Også kjent som «The Eye 2». Kva skal eg sei? Filmen var nok ganske annleis enn den første. Her var det ingen blind kvinne eller jente, men hokjønnet i hovudrolla kunne likevel sjå døde folk. Heile filmen var litt sløv, ikkje så mykje skjedde. Kamera og musikken var godt kontrollert, og skapte i lag dei einaste ekle scenene i filmen.
Også kjent som «The Eye». Denne filmen var meir drama enn horror, for å få det stadfesta. Grunnen til at eg ville sjå den var fordi eg trudde det var ein skummel film, men mengden av skumle scener blei for liten. Filmen når derfor ikkje opp på høgde med «Ju-On: The Grudge» 1 og 2 eller «A Tale of Two Sisters».
