GRΣΣK

4 sesongar, 74 episodar.

GRΣΣK har eg blogga om tidlegare, etter sesong 1, sesong 2 og sesong 3.

Ein noko amputert sesong 4 viser at skaparane har hatt problem med å få den nødvendige framdrifta og dei spennande historiane, etter at college-eventyret er slutt for minst halvparten av dei sentrale karakterane i serien.

Det har aldri vore tvil om at ambisjonsnivået til GRΣΣK har vore lågt. Ungdom, drama, festing og uskuldig moro har vore poenga serien har dreia seg rundt, og horisonten har aldri vore lengre vekke enn eit par episodar. Dette har vore litt av sjarmen ved GRΣΣK, og har blant anna blitt teke ekstra ut gjennom karakteren Cappie som lever for den ansvarslause fridomet i brorskapet Kappa Tau.

Men enkelt kan ha sine avgrensingar, og formatet til GRΣΣK var ikkje laga for å leve evig, til det spelte intrigane mellom dei sentrale karakterane for stor rolle. Når desse hadde spelt ut si rolle var det lite nytt å hente. Over åra blei dei vaksne nok til å bli usårbare mot nye problem, og sesong 4 var ikkje mykje meir enn eit bevis på dette, og bonusmateriale.

Stort meir om GRΣΣK er det ikkje å sei, som ikkje har blitt sagt i tidlegare innlegg. Som dei fleste seriar, spesielt ungdomsseriar, var dei første par sesongane best og fekk sagt det meste.

GRΣΣK sesong 3

20 episodar.

Då eg har skrive om dei to førre sesongane til GRΣΣK ved tidlegare anledningar, blir spørsmålet i dette innlegget kor vidt serien held seg. Men først ei kort oppsummering av tenåringssåpe til ABC Family. (Les vidare under bildet).

Serien dreiar seg omkring medlemmane i tre bror- og søsterskap på Cyprus-Rhodes University. Relasjonane desse i mellom kan nok best skildrast som ei dramasåpe, men serien har store mengder av komedie i seg. Avstanden til den klassiske collegekomedien på film er sånn sett så kort at fokuset på drama til tider blir utviska. Dette er positivt då serien, i likskap med andre ungdomsseriar (og dramasåper generelt) repeterer seg sjølv nok gonger.

Tredje sesong leverer som forventa nokolunde det same som dei førre. Det er festing, konfliktar mellom brorskapa og kjærleiksdrama i store mengder. Serien forsøk å løyse konfliktar og slå seg til ro med sentrale forhold, der spenninga har vore tydeleg i serien over lengre tid. Men endå er det lenge igjen før alle relasjonane er oppbrukt, og serien gir ikkje, trass i repeterande handlingsstrukur, inntrykk av å gå på tomgang endå.

Med unnatak av nokre episodar i byrjinga av sesongen, som på sitt beste var greie nok, er GRΣΣK ein stabilt god ungdomsserie. Erfaringa mi med ungdomsseriar er at mange av dei beste har brukt opp potensielle kjærleiksforhold allereie etter første og andre sesong, og dermed lid sterkt når dei skal hale ut fleire sesongar på suksessane sine. GRΣΣK har aldri nådd opp til eksempelvis nivået første sesong av The O.C. haldt, men viser langt større driv enn The O.C. gjorde etter tredje sesong.

GRΣΣK sesong 2

22 episodar.

greek2«GRΣΣK» held fram med ungdomsforhold som går hit og dit, men det er brorskapsdisputtane som veg opp og gir serien særpreg. Eit par skikkeleg dølle karakterar, nokre sterkt metta fargeklattar og mange spreke birollar utgjer ein typisk collegekomedie, som fungerar i lengden som TV-serie. Serien tek seg uhøgtidlege friheiter som kjem framdrifta og ikkje minst fantasirike, episodiske handlingsforløp til gode. Lett å bli hekta på, ikkje den djupaste eller beste serien, men ein som går det meste anna tenåringsdrama til gangs. «GRΣΣK» er ein liten sommarfavoritt som forhåpentleg held det gåande eit par år til. Morosam og lett fordøyeleg.

GRΣΣK sesong 1

22 episodar.

Utvalet av seriar om ungdom i highschool-alderet har generelt vore stort, tenÃ¥ringssÃ¥per har det med Ã¥ starte mens hovudrollane skal vere rundt 16 Ã¥r. For dei lengstlevande seriane har college ofte blitt ein vag ting, der mange seriar vel Ã¥ utvide med eit friÃ¥r og liknande («The O.C.») eller rett og slett gjere college til ein nærmast ikkje-eksisterande del av kvardagen («Smallville»). Her finst sjølvsagt unntak, «Dawson’s Creek» for eksempel forkasta i stor grad heile miljøet og flesteparten av dei vaksne karakterane nÃ¥r gjengen samla seg rundt Boston. «GRΣΣK» har valgt ein anna strategi enn desse seriane og tek utgongspunkt i college.

Søskenparet Rusty og Casey Cartwright er dei personane me møter først, Rusty som den ferske collegestudenten med lysta til Ã¥ «rushe» eit fratenity og Casey som den allereie sororityetablerte eldre søstra. Ut frÃ¥ desse blir me kjente med enkelte folk i stort sett tre ulike «hus», Kappa Tau Gamma (ΚΤΓ), Omega Chi Delta (ΩΧΔ) og Zeta Beta Zeta (ΖΒΖ) — alle oppdikta studenterforeningar pÃ¥ det oppdikta Cyprus-Rhodes University.

«GRΣΣK» sitt utgongspunkt byr pÃ¥ mengder med lettare drama, mykje ungdommeleg humor og stort sett fullt køyr. Det som gjorde meg vidare interessert i Ã¥ følge med pÃ¥ dette var dei stadige feidane mellom fraternityhusa ΚΤΓ og ΩΧΔ, framstillinga av dei fleste som karakterar framfor urealistiske stereotypar og den eine og andre godt plasserte spøken som dukkar opp undervegs. Skal eg trekke fram ei yndlingskarakter blir det utan tvil sjefen for «Purity Pledge», den sterkt kristne Dale med sørstatsflagget hengande over senga. Dale, spelt av Clark Duke — eit heller ukjent namn for mange, god venn av Michael Cera (dei laga blant anna ein webserie i lag) og cameo/birolle i Cera-filmen «Superbad». Michael Cera er forresten han tynne i «Superbad», eller George Michael frÃ¥ «Arrested Development» — eg gir meg der med forklaringa. Uansett, Dale er nok seriens friskaste karakter ettersom han stÃ¥r ganske Ã¥leine som motsetning til alle dei andre, han er derimot ikkje forbi truverdig og fÃ¥r fram mange gode poeng. Cappie (Scott M. Foster) er nok blant serien sine friskaste festmenneske, men skil seg ikkje sÃ¥ ut frÃ¥ fleirtalet.

Det er klart ganske tidleg at «GRΣΣK» ikkje nødvendigvis vil noko stad, det er ein dramaserie av typen som kan holde på i 3-4 år, kanskje meir viss den kosta lite og sel seg sjølv godt nok. Å vite at «GRΣΣK» handla om enkel moro og kvardagsdramatikk (av typen amerikansk tv-drama er kjent for) er på mange måtar nok i denne samanhengen.