Olsenbanden og Data-Harry sprenger Verdensbanken (1978)
(IMDb)

Den 9. filmen om Olsenbanden vart laga i 1978 og er ein av dei store publikumsfavorittane i serien. Dette er også den filmen, saman med «Olsenbanden for full musikk», som tek flest scener frå den danske filmen og limer rett inn i den norske. To av dei danske skodespelarane som er med er til og med dubba, det gjeld Bjørn Watt-Boolsen (Smith-Nilsen) og Karl Stegger (Vaktsjef i Verdensbanken). Ove Verner Hansen (Biffen) er med i denne filmen også, han er heldigvis ikkje dubba.
Denne gongen handlar det om ein korrupt diplomat, som på ulovleg vis har erverva seg 10 millionar dollar på sal av subsidiert fjellsmør til utlandet. Desse pengane skal vaskast reine i den norske avdelinga av Verdensbanken. Egon håpar å få tak pengane før dei kjem dit, men har ikkje rekna med Dynamitt-Harry. Han har vore i USA, og med underverda si hjelp har han gått omskuleringskurs og vorten forvandla til Data-Harry. Han veit no alt om datamaskiner og ny teknologi, og meiner at stetoskop og gummihanskar ikkje trengs for å gjennomføre eit kupp. Data-Harry har greidd å overtala Benny og Kjell til å verta med på laget hans, og dei er begge svært så engasjerte. Men då Egon set ein spikar oppi pluginntaket på datamaskina går heile datasystemet i stå, og Data-Harry vert rasande på bandemedlemmane og jagar dei på dør.
Dermed har Egon fått Benny og Kjell tilbake på laget sitt, og saman gjennomfører dei ein genial plan som gjer eit dei får tak i pengane. Så enkelt skal det derimot ikkje vera. Mester Hansen (Henki Kolstad) og Biffen vert sett på sporet av Egon og pengekofferten, og greier å ta pengekofferten ifrå han. Egon må då koma med ein ny plan for å få tak i pengane igjen. Pengane er no hamna i Verdensbanken, der dei skal vaskast reine. Ifølgje Egon er det ei overkommeleg sak, for det er ingen som veit kor lett det eigentleg er å bryta seg ut av Verdensbanken, når ein først har fått låst seg inn i banken om kvelden. Han får overtalt Data-Harry til å verta med. Datakunnskapane hans kjem godt med når dei skal bryta låsen og koma seg ut av Verdensbanken. I bakgrunnen lurer Mester Hansen og Biffen, dei har ikkje tenkt å gi seg utan kamp.
Sjølv om ein merker litt slitasje på skodespelarane og Olsenbanden-handlinga, er dette framleis Olsenbandenfilm av god klasse. Den første halvtimen er ikkje særleg mykje å skryta av, det vert mykje prat og krangling, heller lite handling. Så tek det seg opp, og me får Olsenbanden etter kjent mønster. Harald Heide-Steen Jr. gjer som vanleg ein god jobb, sjølv om det er som Dynamitt-Harry ein best kjenner han i desse filmane. Samspelet mellom Henki Kolstad og Ove Verner Hansen er også svært bra. Mester Hansen er på ein måte ein Egon ovanfor Biffen, der det er han som kjem med planane og ideane, og Biffen er den feite dansken som berre har å gjera som sjefen seier. Skulle gjerne sett dei to i samspel i seinare filmar også.
Eg må også ta med dei heftige bilforfølgingsscenene mot slutten av filmen, som er gjort på ein professjonell og artig måte. Olsenbanden og bilscener heng verkeleg saman, i denne filmen tok ein det fullt ut. Så får det berre vera at ein har «stelt» frå den danske filmen her også. Å vurdera denne filmen opp mot dei andre i serien er ikkje enkelt. Det er i grunn lite som skil denne filmen mot film nr. 6-8 i serien når det gjeld humor og filmkvaliet, dei følgjer alle eit mønster utan at filmane vert altfor forutsigbare. Og så er det jo artig å sjå att gode skodespelarar som gir alt i både hovud- og biroller. Det er såpass mange artige scener og dialogar i denne filmen, noko som gjer at den vert svært høgt verdsatt av meg.
Vurdering: 8 av 10


Etter eit nytt opphald på Botsen er Egon igjen klar med ein plan. Medan han har vore i fengsel, har millionane hans vorte omsett til gullbarrar som skal fraktast med tog til Sveits. Den småfeite dansken «Biffen» er sjølvsagt mannen bak. Men Egon har nytta tida bak murane godt. Han har pugga NSB sin rutetabell, slik at han kan manøvrera gullvogna dit han vil når den tid kjem. Som vanleg har han med seg Benny og Kjell på laget, og alt går etter planen heilt til dei skal lasta om gullbarrane frå panservogna til ein heller skrøpeleg lastebil Benny har kjøpt. Når alle gullbarrane er frakta over i lastebilen, skal stakkars Kjell hoppa over i lastebilen. Dessverre knekk heile lastebilen saman, så banden kjem ingen veg. Som vanleg kjeftar og smeller Egon på sine udugelege kompanjongar. Sjølv seier Benny at ein ikkje kan forventa all verdas lastebil for «en påsa med femtiøringer». Bak lurer rivalen Biffen, som har tenkt å ta seg av Egon på sin måte.
Dette er ein av dei mest morosame filmane i serien, mykje grunna eit godt manus og fleire artige situasjonar med banden i sentrum. Sjølv er eg ein stor fan av den danske rivalen «Biffen», spelt av Ove Verner Hansen. Filmserien trengde verkeleg ein slik karakterer, som kan kan verka både truande og morosam på ein gong. Kan ikkje sjå nokon norske skodespelarar som kunne ha spelt denne rolla på ein like god måte som Ove Verner Hansen. Flott at regissør Bohwim fekk med seg denne dansken i dei norske filmane og. Han har forøvrig spelt i flest Olsenbandenfilmar til saman, 16 i alt.
Film nr. 7 i serien inneheld sannsynlegvis dei mest kjende scenene i heile serien, nemleg kuppet i Nationaltheateret når banden må sprenga seg gjennom fleire veggar i kjellaren medan det danske gjestespelet Elverhøj pågår. Mange av scenene her er klippt rett frå dei danske filmane og limt inn i dei norske, truleg for å spara både tid og pengar. Den danske og norske filmen blei forøvrig spelt inn same året, i utgangspunktet var denne filmen meint å vera nr. 8 i serien.
Som vanleg er det ikkje noko å utsetja på skodespelarprestasjonane, alle leverar bra i sine etterkvart vande roller. Den kjende skodespelaren Helge Reiss gjer ei god rolle som baronen. Dette er siste gongen me får sjå Pål Johannessen som Basse, som har forandra seg ein del sidan han var med i den første filmen, og som endeleg er blitt vaksen. Mange held denne som den beste filmen i serien, mykje grunna dei geniale scenene på Nationaltheateret. Filmkritikarane kom med heller lunken kritikk, som nesten alltid elles. Dei meinte m.a. at filmen var for mykje dansk-prega. Utanom dei kopierte danske scenene frå gjestespelet, er deler av scenene på baronen sitt gods spelt inn i Danmark. Under har eg med linkar til dei kjende scenene på Nationaltheateret, og ein ser tydeleg likskapar i både dialog og klipp mellom den norske og danske versjonen. Legg også merke til dei mange hyggelege (he he) kommentarane frå danskane om den norske versjonen:
Filmen er altså ein av dei betre i serien, men om det er den beste er eg litt usikker på. Det er litt lite framdrift dei første 30 minuttar, før det etterkvart tek seg opp med scenene på godset og sjølvsagt kuppet på Nationaltheateret. Det er berre å ta av seg hatten for dei danske filmskaparane Bahs og Balling for at dei kom på denne geniale planen med at banden kunne sprenga seg gjennom veggane medan konserten føregjekk. Historien fortel at dei fekk skriva om deler av Elverhøj slik at det passa betre til sprengningane til banden.
Etter ein svak femte film i serien, var det duka for ein god «Olsenbanden»-film etter klassisk mønster. Alt tullet frå den forrige filmen er vekke. Då tenkjer eg først og fremst på uheldige sjangerblandingar, for lite fokus på sjølve banden og for lite framdrift. No er både spenningsdelen og den komiske delen gjennomført på ein betre måte. Denne gongen er det Knut Andersen som er regissør, og han gjer ein god jobb med å få filmserien tilbake på rett spor.
I film nr. 5 i serien dukkar Olsenbanden sine to største rivalar opp, Kongen og Knekten. Merkeleg nok har dei ikkje vore nemnde tidlegare… Det som er verre er at mykje går på tomgang i denne filmen, den verkar både rotete og lite samanhengande. Kongen og Knekten er forsåvidt to interressante figurar, men det er jo Olsenbanden og deira planar ein først og fremst vil sjå når ein ser ein «Olsenbanden»film.
Etter tre litt ujamne filmar i serien, var det endeleg klart for den første skikkeleg gode «Olsenbanden»-filmen. «Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok» er ei litt meir seriøs utgåve av banden, sjølvsagt med ein del komiske scener, men med betydeleg færre teite og amatørmessige scener som spesielt prega den første og tredje filmen. Samspelet mellom bandemedlemmane byrjar no også å fungera betre, og med ein Harald Heide-Steen Jr. i storform som Dynamitt-Harry vert det ein god del artige scener.
Det er ein del artige detaljar og scener i denne filmen. Ein av dei er at Hermansen denne gongen nyttar seg av vanlege Egon-uttrykk som «alt er taima og tilrettelagt» og «aksjon starter i morra tidlig» i sin eigen politiaksjon. Ein annan ting er måten Egon greier å koma seg inn på rommet der pengeskapet befinn seg, rett og slett genialt utført av bandesjefen sjølv. For ikkje å gløyma når han vert stengt inne på fryselageret i same bygning. For å få han ut derifrå må Dynamitt-Harry gå i gong med spregningskunstane sine. Nedtellinga til sprenginga føregår samtidig med politiet si eiga nedteljing til deira aksjon. Kort og greitt kan ein seia at både humordelen og spenningsdelen er vorten mykje betre samanlikna med dei tre første filmane. Etter det eg kan hugsa var det også denne filmen i serien som fekk best besøkstal på kinoen i si tid. Kan til slutt nemna at dette var den første heile «Olsenbanden»-filmen eg såg, og den fekk meg til å verta skikkeleg interessert i denne filmserien.
Med Knut Bohwim tilbake i regissørstolen var det klart for den tredje filmen om banden. I motsetnad til dei fleste andre filmane føregår det meste av handlinga utanfor Oslo denne gongen, nærare bestemt Stavern. Scenene inne i sjølve bunkeren vart spelt inn i det same studioet som den danske filmen, Valby Studio i København. Dette er forøvrig den eine av to filmar i serien der Sverre Wilberg (Hermansen) ikkje er med. Ein «Olsenbanden»-film utan Hermansen vert på ein måte ikkje heilt det same.
Eitt år etter den første «Olsenbanden»filmen, var det klart for film nr. 2 i serien, nemleg «Olsenbanden og Dynamitt-Harry». Som tittelen tilseier er dette det første møtet med sprengningseksperten og bror til Benny, Dynamitt-Harry. Dette er og første filmen med det orginale «Olsenbanden»-temaet laga av dansken Bent Fabricius-Bjerre, og det er berre å slå fast at musikken passar perfekt til ein filmserie som «Olsenbanden», så på det området er det ikkje noko som kunne vore gjort annleis.
Den første filmen om den kjende banden. Det vart til slutt laga 14 filmar om banden, den første i 1969 og den siste i 1999. Olsenbanden vart funne opp av dei to danskar, Erik Balling og Henning Bahs. Den første danske filmen vart laga i 1968. Den norske regissøren Knut Bohwim fekk sjå den danske filmen, og kom på ideen om å laga ein norsk versjon av den. Han fekk med seg filmteamet Team Film A/S, og dermed var det den norske filmserien i gang.
(2 hittil)