, snapp snapp snapp, 1 sekund her og 1 sekund er, ein får aldri med seg noko i dei mest interessante scenene. Her luktar det MTV.
Historien er grei, eg har høyrt/lest den før, så ingenting var overraskande. Når det gjeld alt oppstyret rundt Alexander som homofil, så kan eg faktisk skjønne det, for det passar ikkje inn heilt. Det virka som dei berre har tatt det med for å lage oppstyr.
