Tommy er ein kristen ungdom. Han har vore i lag med Maria i tre år, og ho har lyst å ha sex. Tommy synst dei skal vente til dei har gifta seg. Problem oppstår.
Ove Raymond Gyldenås har skrive manus og regissert ein frisk ungdomsfilm med Tommys inferno. Tittelen er ein referanse til Dantes inferno, og handlinga har visse likskapar, utan at det er overdrive. Dette nikket til eit klassisk verk, samt ein utradisjonell vri, ved å setje ein ung gut i hovudrolla, som vil vente før han har sex, er gode sider ved filmen.
Som ungdomsfilm er dette både komedie og drama, der den første biten er det som er mest vellykka. Dramaet utviklar seg i litt for dramatisk retning, og spesielt depresjonen Tommy søkk ned i, blir vanskeleg å svelgje, utan at eg skal røpe meir.
Persongalleriet er rikt på ulike typar som lett passar inn, utan å verke overflødige for handlinga. Bakgrunnen for vala i livet til Tommy er stort sett godt grunngitte, og sluttresultatet er ein samansett film. Den når ikkje heilt opp, av di den ikkje er truverdig nok med dei mest seriøse tema sine, men den treff absolutt med komedien.
